06 juni, 2007

SOMMER, SOMMER, SOMMER!!!!



No kom endelig sommeren! Den kom for fullt med en einaste gang. Sol og varme fra skyfri himmel i ei heil veke! DET er deilig.

Når vêret er slik så må eg heilt ærlig innrømme at eg koser meg ekstra når vi har bekjente som er i syden for å få litt sol og varme! Vi har jo hatt det like varmt her. Og er blitt minst like brune på dei fjorten dagane dei har vore på tur.

Så no, når den verste svien fra solbrendt hud har gitt seg, så berre nyter vi dagane og koser oss ute i hagen.
Trond er heime for tida. Han venter på ny brokk-operasjon og er sjukmeldt inntil den er overstått. Så dermed blir det ingen pappapermisjon på han likevel.Han skulle jo ha den no i juli. Planen er å ta den igjen neste år i forbindelse med sommerferien. Lite vits i å ha pappaperm når Bendik har begynt hos dagmamma (Trond hadde nok syns at det var heilt flott).
Her i røverhuset har vi flytta alle prosjekt ut for sesongen. Vi har bygd endå ein altan. Utforbi soverommet vårt. Men vi kjem oss ikkje opp på den før om lenge, for vi har ingen altandør ut fra rommet vårt. Det kjem vel eingong...
Vi har og fått åtte paller med stein til å lage mur. Men siden Trond er blitt dårlig, så kan det se mørkt ut for muringa i sommer. Han klarer ikkje å gjere så masse, og eg slepp ikkje til. Sikkert like greit, for eg er ikkje akkurat nåkken murmeister.

Ungane har sådd frø over heile tomta. Litt blomster her, og litt blomster der. Det er veldig spennande å sjå i molda kvar dag om det begynner å sje nåkke. No etter at det blei så fint vêr så har det begynt å komme små spirer opp, og då blei det stor jubel. Så får vi sjå ka det er vi har planta...

No er det heldigvis ikkje lenge til sommerferien på skulen begynner. Då slepp vi å stå opp tidlig kvar dag. Det er min største plage. Eg er så treg å komme meg opp. Men det er jo fordi det er så koselig å sitte ute og slappe av om kvelden og då blir det alt for seint i seng.



Men før skulen tek fri så er det avslutningsfester både her og der. Vi begynte i dag. Med Solsikkefest i barnehagen. Ungane har gleda seg veldig og vi hadde det veldig kjekt sammen i barnehagen i dag.

På fredag er det sommerforestilling på kulturskulen, søndag er det konsert i Stavang og så er det litt aktiviteter med klassen til Adrian, og så håper eg det er ferie!!!!

Men no skal eg ut og drikke meg eit glass Cola og klaske litt mygg før eg legg meg!

God sommer, folkens!