06 august, 2007

Regn, ferie og snegler.


No går sommarferien mot slutten og då passar det vel eigentleg godt å oppdatere bloggen sin.
Det har eigentleg vore en innholdsrik ferie. Dersom ein ser vekk frå regn i ein heil mnd, så har vi hatt det fantastisk. Eg må heilt ærlig innrømme at eg var veldig spent på koss det skulle bli å reise på ferie med fire barn i en bil... Men det gjekk over all forventning. Heldigvis så liker ungane godt å kjøre bil. Og vi skyldar Einar ei stor takk for å ha lånt oss DVD-spelarane sine. Takka være dei så var det lite krangel og ingen utolmodige barn.
Så fekk vi heller tåle å høyre Sabeltann nesten 7 timer i strekk den eine dagen...
Sabeltann kjem vi tilbake til...

Turen i år blei delt i to. Planen var å reise rett til Kroken, men fordi heile Østlandet heldt på å regne vekk bestemte vi oss for å reise til Skånevik først. Vi kom til Skånevik den helga det var Bluesfestival. Sikkert veldig kjekt for dei som liker det, men eg for min del kan styre mi begeistring for Blues. I allefall den bluesen som blei framført der. Dessuten er ikkje Bluesfestival nåkke for barn, så vi "rømte" til Haugesund lørdagen. Søndag var festivalen avslutta, og då kom regnet til Skånevik. Dermed blei det inneaktiviteter og lite å finne på. Det regna heilt til fredagen. Då blei det knallfint igjen. Den dagen hadde vi selvfølgelig bestemt oss for å reise videre østover så det blei en varm tur.
Vi reiste fra Skånevik til Gautefall. Der har tanta og onkelen til Trond hytte og der var vi til lørdagen. På hytta grilla vi og kosa oss sammen med Line og Brian også. Line er Trond sitt søskenbarn og Brian er det siste skuddet på familietreet til den allerede store Brendø-slekta. En nydelig liten tass.

Lørdag ankom vi Kroken i regn. Det er lite kjekt å være på besøk hos folk med fire unger når det regner ustoppelig. Det blir endel utagerende søskenkjærlighet av slikt vêr...
Men likevel gjekk det heilt fint.

Så, mandagen reiste vi til Kristiansand i Dyreparken. Det kan en trygt sei var feriens høgdepunkt. Tanta til Trond passa Bendik slik at vi fekk kose oss sammen med dei tre eldste røverbarna. Og vi kosa oss skikkelig! I steikande sol vandra vi rundt med blide unger og fekk sjå både løver og apekatter. Og så fekk Torje møte sin aller største helt: Langemann! En av Kaptein Sabeltanns Menn. Han svevde resten av ferien, og svever vel egentlig endå...
I tillegg til dyr og Sabeltann var vi i Kardemomme By, litt på tivoli og tilslutt fekk vi være med på tokt med Den Sorte Dame, Kaptein Sabeltann si stolte skute. Som sagt fekk vi en skikkelig kosedag og ungane har allerede bestemt at vi skal tilbake neste år.

Tilbake i Kroken var det ikkje så masse å finne på. Regn. regn, regn... Sola stakk vel innom litt, så vi overleve, men det blei ikkje slik som dei andre åra i Kroken med bading og strandliv kvar dag. Det får vi ta igjen en anna gang. Likevel fekk vi grilla og kosa oss masse i Kroken, så vi kan ikkje klage. Vêret var veldig skiftande heilt til fredagen.
Då kom sola og varmen igjen, men då skulle jo vi reise igjen. BOMBE????

Det blei en lang tur heim og eg må innrømme at eg akkurat den dagen skulle ønske vi hadde campingvogn på slep slik at vi kunne campa på vegen. Men det hadde vi ikkje, så etter 13 timer på reisefot kom vi heim til Røverhuset igjen. Utrolig godt.
Ho som sa "borte bra, men hjemme best" var absolutt inne på nåkke vesentlig.
Det må ha vore ei dame som kom på nåkke så glupt.

Det er ikkje så veldig kjekt å bu to veker i koffert når en har fire unger.
Det er i allefall ikkje særlig avslappande...
Etter at vi kom heim har regnet ausa ned. Ganske kjedelig egentlig, men vi tåler vatn, så det er ingen krise. Det er berre det at når det regner så tenker en på alt det en skulle gjort ute, og når sola og finvêret kjem, så blir det ikkje gjort likevel.
Vi har vore i Havhesten med ungane og der storkoser dei seg.
Marthea er på god vei til å lære seg å svømme og er sjølvsagt veldig kry over det.

I dag har vi hatt skikkelig tropevarme. Fra regn og 13 grader i går, til sol og 30 grader i dag. DÅ blir det som å vandre rundt i ei badstue. Men for all del, eg klager IKKJE!!!
Det er deilig med sommer.Håper berre det varer ei stund no.

Nok prat om vêret.
Det er så forsvinnande lite vi kan gjør med det likevel.
Heldigvis for det egentlig.
DET kunne jo blitt skikkelig krise om vi skulle bestemme over det også.
Godt vi ikkje styrer alt.

Denne sommeren har eg utvikla meg til å bli en skikkelig massemorder. Kvar kveld bevepner eg meg med ei stor spruteflaske med vatn og salmiakk og sniker meg ut for å finne nye offer. Dei ekle brune sneglane som hittil har ete opp ALLE stemorsblomstene mine. og naboen sine, som eg forøvrig skulle passe på mens dei var på tur. Eg kan ikkje nåkke for at dei blei spist opp. Eg gjorde alt eg kunne for å redde dei, men når en finn 50 sneglar oppe i tre blomsterkasser, så må en vel berre innsjå at en har tapt...
Eg lurer litt på kor mange snegler som egentlig bor rundt her. Eg har kvar kveld no i to veker kverka mellom 100 og 200 snegler, men likevel så kjem det berre fleire og fleire.
Foresten har eg funne ut at det der med at sneglar er så trege berre er en myte. Når eg tar runden min så går eg grundig til verks og når eg er ferdig med runden så er det massevis av digre ekle snegler der som eg nett har vore og dei var det ikkje antydning til på første tur. Jaja, eg blir vel ikkje kvitt dei så lenge som vi er nabo til byens største parrings- og rugeplass for snegler. Røverhilleren og Knapstadmarka... Men eg trøster meg med at når eg tar livet av 200 på en kveld har eg hindra 80000 sneglar i å bli født, og DET er motivasjon god nok...
Tenk om eg kunne klare å finne opp nåkke som fjerna sneglane for godt.
Då hadde eg nok blitt millionær.

Som eg nevnte innledningsvis går ferien mot slutten.
Om to veker har vi skulejente i huset. Marthea skal begynne på skulen. Sekken er klar og pennalet ligger klart i sekken. Det blir spennande tider både for oss og ho.
Så får tida vise kva eg skal bedrive tida mi med til høsten. Pr dags dato har eg ikkje peiling, men mittt motto har alltid vært. "Det ordner seg", så då gjør det nok det no òg.

Det var alt for denne gang. Avslutter med et nydelig bilde av våre vakre små. Bildet tok vi på Hemsedal på veg heim.