29 mai, 2006

Vel overstått

Då var det store bryllupet overstått. Kjekt mens det står på, men FY SØREN kor trøtt eg er i dag!!!! Kjennes ut som om eg har vore på stupfylla. Det var ein fantastisk dag, men det er også godt å være ferdig med den. Bruda var nydelig, og det var jo brudgommen også. For å sei det med Marthea sine ord: "Kjolen til ho tante ser ut som ei stor dyne!" Den gjorde vel egentlig det, men den var fantastisk flott. Vi har i allefall kosa oss veldig alle sammen.

Utenom bryllup så er det vel ikkje så masse som har skjedd med oss i Røverhuset. Vi venter på sol og varme. Vi går snart inn i juni og då vil eg ha meir enn 8 grader!!!!

Dette blei ei lita oppdatering, men nåkken må jobbe... Fritimen min er over.

Snakkes!!!

22 mai, 2006

Forandring fryder!

Klare for en aldri så liten oppdatering?
Det er vel egentlig ikkje så masse å oppdatere, men litt tullprat kan vel ikkje skade.
Vi i Røverhuset går ei hektisk veke i møte. Nina og Tommy skal gifte seg på lørdag og dermed er det masse som skal fiksast og ordnast. Sanger skal kopieres og innøves...
Trur eg har alt mitt under kontroll, men en skal aldri sei aldri.
Mitt største problem har vært at dei klea som eg kjøpte for en mnd siden som eg skulle ha i bryllupet, dei er blitt for små!!! Og finklær med plass til en stor mage i er ikkje enkelt å finne. Dvs. eg kan jo kjøpe meg en mammakjole til over tusenlappen, men DET gjør eg ikkje. Skal jo ikkje ha fleire, så det blir berre tull. Trur eg har funne meg en kjole... Merkelig nok så har trond sin dress krympa i skapet. Det oppdaga vi 17. mai, så då må vi vel til Førde i dag for å finne en ny. E'kje det det eine så e det det andre, seier no bare eg...

Ellers så har det skjedd store ting utenfor Røverhuset. Vi har hatt besøk av ei gravemaskin i ei heil veke, og den har forandra tomta til eit skikkelig parkanlegg! Så no er snart hekken komt godt i jorda og det er berre å begynne å plukke stein (ja, dåkke e hjertelig velkommen til å være med å plukke, alle som vil). Har lovt ungane 1 krone for kvar stein dei plukker... Oppdaga i går at det kan bli dyrt for meg... Men,men. Kjenner eg dei rett er det ikkje lenge dei gidder å plukke likevel. I tillegg har vi fårr DEN enorme parkeringsplassen. Har faktisk problem med å bestemme meg for kor eg skal parkere... Før var det ingen alternativ, men no har vi eit hav av alternativ og det kan jo by på problemer i et tåkete hode c,")

Så sånn er ståda hos oss for tida.
C U!