18 januar, 2007

Er det Smurfer her???

Forbanna drittblogg!!
Ja, i går skjedde det igjen. Eg har brukt lang tid på å skrive om dei siste dagars hendingar, og var riktig fornøgd med resultatet og ka skjer når eg trykke på "Publish Post"??? Heile greia klikker og ALT eg hadde skreve blei sletta!!!! Jada... lagre først. Eg har prøvd det, men det går ikkje an med blogger. Kanskje det blir bedre no når eg har bytta til den nye versjonen.


Det eg prøvde å fortelle dåkke i går var ikkje anna enn at no er vi ferdig med alle bursdagane i januar. Trond var sistemann ut i går. men siden han går kveld så fekk han ingen feiring. Eller, vi var en tur på Aroma og spiste lunch då... Vi skal ha nåkken folk her i morra men dei får ikkje søte kaker!!!! Eg vil spy berre ved tanken på det. Nei, eg skal prøve meg på ei skikkelig svensk "smörgostårta" også kalt smørbrødkake. Det er kjempegodt. I allefall den som mamma lager. Og siden ho har forklart meg koss det skal gjøres, så satser eg på suksess...


I går kom det ned en god del snø her. Til ungane sin store glede. Dei var ute med akebretta sine og kom inn igjen våte og røde i kjakane, akkurat sånn som det skal være. Seint i gårkveld blei det litt regn og i natt fraus det på... Va det glatt ute då, trur du??? Heilt grusomt. No i ettermiddag har vi vore en tur i akebakken, men Torje datt av akebrettet på første turen og dermed skulle ikkje han meir. Og når en står rett opp og ned ute i kulden lenge så blir det ikkje så kjekt. Det blir toast og kakao til kvelds i kveld.


Så en gladmelding til alle dåkke som er Smurfefans. No kan du finne ut smurfenavnet ditt på nettet. Eg har gjort det og mitt smurfenavn er:

DRUNKEN SMURF

Heilt feil selvfølgelig....


Vil du sjekke ditt så er det bare å gå inn på denne sida:
http://www.quizopolis.com/smurf_name.php


No som bursdagane er overstått for ei stund så kan eg begynne å gjør alvor av å begynne et nytt og bedre liv. Starten tok eg i går og lagde meg et lass med sunnhetsboller. Det såg ikkje ut som mat.... Heller som det som kjem etterpå, men ondt skal ondt fordrive så det er vel berre å ete i vei... Dei vart faktisk gode.


Jaja, det var det. No har eg fått oppdatert og så håper vi på at ikkje dette også blir sletta når eg skal lagre det...

(Bare så dåkke veit det så klikka det dinna gangen og!!! Skulle legge inn et bilde. Resultat? 300 bilder./%/&¤&%#%##&%%/&)

1 kommentar:

Eirik sa...

Hoi! Eg blei Tarty Smurf.. (?)