29 januar, 2007

Hit eit steg og dit eit steg...

Siden det e lite med oppdatering hos mine medbloggere for tida, så får eg gjør det.
Det er vel egentlig ikkje så mykje nytt å melde om, men nåkke slarv skal eg vel klare å trykke ned på tastaturet.

Det er en eller anna som drive å skrur av og på vinteren her hos oss. Vi har hatt snø ei god veke no, men det er sånn som det pleier å være her; en dag med snø, en dag med regn, en dag med frost, eit par daga med klinkeis og så litt snø igjen. Sånn går sirkelen omatt og omatt... Syns egentlig at då e det like greit når det ikkje kjem snø. Liker ikkje å måke og i allefall ikkje å skli rundt på isen med ein bil full i ungar.
Men det er vel berre å lære seg å leve med det, tenke eg.

Når det gjelder mitt annonserte nye og bedre liv så er eg på rett veg. Eg e blitt en hai te å gå lange tura. Går kvar dag og går minst 10000 steg. Skritt-teller e artige greier. Kjempespennande å komme heim og sjå kor langt en har gått og viser den under 10000 så får eg så dårlig samvittighet at eg må ta meg en tur til. Gluping den som fann på den der. No skal det seiast at det ikkje er alle skritt-tellere som er like pålitelige då... Har ein fra Lidl og den telle berre kvart tiande steg. Dermed blei en tur på nesten ei mil målt til rett over 1000 steg, Og det var uten sjumilsskona...
Så mitt tips er å få en skikkelig teller og kom deg ut og gå.
Vi e jo egentlig blitt bra flinke til å gå her i huset. Trond går til jobb om dagane. En tur som tar en time. Ikkje ti ville hestar hadde fått meg til å stå opp kl fem om NATTA for at eg skulle gå på jobb. Men han syns det er skikkelig forfriskande. Bra trim er det også.

I dag er lillerøveren vår fire månader. Tenk at vi har hatt han så lenge. Han er blitt en skikkelig plugg. Lever godt på mora sitt fett. Ingen pingle det der, nei. Men det er nok berre en fordel når han etterkvart må hamle opp med tre større søsken.

Ellers så er det lite som skjer her i røverhuset. Eg har fått datatrøbbel igjen (BOMBE????). Laptopen min har rett og slett berre takka for seg. Den vil ikkje starte. Så no venter eg på en cd fra tigerstaden som eg håper skal løyse problemet uten at eg misser både bilder og anna lurt som ligge innpå der. Må innrømme at eg e begynt å ane at eg kanskje berre skal holde meg vekk fra sånne tekniske ting. Det er nemlig nåkke som klikker kvar gong eg tek i det. Ta f.eks kopimaskina på jobb. Kvar gong eg skal kopiere nåkke på den så sette den fast papiret. Det slår ikkje feil. Og når en av dei andre skal hjelpe meg å fikse problemet, så skjer det ikkje. Har berre funne ut at eg ikkje skal bruke den når eg er aleine, så sleppe eg det. Bør muligens ta det som et tegn på at eg skal holde meg vekk fra sånne ting.

Jaja, det va litt av det som fyller hodet mitt i dag/kveld.
Hadet på badet!

21 januar, 2007

Litt oppdaterings....

No får eg gjere eit nytt forsøk. Fatter ikkje ka som e gale med bloggen min. Der e jo en mikroskopisk mulighet for at det ikkje e bloggen det e nåkke feil med, men den som eige den... Den muligheten er selvfølgelig så liten at det egentlig ikkje e en mulighet i det heile tatt.

Her i Røverhuset skjer det ikkje så masse for tida. Dagane fyke avgårde i en fei og det er ikkje så masse en får gjort. Hadde et håp om å få gjort masse husarbeid i veka som va, men eg har fått meg en liten sabotør. Kvar gong eg skal gjere nåkke vetig så begynne Bendik å skrike. Dermed så får eg ikkje gjort så masse. Men eg får gjere et nytt forsøk denne veka. Mulig eg skulle ansatt ei vaskehjelp... Tanken har streifa meg... Får vel gjere arbeidet sjølv enn så lenge. E jo god trim i det og, og alle monner drar.

Den siste veka har det vore vinter her hos oss. Eller nåkke som ligner i allefall. Ungane va kjempegladenår snøen lava ned, men som vanlig kom det regn om natta og frost på morra'n og då får vi sånn humpetitten akeføre. Ungane aker no uansett, men eg trur akebretta og skiene får god medfart på isklumpane. Så eg seie det igjen: dersom det ikkje kan være skikkelig vinter så kan det berre være med heile greia. Det e jo nesten ikkje mulig å fote seg ute. Gjekk meg en tur i dag og det var nesten eit skritt fram og to tilbake. Godt eg hadde vogna å holde meg fast i.

Eg ser jo det at det er ganske mange som besøker bloggen min for tida. Utrulig kjekt, men kan ikkje dåkke legge igjen en hilsen til meg då? Skriv en liten komentar til meg så blir det litt spennande for meg og. Please...

Please er foresten det siste nye ordet som Torje har lært seg. Han spør om ting og tang og kvar gang han får nei, så ser han på oss med dådyrauge og seier:"Pliiiiis, mamma", eller "Pliiiis, pappa" Og ka seier en då? Han e jo så god... Han veit vel så alt for godt at han kan sjarmere oss i senk... Men nåkken fordela skal en vel ha når en er så liten.

Ellers så har det skjedd store ting i nabohuset i helga. I butikken altså. En kar som var ute på tur oppdaga ei ROTTE i butikkvinduet her en kveld og filma den med mobilen. Ringte mattilsynet og det var kroken på døra... heilt til neste dag. Då åpna dei gijen. Men i helga har dei vaska og rydda og fiksa der borte, så då får vi sjå om det blir litt bedre. Rotta va i allefall ekkel og slike dyr skal ikkje være i en butikk!!! Hadde håpa at heile butikken blei fiksa og shaina. DET hadde dei nok tjent peng på. Då hadde nok fleire handla der. Akkurat no kan eg ikkje sei at det frister å handle nåkke som helst der borte.

No kjem eg ikkje på nåkke meir å sladre om, så dåkke får ha det bra. Og vær så snill å legg igjen en komentar til meg, for då blir eg glad ;)

18 januar, 2007

Er det Smurfer her???

Forbanna drittblogg!!
Ja, i går skjedde det igjen. Eg har brukt lang tid på å skrive om dei siste dagars hendingar, og var riktig fornøgd med resultatet og ka skjer når eg trykke på "Publish Post"??? Heile greia klikker og ALT eg hadde skreve blei sletta!!!! Jada... lagre først. Eg har prøvd det, men det går ikkje an med blogger. Kanskje det blir bedre no når eg har bytta til den nye versjonen.


Det eg prøvde å fortelle dåkke i går var ikkje anna enn at no er vi ferdig med alle bursdagane i januar. Trond var sistemann ut i går. men siden han går kveld så fekk han ingen feiring. Eller, vi var en tur på Aroma og spiste lunch då... Vi skal ha nåkken folk her i morra men dei får ikkje søte kaker!!!! Eg vil spy berre ved tanken på det. Nei, eg skal prøve meg på ei skikkelig svensk "smörgostårta" også kalt smørbrødkake. Det er kjempegodt. I allefall den som mamma lager. Og siden ho har forklart meg koss det skal gjøres, så satser eg på suksess...


I går kom det ned en god del snø her. Til ungane sin store glede. Dei var ute med akebretta sine og kom inn igjen våte og røde i kjakane, akkurat sånn som det skal være. Seint i gårkveld blei det litt regn og i natt fraus det på... Va det glatt ute då, trur du??? Heilt grusomt. No i ettermiddag har vi vore en tur i akebakken, men Torje datt av akebrettet på første turen og dermed skulle ikkje han meir. Og når en står rett opp og ned ute i kulden lenge så blir det ikkje så kjekt. Det blir toast og kakao til kvelds i kveld.


Så en gladmelding til alle dåkke som er Smurfefans. No kan du finne ut smurfenavnet ditt på nettet. Eg har gjort det og mitt smurfenavn er:

DRUNKEN SMURF

Heilt feil selvfølgelig....


Vil du sjekke ditt så er det bare å gå inn på denne sida:
http://www.quizopolis.com/smurf_name.php


No som bursdagane er overstått for ei stund så kan eg begynne å gjør alvor av å begynne et nytt og bedre liv. Starten tok eg i går og lagde meg et lass med sunnhetsboller. Det såg ikkje ut som mat.... Heller som det som kjem etterpå, men ondt skal ondt fordrive så det er vel berre å ete i vei... Dei vart faktisk gode.


Jaja, det var det. No har eg fått oppdatert og så håper vi på at ikkje dette også blir sletta når eg skal lagre det...

(Bare så dåkke veit det så klikka det dinna gangen og!!! Skulle legge inn et bilde. Resultat? 300 bilder./%/&¤&%#%##&%%/&)

10 januar, 2007

Bursdagen er overstått

Det snør, det snør, tiddelibom...
Ja, eg trur i allefall det er det som kjem dalande ned fra skyene. Ikkje så masse at det er nåkke å snakke om, men nok til at eg kan notere det i bloggen. Det er ingen fare for at det skal bli kvitt ute med det første, men det har faktisk vore ei skikkelig snøbyge i formiddag.

Som eg nok har nevnt er planen min å starte et nytt og bedre liv no. Det er eg for så vidt komt i gang med. Har gått tur i går og i dag og det er faktisk veldig deilig med frisk luft. Et lite spenningsmoment er det jo og når eg tek med meg "pedometeret". I går gjekk eg 8772 steg og i dag har eg berre gått 2241. Men eg skal bli bedre.
Eit nytt og sunnare liv er ikkje så enkelt når det er bursdagsfeiring annakvar dag. I går feira ungane dagen sin. Dei fekk sjokolademuffins til frokost...(det er berre bursdag ein gang i året), og så var det tid for pakker. Marthea fekk masse kle og Adrian fekk dei lenge etterlengta fotballskoa. Det var stas. i barnehagen feira dei Marthea med brask og bram og krona var godt plassert på hodet når eg kom for å hente.
Eg slapp vel egentlig greit unna i går. Eg var på jobb fra halv fem til halv åtte, så det var Trond som fekk arbeidet, men det klarte han fint. Når eg kom heim var det berre oppvasken igjen. Eg hadde bestemt meg for å berre feire tre ganger no, en familiebursdag og en til kvar av ungane, men det er ikkje så enkelt. Så vi skal ha et "voksenselskap" til på søndag. Då blir det venner og deira barn. Og så er det Trond sin tur til å ha selskap. I år blir det ikkje sånn storfeiring som sist, men litt kaker og kaffi må han vel få.
Men etter det er det heilt slutt på all kakeeting. Då er det berre salat og fullkorn... Trur eg....

Forrige onsdag begynte eg på jobb på musikkskulen. Det var utrulig kjekt. Håper det ordner seg sånn at eg kan få meir jobb der når permisjonen går ut. Det hadde passa meg flott. Det kjekkaste er når eg og Kristin er sammen, men det er kjekt å ha enkeltelevar aleine og.

No er det vel på tide å lage litt middag.
Snakkes.

07 januar, 2007

Første etappe i bursdagsfeiringa er over

Ja, så var den første veka av det nye året over.
Vi har vel ikkje fått komt heilt i gang med alle nyttårsforsetta enno, og eg reknar med at dei ikkje vil tre heilt i kraft før i slutten av månaden. Sunnere livsstil passer egentlig dårlig sammen med tre bursdager... Så vi får begynne å forberede oss no sånn at vi e klare til å bli sunne etter den 17.


Januar er jo den store bursdagsmånaden her i Røverhuset. Adrian blir 9 på tirsdag og siden han var så heldig å få seg ei søster til treårsdagen, så blir Marthea 6 år samme dag. Dei er begge to i skikkelig bursdagsmodus for tida. Spesielt Marthea. Ho er komt ned på detaljnivå. "Kass skåler skal du servere geleen i, mamma?" Skjønner jo at dette er en stor dag, men det får no være grenser for planlegging...
Vi har hatt et aldri så lite selskap her i dag. Siden Jeanett er fadder på Marthea, og ho reiser tilbake til Tigerstaden i dag, så ville Marthea at ho skulle komme og spise kaker før ho reiste. Så Marthea har laga gulrotkake og så var Jeanett og tante og onkel her. I følge Adrian var dette det kjedeligste bursdagsselskapet han hadde vore med på nåkken gang, men det var ve kanskje fordi Marthea fekk fleire pakker enn han... Men dei kom vel likt ut til slutt likevel. I den alderen er kvantitet viktigere enn kvalitet...
På tirsdag blir det vel ikkje den store festen her. Eg skal på jobb på Kulturskulen og då blir det litt mykje om Trond skal lage selskap for familien her når eg er på jobb... Planen er å ta familieselskapet neste søndag. Vi får sjå. Då kan vi slå to fluer i en smekk. Bursdag for ungane og Trond.
Fredag skal Marthea feire sin dag, og lørdag er planen at Adrian skal feire sin. Der kan det muligens bli litt trøbbel fordi det er så mange som skal feire bursdag i Januar at det visstnok er planlagt en annen bursdag i klassen samme dag. Vi får sjå ka som skjer.

For dåkke som trudde dåkke las feil lenger oppe, så er det faktisk sant at eg er begynt å jobbe litt. Er vikar på Kulturskulen tre ettermiddager i veka. Sangpedagog! Utrulig spennande og kjekt. Hadde passa meg midt i blinken å fått meg masse jobb der sånn at eg kunne kutta ned på den andre jobben. No har eg no foten innafor døra, så då er det vel et håp. Ikkje som sangpedagog, men som et eller anna anna...

Jepp. No går alarmen min, så då er det vel berre å finne fram ein pupp og komme seg til køys.
God natt!

01 januar, 2007

Bilder fra 2006

Siden det var nåkke muffins med pc'n i natt fikk eg ikkje lagt inn bilder fra året som har gått. Derfor kjem dei no.
Sånn såg det ut utenfor Røverhuset før vi begynte å grave...

Etter to dager såg det sånn ut....Etter mange arbeidstimer, svette og slit... No er det berre å vente på at graset skal spire...Den flotte terrassen vår...Det nydelige brudeparet. Kiara på armen til Marthea.Krabbejakt på kaia på Brendholmen.På badetur med Røverpappa'n Klar til å synge for Krompen
Nydelige Bendik


Sånn har vi hatt det i 2006.

Håper 2007 blir like innholdsrik....(nesten....)





GODT NYTT ÅR!!!!!



Jaja. Så var 2006 en sagablott. Eit år som har satt store spor, i allefall her i Røverhuset. Ved inngangen til et nytt år er det vel på sin plass med ei lita oppsummering av året som har gått. 2006 fikk en pangstart når vi oppdaga at ein ny røver var på vei inn i røverfamilien. Det tok litt tid å venne seg til nyheta, men fy søren kor glade vi er for at han har komt til oss. 2006 har vore eit spennande år på fleire måtar. I mars tok eg eksamen i "Leik, dans og drama" ved Høgskulen i Sogndal. Det var kjempegøy. Eg savner turane til Sogndal sammen med Kristin der vi låg på hotell og berre hadde det kjekt heile tida. Til og med eksamen var kjempegøy! Det beste av alt var jo at resultatet også blei bra. Rett før sommaren slo inn feiraa vi storbryllup i familien. Nina og Tommy gifta seg 27.mai og det var ei minnerik oppleving. Bruda var fin og brudgommen likeså. Bryllup er jo alltid kjekt. I allefall når det kjem så masse familie og venner som en ikkje møter så ofte. Det blei ingen ferietur på oss i år. Vi valgte å prioritere hus og hage. Vi har drenert heile tomta, sådd plen og planta hekk. Det er vel kanskje feil å sei vi, for det er absolutt ikkje eg som hsr jobba. Det er det Trond som skal ha æra for. Han har arbeidd som ein maur i heile sommer. I tillegg til ein flott hage har vi fått oss ein gedigen terrasse. Der blei det mange fine dager i sommer. Vi har hatt ein fantastisk fin sommer i år. Eg for min del syns det har vore i varmaste laget, med diger mage og høg innvendig temperatur fra før. Sjølv om vi har arbeidd mykje i sommer fekk vi tid til eit par turar til paradisøya vår. På hytta på Brendholmen har vi kosa oss uten anna støy enn bølgeskvulp og måkeskrik. Der ute kosa vi oss alle. Ungane fiska og satt krabbeteiner, og fangsten var god også. Ingenting er vel meir sommer enn å sitte i fjæra og ete nykokt krabbe... I begynnelsen av september fekk vi storfint besøk her i byen. Vi fekk besøk av sjølvaste Kronprinsparet, og eg fekk den store gleda av å synge for dei. Eg sang to sangar fra "Haugtussa". Ein "once in a lifetime- opplevelse". Etter den lille konserten fekk eg helse på Kronprinsparet, og Mette Marit ønska meg lykke til med fødselen. Ikkje alle som får slike lykkeønskinger med seg. Og den største begivenheten skjedde den 29. september. Seks dager på overtid kom Bendik til verden. Han kom som et skudd når han først kom, og er sjølvsagt den nydeligste og deiligste ungen i heile verden. Akkurat som dei tre søskena hans er det. Og med en nyfødd i huset så har det til tider vore ganske så travelt. Og derfor har vel ikkje denne førjulstida blitt heilt som eg hadde ønska. Men slik er det. Det viktigste er vel at vi ikkje har stressa og kava. Sjølv om ikkje huset var heilt strigla så blei det jul likevel. Jula blei feira her heime i Røverhuset sammen med mamma, pappa og Eirik.

Inngangen til 2007 feira vi sammen med mamma, pappa og bestemor og bestefar på Takle. Ikkje nåkke "hæla i taket" feiring, men det har vi heller ikkje nåkke behov for. Vi har slappa av og kosa oss. Ungane har gått litt julebukk, men det var så flaut å synge at det berre blei fire pakkar i posen... Planen var å ta dei med inn til barnekjippen, men det ville dei ikkje, så då gjekk vi heim og ungane har kosa seg på golvet med lego i heile kveld. Ved midnatt tok eg og Trond turen inn til by'n og såg på Kjippen. Der var det mykje artig å sjå på. Ein skal være forsiktig med å slenge med leppa eller gjere nåkken sprell, for då havnar du i Kjippen. Her har mange kreative sjeler gjort ein stor jobb i romjula...

Så no er det berre å gå inn i det nye året med friskt mot. Med positive tanker går det meste bra. Ha eit fortreffelig godt nytt år alle sammen.