03 desember, 2015

Basar og volleyball

Hu å hei kor det går. Håper ikkje heile førjulstida skal være like fullbooka! Det er jo full rulle fra morgen til kveld. Mulig det har sammenheng med at det gjennstår litt småpjask i huset før eg kan få alt på stell, men det blir bedre og bedre dag for dag. I går satt eg på dei siste handtaka på kjøkkenskapa. HEILT ALEINE! eg er alltid så redd for å borre hol i ting...tenk om eg gjer feil.... Men det gjekk heilt fint. I gårkveld fekk eg på plass litt julepynt. Deg gjorde eg mens eg hadde på "Jul i Skomakergata" i bakgrunnen. Mi eiga lille førjulsstund etter at ungane var lagt. Resultatet var at det står enda meir på hovudet enn før, men det skal bli bra i helga.

I dag har vi vore på klassefest med Torje sin klasse. Det var basar og kakespising. Torje var litt lei seg fordi vi ikkje vann noko, men det er ein del av livets harde skole. Men er det ikkje merkelig at det alltid på slike samlinger er eit par stk som vinn halvparten av gevinstane? I dag var det tre stk som vann fire gevinster! Utgjort ;)

Etter kaker og basar var det trening for meg. Eg droppa jo sist trening til fordel for julebrus-testing hos Beate. Vi var tre stk fra laget som var på den samlinga. Dette hadde sjølvsagt komt treneren vår for øret, og hevnen var derfor søt i dag. Vi som hadde "Skulka" blei satt i gang med løping/oppvarming, mens resten av gjengen blei stillt opp i rekke for å sjå på oss, samtidig som Dan serverte dei JULEBRUS!!!! Fantastisk bra påfunn! Vi fekk oss en skikkelig god latter alle sammen!
   Det er så utrulig kjekt å være i gang med volleyball igjen. Vi har det så utrolig kjekt i lag. Eg var veldig spent på korleis det ville gå med volleyball i forhold til nakken min, men det går veldig fint så lenge eg tek hensyn til det når eg treng pause. Eg er ikkje den einaste med "skavanker" på laget, så det er stor takhøgde. Det viktigste er at vi koser oss i lag og har det kjekt på trening. Det hjelper jo også litt at vi hittil har vunne 2 av 4 kamper!

Men no er det natt her i Røverhuset. Alle utenom meg sover, og det er vel på tide at eg også finn bingen. Eg ser fram til ei hyggelig helg med øving til den store forestillinga om ei veke. Nattinatt.

01 desember, 2015

Hei hå, no er det Desember igjen!

Like visst som Desember kjem kvart år, så prøver eg å holde på min lille julekalendertradisjon. Desember er for meg blogge-måneden. Då bruker eg denne lille, anonyme bloggen til å notere ned kva dagen har bragt, av glede og sorg, og ellers andre ting som opptek meg. Eg har absolutt ingen plan eller ønske om å være ein "superblogger", for det er vel egentlig mest for min egen del eg gjer det.Men om det skulle dukke opp en leser eller to, så setter eg sjølvsagt pris på en liten hilsen eller et lite spor...

Den første desemberdagen i år kom egentlig litt "bust" på meg. Det siste halve året har Røverhuset gjennomgått en ekstrem makeover, og vi er ikkje heilt i havn. Likevel så hadde eg jo planer om å få huset juleklart allerede på søndag. Men den planen er lagt bort. Så i år blir det julehus når det blir det.

Så istedenfor å irritere meg over at eg ikkje er klar, så har eg laga min egen lille julekalender. Den går ut på å gjør klart et rom kvar dag. Då bør eg være ferdig før helga, og resten av Desember kan berre være  kos og meir kos.
Men siden det då er forventa (av meg sjølv) at noe skulle gjøres i dag, så kan eg meddele at eg har montert den siste karusellen i kjøkkenet i dag! Klapp på skuldra for den. Då blir det å fylle inn i den i morra.

Eg er veldig glad i tradisjoner. Spesielt rundt jul syns eg det er viktig. Det er jo derfor eg fortsatt skriv på denne bloggen... Men i dag fekk eg gleden av å være med i ei veldig god venninne sin juletradisjon. I mange år har ho samla sine venninner 1.desember, for å gjennomføre en blindtest av julebrus. Så no veit eg kva slags julebrus eg liker best! Og det merkverdige er at den som eg i alle år har meint var den aller beste, var faktisk den som eg rangerte som den dårligste!
I tilfelle du lurer på kva slags julebrus som kom på 1.plass, så kan eg fortelle deg at det var Ringes sin røde julebrus. Fleirtallet av testpersonane hadde den som nr 1.

Her er mi liste:

1.Ringnes Julebrus, brun.
2.Grans Julebrus
3. Hansa Julebrus
4.Oscar Sylte's julebrus
5.Ringnes Julebrus, rød
6.Lerum Julebrus

Og eg som alltid har meint at Lerum sin var den einaste gode julebrusen... Jaja, så feil kan man ta. No blei brusen testa heilt uten at noen visste noe, så då må vi stole på den...

No er eg full i magen av julebrus og julekaker, så derfor blir det legging på Røvermamma'n.
Nattinatt.