Snøen ligg, tung over frossen jord,
Dagen er borte og natta er stor
Det har jo vore den store lysdagen i dag. Sjølvaste Luciadagen.
Eg og Kristin har hatt avslutning med sangelevane våre i dag, og den begynte vi nede på omsorgsenteret med eit vakkert Luciatog. Dei var så skjønne der dei gjekk i gangane og sang Luciasangen nesten 100 ganger (det føltes i allefall slik).
Det var rørande både for gamle og unge...
Eg hadde jo planer om å få laga Lussekatter i dag, men den planen gjekk i vasken. Det har vore så masse i dag. I tillegg til avslutning med elevane har Adrian vore på Amfi og dansa. Han er med i ei guttegruppe med dansere som kulturskulen har og dei er berre råkule. I dag har dei framført sin hyllest til Michael Jackson. Så Lussekatter blir det ikkje i år. Men eg har laga ferdig mine deilige Sarah Bernard. Og eg er svært glad for at eg dobla oppskrifta. Av en eller annen grunn så blir det færre og færre igjen av dei. Ingen har vore i kjøleskapet og tatt, så eg skjønner ikkje kor dei blir av. Eg trur eg må gøyme dei på en lur plass som berre eg veit om... eller kanskje ikkje... gode blei dei i allefall. Ingen tvil om det.
I dag har eg funne ut at om vi skal ha nåken som helst mulighet for å klare å bli ferdig med huset til jul så må vi lage oss ei liste. Det er ikkje så masse som skal gjørast, men når vi ikkje klarer å bli enige om kva som er viktig så er det litt vanskelig å bli ferdig. Eg vil ha orden i dei romma vi er i, Trond vil lakke golvet i kjelleren... Vi får sjå kem av oss som vinner ;) Er det ikkje innenriksministeren som bestemmer slikt?
No er vi ferdig med nesten alle juleavslutningane her i familien. Det er berre avslutninga til Marthea sin klasse igjen. Den skal være på tirsdag og ho gleder seg veldig til det. Ho skal spille skuespill og synge og ho styrer så voldsomt at det er godt det snart er over. Adrian sin klasse skal ikkje ha avslutning med foreldre. Dei skal lage julefrokost i klassen og kose seg sammen siste dagen før ferien. Det syns eg er en god ide. Det kan bli litt masse avslutninger no før jul. I allefall for oss som har fire unger. syns alle desse avslutningane gjør til at det blir masse unødvendig stress og mas i førjulstida. Men samtidig skjønner eg jo at dei fleste vil vise fram litt forskjellig for foreldre og venner. Det er jo derfor kulturskulen har forestilligner og avslutninger. Det er veldig kjekt, men også godt når det er over.
Men no er det bare elleve dager igjen til jul, og snart skal engler dale ned i skjul ;)
Ha en fin kveld og ei god natt ;)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar