Dette er min blogg om livet i Røverhuset. Her deler eg litt forskjellig av det som opptek meg til ei kvar tid. I Røverhuset bur det to voksne og fire barn.
22 desember, 2009
visst skal jula komme....
Dei siste dagane har gått med til juleforberedelser. Vi har fått handla mat og presanger og det meste av huset er pynta og fiksa. Så no kan svigermor og jula bare komme.
I år har eg fått skikkelig julestemning. Lørdag bøtta det ned med snø og den har fått ligge i fred. Det ser faktisk ut som om det skal komme meir snø på julafta ;)
Snø er veldig koselig no når det er jul, men det er likevel ei plage når det ikkje er mulig for dei som brøyter å gjere en skikkelig jobb. Det burde ikkje vore umulig å få dumpa snøen på sjøen slik at vi slapp dei enorme brøytekantane i byen. Men det er visst ikkje så enkelt...
I morra har eg fullt program. Svigers og frode kjem og då må gjesteromma ordnast. Så er det den "O store" julekonserten i kirka. Det blir skikkelig koselig som alltid. Har vore hos kristin og lytta på opptaket som blei gjort på generalprøven i går, og det låter faktisk veldig flott. En julecd å være stolt av. Men no skal eg gjør litt meir av alt som skal gjøres og så skal eg legge meg og drømme søtt...
18 desember, 2009
Det er jo juleferie ;)
I dag begynte dei to eldste på juleferie. Då kan eg nyte min ferie også. For det er ikke skikkelig ferie dersom en likevel er nødt til å ha på vekkerklokka om morran. Og no skal ikkje den på før til neste år! Det var to glade barn som kom fra skulen tidlig i dag. Mette og gode etter å ha laga julefrokost med klassane sine. Så då gjer det ikkje så masse om det var mykje styr før dei kom seg avgårde i dag. Julefrokost er elevane sitt eige prosjekt. Dei blir delt inn i grupper og så skal dei dekke og finne ut kva dei treng på kvar sine grupper. Så i dag måtte vi steike rundstykker og lage saft, koke kakao og egg. Ellers så hadde dei med seg kjeks, pepperkaker, mårpølse, nugatti og kopper, duker, lysestaker og kongerøkelse. Eit deilig kaos klokka 07.00 ein fredags morgen. Mette og gode blei dei no i allefall.
Så no skal vi sette oss godt tilrette i sofa'n og sjå historien om julenissen og det gleder vi oss til alle, sjølv om det er alt for seint. Men det er jo ferie ;)
17 desember, 2009
Der nærmer seg fort no...
16 desember, 2009
Juleferie!!!!!
Venner er som engler, som løfter oss opp på våre føtter,
14 desember, 2009
Den som venter på nåke godt...
Eg venter på jula.
Eg venter på at huset mitt skal rydde seg sjølv.
Eg venter på at ungane skal klare å rydde opp etter seg.
Eg venter på at eg sjølv skal klare å holde orden.
Eg venter på at arbeidslysta skal komme.
Er det rart ventetida er lang?
Dette er vel en grei beskrivelse av tingenes tilstand i Røverhuset. Det er masse som skal gjøres, men lite blir gjort. Det føles litt som å måke snø i snøstorm. Uansett kor eg rydder og vasker så er det en eller annen røverunge som går etter meg og lager kaos. Mi einaste trøst er at en eller anna gang vil eg muligens savne at dei rota rundt meg... Sjølv om eg trur det blir VELDIG lenge til. Men rett skal være rett. Eg har faktisk vore i Fretexkontaineren med 26 poser med tøy i dag! Og så har eg rydda matbua. No er det faktisk plass til å ha mat der. Godt er det, for då kan vi ha julekakene der nede. Hvis ikkje trur eg det er stor fare for at det er lite kaker igjen når jula begynner... I dag hadde eg egentlig tenkt å lage karameller, men tida strakk ikkje til, så det får eg sjå om eg klarer å få til i morra. Eg skal ikkje lage så veldig masse til jul. Litt konfekt og litt gjærbakst, men ellers svært lite.
Så konklusjonen min for dagens blogg er: Brett om skjortearmane, finn fram vaskebøtta og kom deg opp av sofa'n. Det er snart jul, og om nåke skal bli gjort må du gjør det sjølv... Så det får eg gjør. No skal eg sove på det til i morra.
13 desember, 2009
Lys i mørketida.
Snøen ligg, tung over frossen jord,
Dagen er borte og natta er stor
Det har jo vore den store lysdagen i dag. Sjølvaste Luciadagen.
Eg og Kristin har hatt avslutning med sangelevane våre i dag, og den begynte vi nede på omsorgsenteret med eit vakkert Luciatog. Dei var så skjønne der dei gjekk i gangane og sang Luciasangen nesten 100 ganger (det føltes i allefall slik).
Det var rørande både for gamle og unge...
Eg hadde jo planer om å få laga Lussekatter i dag, men den planen gjekk i vasken. Det har vore så masse i dag. I tillegg til avslutning med elevane har Adrian vore på Amfi og dansa. Han er med i ei guttegruppe med dansere som kulturskulen har og dei er berre råkule. I dag har dei framført sin hyllest til Michael Jackson. Så Lussekatter blir det ikkje i år. Men eg har laga ferdig mine deilige Sarah Bernard. Og eg er svært glad for at eg dobla oppskrifta. Av en eller annen grunn så blir det færre og færre igjen av dei. Ingen har vore i kjøleskapet og tatt, så eg skjønner ikkje kor dei blir av. Eg trur eg må gøyme dei på en lur plass som berre eg veit om... eller kanskje ikkje... gode blei dei i allefall. Ingen tvil om det.
I dag har eg funne ut at om vi skal ha nåken som helst mulighet for å klare å bli ferdig med huset til jul så må vi lage oss ei liste. Det er ikkje så masse som skal gjørast, men når vi ikkje klarer å bli enige om kva som er viktig så er det litt vanskelig å bli ferdig. Eg vil ha orden i dei romma vi er i, Trond vil lakke golvet i kjelleren... Vi får sjå kem av oss som vinner ;) Er det ikkje innenriksministeren som bestemmer slikt?
No er vi ferdig med nesten alle juleavslutningane her i familien. Det er berre avslutninga til Marthea sin klasse igjen. Den skal være på tirsdag og ho gleder seg veldig til det. Ho skal spille skuespill og synge og ho styrer så voldsomt at det er godt det snart er over. Adrian sin klasse skal ikkje ha avslutning med foreldre. Dei skal lage julefrokost i klassen og kose seg sammen siste dagen før ferien. Det syns eg er en god ide. Det kan bli litt masse avslutninger no før jul. I allefall for oss som har fire unger. syns alle desse avslutningane gjør til at det blir masse unødvendig stress og mas i førjulstida. Men samtidig skjønner eg jo at dei fleste vil vise fram litt forskjellig for foreldre og venner. Det er jo derfor kulturskulen har forestilligner og avslutninger. Det er veldig kjekt, men også godt når det er over.
Men no er det bare elleve dager igjen til jul, og snart skal engler dale ned i skjul ;)
Ha en fin kveld og ei god natt ;)
12 desember, 2009
Det skal bli andre bollar når papen kjem heim...
Det er faktisk ikkje så mykje nytt som har hendt i Røverhuset siden sist. Røverpappa har komt heim (kanskje ikkje så rart eg har hatt andre ting å ta meg til enn å blogge), og det har vore øving til julekonserten. Lillejulaftakonserten er i rute og det er bare å gjøre seg klar til ei deilig og stemningfull tid i kirka lillejulafta kl 21.00 og kl 23.00.
Vi fekk ei god nyhet i går. I allefall er den god enno så lenge. Simon og pappa'n har gått ut av kirkeasylet og har levert ny asylsøknad i Oslo. Så no får vi bare krysse alt vi har for at UDI realitetsbehandler saken deira og at dei kan få ro og fred til å ha eit godt liv i Florø. DET hadde vore ein fantastisk julepresang.
i gårkveld var eg på Hagen. Det var veldig kjekt. Dei har åpna igjen og dei som eiger skal drive sjølv. Eit godt tiltak trur eg. Det blir meir samsvar mellom det ein tenker og korleis det blir sett ut i livet då. Uansett veldig bra at det opna igjen.
I dag har eg egentlig planer om å lage litt julegodt. Men eg kjenner eg er litt tregstarta i dag etter en tur på byen i går... Får finne litt startgass og komme meg igang.
Ha en fin juledag og ikkje stress, for vi skal jo ha stressfri førjulstid ;)
09 desember, 2009
Du skal få en dag i mårå...
I dag var det siste undervisningsdag på kulturskulen før jul. I allefall for min del. Neste veke er det evaluering og planlegging. Det er litt rart at det snart er jul. Syns liksom at sommerferien nett er over. Tida flyr så fort at eg nesten ikkje klarer å henge med. Det er bare å holde seg godt fast.
Heldigvis snur sola snart og då blir det sommer før en aner ordet av det.
For første gang på veldig mange år føler eg at eg er i forkant når det gjelder julepresangane. Har fått handla dei aller fleste og dei eg ikkje har handla er ferdig planlagt. DET er jo den verste jobben. Dette var jo et av dei tinga eg hadde på lista mi over forbedringer fra i fjor, så då kan en vel sei at eg har lært litt...
Men no har eg ein liten slakk og snørrete klump liggande på sofa'n. Plutselig så slo kruppen inn igjen og det blir masse snørr og tårer. Så no skal eg få han med meg ut i senga og så får vi bare håpe det blir nok søvn i natt...
Natta...
07 desember, 2009
Dancing queen and dancing king
Dagen i dag blei litt meir hektisk enn eg hadde tenkt. Plutselig blei eg med Kristin til Førde og då fekk eg ikkje gjort alt det eg hadde tenkt, men en koselig førdetur blei det og så gjekk eg rett på jobb igjen etterpå. Var bare fem minutt innom røverhuset og henta dei to eldste ungane før eg kjørte dei på generalprøve til danseforestillinga deira i morra. Det er så kjekt at eg hat to som er så glade i å danse! Spesielt kjekt er det at Adrian ser ut til å være heilfrelst. Han spurte om å få lov til å begynne på ei dansegruppe til!
I morra er det forestilling og det gleder eg meg veldig til! Adrian er med i ei guttegruppe og dei skal danse til "Billie Jean" av Michael Jackson. Han er så kul her han moonwalker rundt i huset i dress, hatt og en kvit hanske.
Marthea skal danse til Jingle Bells og ho gleder seg nok om mulig like masse eller meir enn Adrian. Det er så deilig å se at dei ikkje har det snev av nerver. Dei berre gleder seg!
Når danseforestillinga i morra er ferdig har vi bare ei skuleavslutning igjen og så er det julefri og vi kan gjør bare det vi vil. Då kanskje vi får tid til å bake litt meir og å gjør julehuset vårt heilt ferdig. Eg vil så gjerne at heile huset her skal være et julehus...
Men no skal eg ete litt meir smågodt før eg skal krype opp i senga mi og lese litt meir i den fantastiske boka mi...
06 desember, 2009
Etter den søte kløe, kommer den sure svie...
Vi har ellesr hatt en sløvedag i dag. Fyr i ovnen med ei god dose Kongerøykelse oppå har gitt ei deilig julelukt i huset. Julemusikk har vore på "anlegget" i heile dag og ungane har vore ute og leika. Det er deilig med dager kor ingen plan er planen og når en i tillegg klarer å la vær å ha dårlig samvittighet for alle skulle-burde, så kan det ikkje bli meir perfekt.
Veka som skal begynne no blir ei veke med full rulle. Generalprøver og forestillinger for dei to største og så kjem Trond heim. DET gleder vi oss til alle mann (og damer). Det å være aleine med ungane går veldig bra, men eg syns det er trist at han går glipp av både kulturskulekonserten og danseforestillinga som dei er med på. Men slik er det berre. Godt vi har opptak å sjå på.
I morra tenkte eg å prøve meg på å lage sjokoladetrøfler. Dei ser så deilige ut. Hvis en eller annen har erfaring med å lage slike så legg gjerne igjen litt tips til meg. Eg må prøve å lage litt julegodt i år siden det kan se ut som om det blir storfamiliejul på oss i år. Skal feire sammen med mamma, pappa og Eirik, Svigers og Frode og muligens bestemor og bestefar på Takle. Tenk så heldige ungane er som får samla besteforeldre og halvparten av oldeforeldrene sine på julafta. Masse folk og det er kjekt.
Så då bør eg vel prøve å få gjort ferdig resten av jula her i huset...
Godt Trond kjem heim snart ;)
Et lite bilde av julestemningen min ;)
03 desember, 2009
Det såg ut som du trengte å kvile litt...
Når en har fire barn og er gressenke i perioder er det en utfordring å få nok tid til en og en unge. Sammen er jo heile flokken på ettermiddagane og det er veldig koselig, men nåke eg ofte savner er å ha tid til å være sammen med en og en. Det har eg fått tid til i dag.
Eg og Torje har kosa oss masse sammen. Vi begynte dagen etter at dei tre andre var komt seg på plass i barnehage og på skulen. Vi begynte med å se gårsdagens og dagens episode av "Jul i Skomakergata". Vi krølla oss sammen i sofa'n og tok teppe på oss og så såg vi på skomaker Andersen. Vi skulle jo bare se dei to nevnte episodane, men eg sovna og våkna ei stund etterpå. Då var torje ferdig med fire episoder... jaja. I morra blir det ikkje tid til det, så det er aldri så gale at det ikkje er godt for nåke... Eg spurte Torje om korfor han ikkje hadde vekt meg og då svarte han: "Fordi det såg ut som du trengte å sove litt vel..." Omtenksom liten skatt eg har.
Etter at vi hadde klart å komme oss ut av sofa'n var vi en tur på førskulekontroll på helsestasjonen. Det var litt rart. Plutselig gjekk det opp for meg at vi faktisk har endå en skulegutt til høsten. Torje som alltid har vore vår lille klump er i ferd med å bli stor.
Etter førskulekontroll var det tid for høgdepunktet for Torje. Han og eg skulle på jobb! Siden vi har brukt dagen på å rigge scena til konserten i morra fekk Torje være med meg på jobb og han har fått jobba med litt forskjellig. Det toppa seg når han blei med på loftet og fann en kornett... Han blåser og lager masse lyd. Det har vore en kjekk dag både for han og meg.
Resten av dagen min har gått med til generalprøve til konserten. Den tar som vanlig masse tid, men vi blir bedre og bedre gang for gang. Masse unger og instrumenter som skal være på rett plass til rett tid. Et fantastisk spennande og gjevande arbeid!
Men en lang dag tar på og sjølv om dette er veldig kjekt så blir det godt å være ferdig på fredag kveld. Då er det "bare" avslutningar på rekke og rad... Men det er jo også koselig.
Så no skal eg innta bingen og prøve å sove meg gjennom ei heil natt. Får håpe på at ungane også har tenkt på å sove seg gjennom heile natta...
Eg vil avslutte dagens blogg med et nydelig dikt..
Barneøyne
Du kommer inn med våte kinn
og sol og regn er dagen din
Du søker trøst i mine armer
Jeg tørker dine tårer bort-
og alt det dumme glemmes bort
Du, er like god som alle andre
Lille venn du er full av sjarm,
øyne som ler og en hud myk og varm
I en verden av sol og regn
lever et håp i barneøyne
Et lys bor i et barnesinn
hvor mørke slippes sjelden inn
Det er så mye du kan lære meg
Mitt hjerte banker varmt for deg
når du står foran livets vei
Hvor går din ferd i denne verden
Lille venn du er full av sjarm,
øyne som ler og en hud myk og varm
I en verden av sol og regn
lever et håp i barneøyne.
02 desember, 2009
"Ha'kke tid...."
I dag hadde vi felles øving for sangelevane. Fredag er det konsert og konsertstresset begynner å melde sin ankomst. Noter som mangler og barn som er forvirra... Akkurat slik vi liker det og det er travelt og det skal det være. Så kan vi slappe av etterpå. Eg er berre så glad for at eg får lov å være en del av dette. Kan du tenke deg nåke bedre enn å være en del av barn og unge si kulturopplæring? En ære er det. Eg er så glad eg valgte dette!
I dag fekk eg tak i to julegardiner til. Har hengt opp i stua og kom plutselig på at eg mangla i gangen. Heldigvis hadde dei to til på Europris så no er det rødt i alle vindu... nesten. Men no er det nok rødt. Det er greit det er jul, men det kan bli for masse.
Eg lurte på om eg skulle prøve meg på ein ny kakesort i år... Sara Bernard. Har hørt så masse snakk om desse kakene at eg begynner å bli nysgjerrig. Men eg har forstått at det er eit tidkrevande arbeid å lage dei. Mulig eg må ta helga til hjelp. Om nåken veit korleis en lagar det så send meg gjerne ei oppskrift og en komentar på kor gode dei egentlig er. Må jo være nåke spesielt når folk lager seks og sjudobbel porsjon...
Vi får sjå om det blir. Eg hater og sei at eg har dårlig tid no før jul, men eg har også lært at en ikkje skal lyge, så då får eg berre innsjå at eg må senke kravene litt.
Nei, no har eg visst lirt ut av meg nok fjas. Eg får finne bingen og håpe på at det er litt lettere å stå opp i morra... Eg liker ikkje å stå opp!!! Og heller ikkje å legge meg...
"Den som ikkje drømmer, har ingen drømmer som kan gå i oppfyllelse"