12 mars, 2015

Å bytte til eit litt mindre håndkle...

Sjølv om eg ikkje har sprunge en meter denne veka, så er det tid for en liten update. Det er, som nevnt tidligere, revyveke. ALT denne veka har dreid seg om revyen. Tekster skal pugges, inn og utganger skal klaffe, kostymer finnes fram og klargjøres... Og så skal logistikken her heime gå opp! Den jobben har heldigvis gått ganske så knirkefritt, takka være mamma. Ho har stillt opp og tatt seg av ungane, slik at eg berre har hatt meg sjølv å passe på.
I dag har vi hatt generalprøve, og eg trur vi har ein knakande god revy! Uansett så har vi i allefall det veldig kjekt, og eg kjenner at det er fantastisk godt å være tilbake i "manesjen". Og, ja, eg er sliten og trøtt som en dupp, men dette er berre snakk om ei hektisk veke, og derfor så klarer eg å holde ut. I morgon er det premiere, og det blir fantastisk gøy å få litt (forhåpentligvis masse) respons fra publikum...

Som sagt så har det ikkje blitt noko løping denne veka. Sjølv om eg så innmari gjerne skulle gjort det. Eg har komt inn i ein så god stim at det kjennes unaturlig å ikkje løpe når det er satt opp "løpedag". Men eg har holdt meg unna og det trur eg faktisk gjør meir godt enn en skulle tru. Kroppen treng litt kvile også. 
Det har vore veldig mykje fram og tilbake dei to siste vekene, i forhold til om eg heilt ærlig trur at eg kan klare å legge ut på ein 10km lang løpetur. Det har vore mangen "diskusjoner" med meg sjølv. Den eine dagen trur eg virkelig at eg skal klare det, og neste dag vil eg berre trekke meg fra heile greia. Det er jo klart at når ein aldri før har sprunge, så er det ganske så strabasiøst å skulle legge ut på ein slik tur. Og derfor har eg komt fram til at eg halverer distansen. Det har blitt en kompromiss som eg kan klare å leve med. For meg er det å løpe 5 km bedre enn å måtte kaste inn håndkleet heilt. Sjølv om eg no har endra planen, så føles det ikkje som eit nederlag. Det er mulig at det kan bli ein større seier. Det er bedre å mestre halv distanse, enn å miste nattesøvnen på å skulle klare det opprinnelige målet. Sjølv om eg helst ikkje vil at det skal være slik, så må eg også her ta innover meg at eg har ein kronisk skade, som eg må ta hensyn til. Det er jo kjedelig å brenne så mykje krutt at eg blir sengeliggande... Då har jo dette prosjektet egentlig virka mot sin hensikt...

Så den 18.04 står eg ikkje på startstreken med nr 500 på brystet... Eg står på startstreken, med eit eller anna nr på brystet, og med eit pågangsmot og ein vilje til å gjennomføre mitt livs løp. Og så får eg heller satse på at eg muligens kan klare å løpe ei mil når det går litt lenger tid... Rom blei ikkje bygd på ein dag...

God natt!

08 mars, 2015

Opp og ned, opp og ned...



Så var enno ei treningsveke unnagjort. Det har vore ei veke der eg har hatt følelsen av å sitte i ei berg-og dalbane. Den eine dagen virker det som om Rett Vest er ei heilt uoverkommeleg oppgave, og neste dag er det ei utfordring som er mulig å takle. Heilt ærleg så har det vore mest av dei dårlege dagane, så det kan berre gå framover herfra. Tirsdag var det overgang til eit nytt løpevekeprogram. Eg la ut på løping i snø/sludd og var skikkelig gåen etterpå. Dei siste løpeminuttane var som eit evig mareritt... Men, som vanlig, var det ein enorm mestringsfølelse som seig på når eg var ferdig.
Torsdag måtte eg rett og slett "kaste inn handkleet." Eg kom meg ikkje på jobb, og eg blei rett og slett liggande heile dagen. Eg karra meg nok på beina til å komme meg til tannlegen, men stort meir fekk eg ikkje gjort.
Det gjekk opp for meg då, at det kanskje er på tide å begynne å lytte litt meir til kroppen når den roper etter kvile. Problemet er at eg er så drittlei av å ta hensyn til det!!!! Eg har så lyst til å klare alle dei tinga eg kunne før. Eg har ikkje lyst til å begrense meg. Men eg veit at eg må, og eg veit at om eg driv rovdrift på meg sjølv, så blir eg sengeliggande...

Denne helga gjekk eg inn i "revy-bobla". Her blir eg verande heile veka. Det blir derfor treningsfri. Å være med på revyen er ganske krevande, og skal eg klare å gå på jobb, så må eg tilpasse aktiviteten min. Heldigvis har eg familie og venner rundt meg som stiller opp og tar seg av ungane slik at eg får mulighet til å være med. Uten dei så hadde det ikkje gått.
Sjølv om det ikkje er første gang eg er med på revyen, så er det med ein heilt anna følelse eg er med i år. Eg veit at eg fikser det, men er likevel redd for at eg skal gå på trynet etterpå. Men den tid, den sorg... Kan jo ikkje la være å ha det gøy fordi eg KAN bli dårlig...

Jaja, nok syting. Eg har lagt bak meg ei av vårens mest aktive veker. 6 av 7 dager har eg gått meir enn 10 000 steg! Det er vel innafor? For sjølv om eg ikkje har løpt og pressa meg, så har eg vore ute og traska meg småturer. Eg treng jo ikkje gje alt kvar dag, litt er mykje bedre enn ingenting, og faktisk så er eg allerede mykje flinkare enn dei som ikkje prøver!

No skal eg lese litt revy-tekster (må kunne alt utenant til i morgon kl 18.00), og så er det tid for en avtale med Ole Lukkøye...

02 mars, 2015

Dette blogginnlegget er til alle dere som stopper meg på gata og heier på meg!



Nesten kvar dag stopper folk meg på gata eller veien for å fortelle meg at dei "heier" på meg. Det er eg utrulig takknemlig for. Det er ikkje alle dager som er like ok. Enkelte dager har eg så absolutt ikkje hverken lyst eller ork til å gå ut. Dei dagane er det ekstra godt å møte folk som roser meg for at eg har tatt utfordringa. Dei fleste er sjølvsagt folk eg kjenner, men også heilt fremmede stopper meg og seier: "Stå på!" "Dette får du til!" "Du er så tøff!" "Eg heier på deg!"
Dere skal vite at eg tek med meg desse kommentarene og bruker dei når eg helst vil ligge på sofaen.
Tusen tusen takk!