20 mars, 2012

Blomster og bursdag i Røverhuset.

Endelig er våren på veg! 

 Ute i hagen spirer og gror det.
 Løkane eg putta i jorda i høst begynner å dukke opp fra jorda. 
Siden eg er skikkelig dårlig på å huske kva det var eg putta kor,
 så blir det spennende å se kva som dukker opp når blomstringen er i gang. 

Endelig har eg fått krokus i hagen også. Liker så godt den fine blålilla fargen. 

Då vi flytta inn i Røverhuset var hagen full av både krokus og store påskeliljer, men etter at hagen blei gravd opp og fiksa på, så var det ikkje noko igjen. 
Så derfor må eg begynne å plante på nytt. 
Årets krokuser er derfor litt spinkle, men det blir vel bedre når dei får nokre år på seg.
 Fine er dei no uansett.
Julerose

Julerosa mi var eg heilt sikker på var avgått ved døden, men den har begynt å blomstre igjen. Eg liker så godt fargen på den og skulle ønske den var større...



Eit eller anna som sikkert er fint
En lupin har dukka fram

Desverre ser det ut til at brunsneglen allerede har begynt å forsyne seg av vokstene, og det er ikkje spesielt gøy!









Når berre sola får begynne å varme og tørke opp bakken litt, så skal det nok bli bra i hagen. 
Etter månader med regn er det nesten ikkje mulig å gå på plenen med småsko. Det er meir mold enn plen.
Vi har vel egentlig bestemt at vi skal lage ny plen når våren er litt eldre. Vi gjorde jo det når vi flytta inn, men den har sege slik og blitt så ujevn at vi skal fikse på den. Då har eg lyst til å lage betongheller til å gå på. Fant noen kjempefine på panduro sine nettsider. Så no er det bare å få laget mal og sette i gang. 
Eg har en vag følelse av at eg vil dette meir en røverpappa'n, men det er eg som er "landbruksminister", og då bestemmer eg ;)

HIPP HIPP HURRA!!!

I går hadde vi bursdagsfeiring i Røverhuset.
Vår flotte røvergutt blei 8 år.  

Han har hatt nedtelling i lang tid, og derfor blei det så fryktelig trist at dagen måtte tilbringes på legevakta med en kraftig ørebetennelse... Han var absolutt ikkje i form, men INGEN avlyser en 8-års dag! 
Sjølv om han ikkje var i form trur eg nok gutten var fornøgd. 
Han fekk fine gaver og vi laga deilige muffins og cakepops.


Litt påskemuffins, inspirert av bloggen TORNEROSE DESIGN. Den dama er fantastisk kreativ. Og eg elsker å se på de flotte bildene hennes.

Siden eg har hatt en alt for lang utskeielse i lavkarbolivet mitt, bestemte eg meg for å lage ei kake som eg kunne ete med god samvittighet. Det blei derfor laga Pavlova-kake uten sukker, og den blei veldig god!


Hadde jo tenkt at eg kom til å ha kake i dagesvis, men den forsvant fort, og det tar eg som eit godt tegn.


04 mars, 2012

Å møte veggen eller treffe en planke

I forrige innlegg fortalte eg om mitt uheldige møte med en planke. No har det seg slik at eg fortsatt er sykmeldt og prøver å få dagene til å gå med tur og kvile. egentlig så føles det litt som då eg traff veggen. Ja, for det har eg prøvd også. Forskjellen fra dengang og no er at dengang visste eg ikkje kva som var grunnen, men no veit eg kva som gjør at eg om kvelden ikkje klarer å holde hodet mitt oppe og kvifor eg har hodepine fra en annen verden. Medisinen dengang var kvile, søvn og tur. Det er det no også, men eg veit ikkje om effekten er lik. Har slappa av i tre veker no og er fortsatt ikkje det spor bedre. Kjenner at dette nok kan ta tid, men no har eg tenkt å ta tida til hjelp.
Å vite kva ein har rett på når en har blitt utsatt for ei slik ulykke er ikkje lett. Derfor har eg fått hjelp av en advokat no, og det håper eg skal bli bra. Det kjennes litt rart ut å ha "sin egen" advokat egentlig. Og det syns nok ungane også, for ein av dei sa som så:"Mamma, har du egen advokat? Eg trudde det var sånn som rikinger hadde..." Jaja...

Det at eg er sjukmeldt fra jobben min fører også til at eg har vært nødt til å trekke meg fra årets revy. Dermed blei heile greia avlyst og det var eit nederlag som var svært vanskelig å svelge. Revyen har på mange måter vore "gloa" mi, og no er den slukket for ei stund. Vondt, men samtidig godt. Håper berre eat eg er blitt bra igjen til høsten slik at eg kan være med dersom det blir revy då.

Som sagt har det blitt mykje turgåing i det siste. Eg er egentlig ikkje så glad i å gå tur i regnvêr, men mandag var det en nødvendighet å komme seg ut i skogen i ausregnet slik at fjeset var vått... Då sette eg meg på "Tenkestedet" mitt og fekk rydda opp litt, før eg gjekk videre. Problemet var berre at då var det blitt så mørkt at redselen for å treffe på hjort oppi der tok litt overhånd... Møtte heldigvis ingen og kom heilskinna heim igjen.
Tenkestedet mitt

Mot slutten av veka har det vore flott vårvêr. Det spirer og gror i hagen, fuglane kvitrer og temperaturen stiger. Har vel vore litt meir vêrsjuk enn eg har forstått, men no kjenner eg at det gjør godt med litt lysere kvelder og blomster i hagen. Gleder meg til våren er her på skikkelig.

I dag har vi hatt "premiesøndag". Sjølv om eg egentlig er litt imot å belønne ungane for god oppførsel, så har det vore ein nødvendighet i det siste. Når vi bruker to timer på legging av dei to minste, så må noe gjøres. Vi har prøvd med lesing, synging, å ligge sammen med dei i senga ei stund og alle andre gode råd. Tilslutt blei det til at eg laga ein liten "kalender" til dei og deler ut smilefjes om dei legg seg fint uten å tulle. DEt virka (enn så lenge) og premien i dag var en tur i Havhesten. Det er egentlig litt deilig med et bad og ungane blir meir og meir vågale i vatnet. Spesielt gjeld det Bendik, som har vore skikkelig redd vatn etter at han datt i Lillevatnet som eittåring. 
Så no er det avslapping og familiekos resten av dagen. Deilig.

22 februar, 2012

Kjedelig kan bli kreativt...

Her kjem eit aldri så lite nattinnlegg... Eg som kvar einaste morgon seier til meg sjølv at: "I kveld skal eg i allefall legge meg tidlig", blir atter ein kveld sittande oppe til langt over sengetid. No er det heldigvis ferie både for meg og ungane, men det hadde jo vore kjekt å klare å stå opp før ti en dag.
Men det er også veldig godt å ha litt tid for seg sjølv når ungane har komt i seng. Det er faktisk noko eg alltid har syns har vore godt. Eg pleier å sei at den beste tida på døgnet er når ungane er lagt. Det betyr ikkje at eg ikkje liker å være sammen med ungane mine, for det gjør eg. Men det å være foreldre er ei veldig altoppslukande oppgave. Ein har ungane med seg i tankane heile dagen, og når dei er lagt for kvelden så er det gjerne plass til litt andre tanker ei lita stund og roen senker seg. Voksentid.
Med tenåringer i hus blir det mykje mindre voksentid enn det vi hadde før. Men med to store barn så har vi også muligheten til å ta oss en tur ut av huset når dei to minste er lagt, så alt har sine fordeler ;)

Den siste tida har eg vore sjukmeldt. Grunnen er eit heller ublidt møte med ein planke som løsna fra taket på Kystmuseet og traff meg i hovudet. Siden både Statsministeren og Næringsministeren var tilstede var også NRK der og dei fekk det heile på film. Klippet kan du sjå her. Det er no over 6 mnd siden, men eg har i følge kiropraktoren, vore flink pike alt for lenge og derfor fått meg et skikkelig tilbakefall. Så no har eg massevis av tid til å gjør ingenting, og det er ganske kjedelig.

Eg har dekorert lys


Strikka ferdig to luer

Og i kveld har eg hatt besøk av Jeanett og då laga vi rekesalat



Godt med alt en får gjort. Og det ein ikkje får gjort spring ikkje sin veg.

Vinterferie betyr revyforberedelser for meg. Det har lenge vore usikkert om det kom til å bli revy i år, siden Per Øyving og Roy ikkje skal være med. Men no har vi andre tatt fatt i det og bestemt at det blir revy (hvis regissøren blir med). Så dei to siste dagane har hodet mitt vært fullt av revyideer. Det er veldig gøy, men eg kjenner at topplokket mitt gjerne vil ha det på sin måte, og det kan bli en utfordring... Vi har fått med oss to nye og to gammal-nye i år og det blir veldig spennande. Kjem nok til å blogge litt meir om revyen når det nermer seg.

Men no blei klokka alt for masse igjen. Kanskje eg skal prøve meg på en frokostblogg i morra? Nattblogging kan umulig være bra i lengden, men fy søren kor gøy det er ;)

God natt.

15 februar, 2012

Eit nytt og betre bloggliv

No skal eg gjere noko eg har tenkt lenge på. Skrive eit nytt blogginnlegg. Det er jo ikkje slik at det er meininga at det skal gå eit år imellom kvar gong eg postar noko nytt her. Det har desverre vore slik hittil, men det har eg no tenkt å gjere noko med.

Det siste året har det faktisk skjedd masse spennande her i Røverhuset, og så har eg berre ikkje gidda å blogge om det. Litt av grunnen er at eg har begynt å lese massevis av forskjellige bloggar. Interiørbloggar, bakebloggar og mammabloggar. Syns alle skriv så bra og har så fine bloggar. Og syns ikkje at eg er like flink. Men no har eg altså komt på betre tankar og har tenkt å bli litt meir ivrig.

Det store spørsmålet er no; kva skal eg blogge om? Og svaret er: Eg skal blogge om alt mulig. Siden vi driv å gjer ferdig huset så tenkte eg å skrive litt om det. Og så får jo eg støtt og stadig dilla på eit eller anna, så det blir nok litt dillablogging også. Og størst av alt er det som heile dagen og natta opptek mitt hode: Ungane mine. Dei fire store flotte røverungane.
Så då er vel planen klar. Det er berre å sette i gang.

I dag har eg laga kake! Vi skal i bursdag til lille Chamilla Nenah i morra. Ho blir tre år og ønsker seg ein stor pakke av tanta. Pakke skal ho få, men siden eg har vore heime i heile dag, og held på å gå på veggen, tok eg å laga ei kake. Ei "Hello Kitty veske-kake"


Eg syns egentlig at den blei veldig fin. I allefall når ein tenker på at det er mi aller første figurkake. Kitty figuren blei litt skitten i fjeset, fordi eg glømte at malinga måtte tørke før eg satt den på plass på kaka, men det gjer ingenting. Det blir nok fleire slike kaker framover. Neste bursdag er Noah Johannes sin 2-års dag, så då har eg ein unnskyldning til å lage ei ny kake. 
Eg må ha unnskyldninger for å lage desse kaloribombene. Eg er jo en lavkarbo-dude, så her er det bare å lage uten å smake på. Det går faktisk heilt fint.
Marthea har også laga kaker i dag. Ho har laga "Cake Pops" av restane etter sist kake. Dei blei veldig fine (og veldig gode).


Men no er det nok kakeprat. Vi skal som sagt i bursdag i morgon, så då får eg kakene ut av huset. Sjølv om eg ikkje et dei, så er det andre her i huset som gjer det, og det merker vi etter ei stund... 
Det at unger ikkje blir hyper av sukker er bare tull. Mine blir i allefall det. 

Så då gjennstår det berre å vente og sjå om kakene våre fell i smak i morgon...

21 desember, 2011

JULEFERIE!!!!!

Då er eg heilt klar for juleferie! Klar for å våkne av meg sjølv og ikkje vekkerklokka. Vekkerklokker har eg jo nok av, men dei piper ikkje. Dei krangler os sloss heilt til eg står opp. At eg står opp er vel strengt tatt å dra den litt langt... Eg og Røverpappa'n har inngått ei "pakt". Den går ut på at hvis han står opp om morran, slik at eg får sove, så får han lov å sove middag. Det syns eg er en veldig god avtale, og det sparer oss for masse krangling.
No ser eg virkelig fram til late dager med familiekos. Det med familiekos har eg foressten fundert masse på i det siste. Over alt kor en snur og vender seg i det offentlige rom, så blir en eksponert for såkalte lykkelige familier. I ukeblad, på blogger, i reklame og på tv ser vi familier som har det harmonisk og ryddig og som er lykkelige. Er det rart vi går med konstant dårlig samvittighet? Er det å være lykkelig å alltid ha det bra? Å aldri bli sint og oppgitt? Å alltid ha det reint og ryddig? Er det det som er malen på å være lykkelig? I så fall så har eg et problem. Her er det ikkje vaska. Vaskerommet ser ut som ei slagmark. Eg har vore både sint og irritert. Eg har kjefta og vore urimelig. Men likevel vil eg betegne meg sjølv som lykkelig. Eg har meir enn eg treng, eg har ein mann som er glad i meg, eg har familien min nær meg, eg har fire friske og fantastiske unger. Og eg har endå meir enn det. Eg trur derfor at vi ikkje treng å ha det heilt perfekt for å være lykkelig.Det er nemlig summen av de små tingene i livet som skaper lykke.

I dag har vi fått juletreet i hus. Ungane pynta det og det blei faktisk meget fint. Vi fekk eit aldri så lite problem med plaseringa av treet i år. Det har jo hatt sin faste plass i alle år, men no står det eit piano på den plassen, så då måtte treet få ny plass, rett forran eit av vinduene i stua. Når vi begynte å pynte i ettermiddag, begynte det også å snø. Det var veldig hyggelig og det hadde vore fint om snøen blei liggande til over jul, for det er så "romantisk"...


19 desember, 2011

Hu hei kor det går!

Oisann. Plutselig hadde eg glømt å blogge og så var det gått fra 17. til 19. på et blunk. Det er ganske utrolig kor fort tida går no før jul. Eg har en følelse av å henge på slep etter en bil i fart. Eg veit at eg kjem fram, men det blir i en anna tilstand enn om eg satt inne i bilen. I går fekk eg laga Lussekatter med skikkelig safran. Det smakte akkurat som lussekatter med gurkemeie. Men dei var gode. Og så laga eg sylteflesk. Det står fortsatt i press i kjelleren. Trur det skal få stå der ei stund, for når det er ferdig er eg redd det blir oppspist fortere enn fortest. No i kveld har eg, mamma og pappa vore på ungdomskulen sin julekonsert. Det var veldig bra. Flinke ungdommer fekk virkelig vise kva dei kunne, og det var ikkje småtterier. Og for en gangs skyld stod Adrian framme slik at det var mulig å få sett han. Eg begynte på juleferie i dag! Det skal bli veldig deilig å sleppe vekkerklokke og travle morgener. Heldigvis har eg unger som ikkje våkner før fuglane fiser og som, om dei gjør det, klarer å ståmopp og passe seg sjølv ei stund. Godt med store unger. No har min flotte mann laga mat til meg, så då må eg vel avslutte og spise litt.

17 desember, 2011

Vi koker og baker og steker

Ei lita oppdatering må vel til i dag. I går orka eg ikkje. Hadde egentlig ikkje noe å skrive om heller. I dag har det vore den store bakedagen her i Røverhuset. Vi begynte på formiddagen med pepperkaker og så fortsatte eg med Sarah Bernhard ala lavkarbo. Dei blei veldig veldig gode. Faktisk så gode at det er best eg får dei i frysen før det blir tomt. I morgen skal eg fortsette med marengs og meir pepperkaker. Planen er å lage litt snop også, men eg veit ikkje om det blir i morra. Her er nok å henge fingrane i... I gårkveld begynte det å snø. Det kom ned ca 20 cm og det blei faktisk ganske koselig ute. Men i dag har det regna og no er det vel så langt fra koselig som du kan komme. Med slaps og kveldsfrost så veit vi korleis det pleier å bli... Derfor har vi brukt dagen inne. Foruten baking så har det ikkje skjedd så masse på Røverfronten. Men politikerfronten begynner å bli heit. Etter tirsdagens bystyremøte så har det storma ganske masse og i dag var eg i Firda med eit leserinnlegg og Karianne i Firdaposten med eit utspill. Leserinnlegget resulterte i at NRK ringte meg i dag og dei skal lage ei sak til mandag. Fritidsproblemer? Trur ikkje det,nei... Siden vi er så heldige å ha fått store barn så ser det ut til at vi får oss en øiten tur på besøk i kveld. trond må ut å gå litt og då passer det fint å gå ned til mamma og pappa og besøke dei litt. Godt vi bur nær kvarandre ;-) Då gjennstår det bare å ønske alle ein fin lørdagskveld. Hadet på badet!