13 desember, 2010

Vi tenner lys i desember

I dag har vi hatt en skikkelig maratondag. Det er godt det ikkje er så veldig mange av dei no rett før jul... Og som vanlig så er det slik at når du planlegger å ha god tid så går klokka alt for fort. Slik er det i allefall her i huset.
Det har vore den store Lucia-dagen i dag. Vi begynte i barnehagen med Bendik kl 08.00. Det var veldig koselig. Sjølv om Bendik begynte å protestere vilt mot påkledningen allerede når han stod opp. Det at han, gutt og 4 år, skulle ha på seg ei lang kvit skjorte, henta fra mamma sitt kleskap, var rett og slett det dummeste han har vore med på. Når eg då i tillegg kom med glitter til å knyte rundt livet, var krisa fullkommen. Eg brukte alle mine overtalelsesevner. Både dei pedagogiske og dei mindre pedagogiske. Ingen av dei hjalp. Det endte med at eg, kledd i svarte klær, måtte gå i Luciatog sammen med en sur Bendik og mange andre nydelige smilande Luciakledde barn. Eg trur heilt ærleg t eg har sunge 1.vers på Luciasangen sånn ca 50 ganger i dag...Men lussekattane var gode...
Neste togavgang var kl 09.00. Då var det 1. klasse som skulle ut på vandring. Det er foresten veldig snodig kor forskjellige to barn, født og oppdratt av dei samme foreldrene, kan være. Mens Bendik hadde ville protester mot dagens bekledning, var Torje lykkelig over å kunne ikle seg Adrian si lange, kvite skjorte med massevis med glitter rundt livet... Jaja, det er godt dei ikkje er like.
Etter å ha sett 1.klasse sitt Luciatog vandre gjennom gangane på barneskolen, gikk vi i gymsalen og fekk en liten konsert av alle 1.klassingane der. Deretter gjekk turen til klasserommet for litt enkel underholdning. Sjarmfaktoren er stor og tårene satt laust.
Så, innen klokka var 10.00 hadde vi fått med oss to flotte underholdningsbidrag fra våre to minste røvere. Dei var stolte og krye, sjølv om bekledninga ikkje falt heilt i smak.
Så etter babysang og legevaktbesøk var turen komt til Luciatog nr tre. Eg og Kristin har hatt avslutning for elevane våre i dag. Vi har hatt Luciakonsert i paviljongen med musikkbarnehagen, sangelevane, ei PU-gruppe, FRYD og Gammen. Vêret var perfekt. Måneskinn og stjerneklart. Barnas turlag ordna med bål og kakao, og stemninga blei akkurat slik vi hadde håpa på. Det er då ein kjenner at ein absolutt har valgt rett hylle her i livet. Så får det bare være at en føler seg som ei brukt vaskefille når kvelden kjem, men all den gleden og entusiasmen vi ser og opplever med elevane er verdt kvar einaste kalori. Dei er fantastiske!
Det var mange som hadde møtt opp til den lille stunda i skogen med oss, og sjølv om det var kaldt klarte vi å skape ein lun og varm stemning der i den flotte, nye musikkpaviljongen.
Så dagen i dag har vore ein velig kjekk og trevel dag, men det er jo slik eg likar det. Og for å toppe heile greia gjekk eg på øving i kirka etter at vi var ferdige i paviljongen. Det er snart julekonsert med "Vestklang" og det er alltid like kjekt.
Så no sit eg med beina på bordet og har egentlig tenkt å ta meg ein deilig kopp med varm og god jul-te. Så vil tida vise når eg finner inspirasjon til å skrive eit nytt innlegg. Den som følger med får se...
Lusseklem fra Røvermamma...

06 desember, 2010

Snøen faller lett og fin...

Ikkje en spesielt god start på juleblogginga det her... Planen var jo kvar dag, men eg trur eg berre må innse at slik blir det nok ikkje. Ikkje fordi eg ikkje gidder eller har tid, for det har eg nok av, men rett og slett fordi eg sovner som en dupp om kvelden etter at ungene er lagt. Er blitt skikkelig kveldstrøtt og syns det er pyton! Det er liksom meininga at eg skal nyte freden når ungane er lagt, ikkje sovne sjølv!

I helga har eg nesten ikkje vore heime. Eller det begynte vel egentlig før helga. Det har vore julekonsert med kulturskulen, og det tek veldig mykje tid og energi. Energien er det ikkje så farlig med, for den fyller seg på igjen når forestillinga er over og vi står der like stolte som elevane våre, men det har blitt seine kveldar og mykje som skal forberedes.
Konserten gjekk kjempebra! Litt lang, som vanleg, men vi har veldig flinke og flotte elevar. Dei er tålmodige og fokuserte når det gjeld, og det er veldig viktig. Det er mange som vil vise seg fram og med 600 elevar så blir det lett litt vanskelig å velge ut kven som skal være med, og kven som må vente. Det er sjølvsagt ikkje alle som er med, men vi var nok rundt 200 elevar i aksjon på denne konserten.

Lørdag var eg, Kjersti og Bjørg på jentekveld hos Kristin. Der lagde vi fiskesuppe fra Genova og heimelagde nanbrød. Deilig, deilig, deilig!!! Det er ikkje mykje som kan måle seg med gode venninner, gode samtaler og god vin og mat ;)
Lørdag begynte det å snø. Det er heilt kvitt ute og for ein gangs skyld var brøytebilane tidleg ute. Noko som resulterer i at eg enno ikkje har hørt ei einaste klage på dårleg brøyting. Veldig bra!!! Eg kan faktisk ikkje huske sist eg blei veldig glad for å sjå en brøytebil utenom dei gangane eg har vore innesnødd ;)

No, i kveld har vi vore på julefest i klassen til Marthea. Dei har vore kjempeflinke. 1time og 40 minutt med program av flinke elever, god gammaldags basar og masse folk. Det blei tørka ei tåre og to i løpet av kvelden, ja... Lurer på kvifor eg berre blir meir og meir blauthjerta med årene. Det er faktisk litt slitsomt!
Etter festen kjørte vi ungane ned til mamma og pappa. Dei skal sove der i natt fordi eg og Trond skal reise til Åsane i morra for å hente ny bil til meg. Det skal bli skikkelig deilig med ein bil som ikkje høyres ut som eit fly når eg køyrer, og som faktik har plass til heile Røverfamilien!
På veien heim skal vi innom på Takle til bestemor og bestefar. Det gleder eg meg veldig til. Vi ser dei alt for sjelden og det er trist. Så no skal vi innom ein tur og slå av ein prat og levere eit par julegaver.
Så hvis eg skal klare å komme meg opp i morra, så må eg vel finne bingen...

02 desember, 2010

Så var det på'an igjen

Så var det atter ein gong desember.
Eg syns det nett har vore jul, men det er nok eit år siden sist.
Og siden eg er glad i tradisjonar, så skulle det bare mangle om ikkje eg skulle lage juleblogg også i år. Og for ein start! Tenke seg til å gløyme første desember? Det er faktisk litt flaut... Men gjort er gjort. Så då får eg berre prøve å følge opp og blogge kvar dag fram til jul.
I går var eg i Nordalsfjorden og sang med FRYD.
Vi hadde ei lita reprise av konserten vi hadde i Florø kirke 21.november. Det var veldig kjekt. Konserten gjekk bra og vi sang bedre enn på lenge. Den lille bygda var blåfrossen og det var så pent med frostkrystallar over alle marker og jorder. Det såg nesten ut som det var strødd diamanter over alt. Ei nydelig ramme rundt en koselig konsert.
Desember er jo høgsesong for konserter.
I dag har det vore generalprøve på kulturskulen sin julekonsert.
Mange barn skal i sving på scena og eg trur det blir ein flott konsert. For første gang på lenge er konserten utsolgt! Det er kjempebra, samtidig som det er kjempetrist. Bra fordi ungane absolutt har fortjent full sal etter alt arbeidet dei har lagt ned,
og trist fordi det er mange som ikkje får billett
og som dermed ikkje får se ungane sine i aksjon på scena i morgen.
På grunn av generalprøven i dag så har det ikkje vore noko særleg anna å få tid til i dag. Konserter tar tid, men det gjør ingenting. Det er så kjekt at vi gløymer strevet temmelig fort. Det ein utrulig givande jobb å få lov til å gje spirene i kulturlivet vårt ein anledning til å få vise fram det dei jobber med. Då er det det samme om det er sure fioliner, plingpling på eit triangel eller ukoordinerte dansebevegelser. Det er rørande vakkert uansett.
Vi satser på at konserten blir ein suksess og at alle blir fornøgde i morgen.
No skal eg lade batteriene mine slik at eg er klar til konsert i morgen.