08 mars, 2015

Opp og ned, opp og ned...



Så var enno ei treningsveke unnagjort. Det har vore ei veke der eg har hatt følelsen av å sitte i ei berg-og dalbane. Den eine dagen virker det som om Rett Vest er ei heilt uoverkommeleg oppgave, og neste dag er det ei utfordring som er mulig å takle. Heilt ærleg så har det vore mest av dei dårlege dagane, så det kan berre gå framover herfra. Tirsdag var det overgang til eit nytt løpevekeprogram. Eg la ut på løping i snø/sludd og var skikkelig gåen etterpå. Dei siste løpeminuttane var som eit evig mareritt... Men, som vanlig, var det ein enorm mestringsfølelse som seig på når eg var ferdig.
Torsdag måtte eg rett og slett "kaste inn handkleet." Eg kom meg ikkje på jobb, og eg blei rett og slett liggande heile dagen. Eg karra meg nok på beina til å komme meg til tannlegen, men stort meir fekk eg ikkje gjort.
Det gjekk opp for meg då, at det kanskje er på tide å begynne å lytte litt meir til kroppen når den roper etter kvile. Problemet er at eg er så drittlei av å ta hensyn til det!!!! Eg har så lyst til å klare alle dei tinga eg kunne før. Eg har ikkje lyst til å begrense meg. Men eg veit at eg må, og eg veit at om eg driv rovdrift på meg sjølv, så blir eg sengeliggande...

Denne helga gjekk eg inn i "revy-bobla". Her blir eg verande heile veka. Det blir derfor treningsfri. Å være med på revyen er ganske krevande, og skal eg klare å gå på jobb, så må eg tilpasse aktiviteten min. Heldigvis har eg familie og venner rundt meg som stiller opp og tar seg av ungane slik at eg får mulighet til å være med. Uten dei så hadde det ikkje gått.
Sjølv om det ikkje er første gang eg er med på revyen, så er det med ein heilt anna følelse eg er med i år. Eg veit at eg fikser det, men er likevel redd for at eg skal gå på trynet etterpå. Men den tid, den sorg... Kan jo ikkje la være å ha det gøy fordi eg KAN bli dårlig...

Jaja, nok syting. Eg har lagt bak meg ei av vårens mest aktive veker. 6 av 7 dager har eg gått meir enn 10 000 steg! Det er vel innafor? For sjølv om eg ikkje har løpt og pressa meg, så har eg vore ute og traska meg småturer. Eg treng jo ikkje gje alt kvar dag, litt er mykje bedre enn ingenting, og faktisk så er eg allerede mykje flinkare enn dei som ikkje prøver!

No skal eg lese litt revy-tekster (må kunne alt utenant til i morgon kl 18.00), og så er det tid for en avtale med Ole Lukkøye...

Ingen kommentarer: