22 desember, 2009

visst skal jula komme....

No trudde du vel at eg hadde gitt opp heile julebloggen min... Men det har eg ikkje. Men det eg har er digre dataproblemer. Enten må eg ha ny trådløs router eller så må eg ha meg et meir stabilt nett. Ringte Enivest og dei skulle ringe meg opp igjen, men eg har enno ikkje hørt eit pip... Uansett er det viktigste at eg er på nett no, sånn at eg får oppdatert bloggen min.

Dei siste dagane har gått med til juleforberedelser. Vi har fått handla mat og presanger og det meste av huset er pynta og fiksa. Så no kan svigermor og jula bare komme.

I år har eg fått skikkelig julestemning. Lørdag bøtta det ned med snø og den har fått ligge i fred. Det ser faktisk ut som om det skal komme meir snø på julafta ;)
Snø er veldig koselig no når det er jul, men det er likevel ei plage når det ikkje er mulig for dei som brøyter å gjere en skikkelig jobb. Det burde ikkje vore umulig å få dumpa snøen på sjøen slik at vi slapp dei enorme brøytekantane i byen. Men det er visst ikkje så enkelt...

I morra har eg fullt program. Svigers og frode kjem og då må gjesteromma ordnast. Så er det den "O store" julekonserten i kirka. Det blir skikkelig koselig som alltid. Har vore hos kristin og lytta på opptaket som blei gjort på generalprøven i går, og det låter faktisk veldig flott. En julecd å være stolt av. Men no skal eg gjør litt meir av alt som skal gjøres og så skal eg legge meg og drømme søtt...

18 desember, 2009

Det er jo juleferie ;)

No er det snart skikkelig jul her hos oss i Røverhuset. Vi vasker og rydder og steker og baker og det ser jammen ut som om vi kjem i mål med alt vi hadde tenkt. Det er så deilig når alle er med på å gjør huset klart. Dei to små syns jo det er SÅ stas å få være med å vaske. Utstyrt med kvar si fille er dei godt fornøgde og klare til å vaske og pynte på romma sine. Kanskje eg skulle bli flinkare til å la dei få lov å vøre med når eg skal gjere husarbeid... Mulig det blir litt meir hjelp å få av dei med tida ;)

I dag begynte dei to eldste på juleferie. Då kan eg nyte min ferie også. For det er ikke skikkelig ferie dersom en likevel er nødt til å ha på vekkerklokka om morran. Og no skal ikkje den på før til neste år! Det var to glade barn som kom fra skulen tidlig i dag. Mette og gode etter å ha laga julefrokost med klassane sine. Så då gjer det ikkje så masse om det var mykje styr før dei kom seg avgårde i dag. Julefrokost er elevane sitt eige prosjekt. Dei blir delt inn i grupper og så skal dei dekke og finne ut kva dei treng på kvar sine grupper. Så i dag måtte vi steike rundstykker og lage saft, koke kakao og egg. Ellers så hadde dei med seg kjeks, pepperkaker, mårpølse, nugatti og kopper, duker, lysestaker og kongerøkelse. Eit deilig kaos klokka 07.00 ein fredags morgen. Mette og gode blei dei no i allefall.

Så no skal vi sette oss godt tilrette i sofa'n og sjå historien om julenissen og det gleder vi oss til alle, sjølv om det er alt for seint. Men det er jo ferie ;)

17 desember, 2009

Der nærmer seg fort no...

Jippi Jippi Jippi Jippi Jippi Jippi Jippi Jippi Jippi
Eg er ferdig med å handle julegaver!!! OG eg har fått avgårde dei som skal i posten.
Veldig deilig. Ingenting som henger over meg og krever at eg bruker tankekraft på det. Håper på at alle blir såre fornøyd med det dei får i år. Og dei som ikkje blir det får bare ha det så godt ;)
Planen var at vi skulle ta oss en tur til Førde i dag, men eg droppa det og gjorde meg ferdig her i byen. Då blir handelsnæringa også fornøyd. Handelslekasje er nåke dei liker dårlig.
Kvifor folk reiser til Førde for å handle er eit anna spørsmål og det har eg ikkje tenkt å bruke tid og plass på her. Eg klarte no i allefall å bli ferdig her og er fornøyd med det.
Eg og Trond har kjøpt julegave til oss sjølv i dag også. Den blir ikkje liggande under treet, men er sårt savna og kjem virkelig til nytte. I september rauk tørketrommelen vår og siden då har vi tørka kle i gangen, i stua og ellers over alt. Eg hater å ha klær hengande slik og i tillegg så er det umulig å komme ajour med klevask når en bruker to dager på å tørke ei maskin med klær og vi vasker minst ei for dag. Så i dag har vi funne tørketrommel og vi får den på tirsdag. Det skal bli en lettelse. Deilig å kunne få ørka dressane til ungane i løpet av et par timer i stedenfor å bruke fire dager. Kor miljøvennlig det er i forhold til strømforbruk bryr eg meg lite om akkurat når det gjeld denne saken. For alt eg veit er det miljøvennlig å bruke trommel også. Har egentlig ikkje satt meg så veldig inn i det ;)
I dag er det så innmari kaldt ute!!! Det kan virke som om vi muligens får ei kvit jul i år. Det er veldig lenge siden sist så det hadde vore kjekt med eit lett melisdryss over hus og land i allefall på julafta. Eller egentlig fra klokka ni på lillejulafta. Då kunne dei som kom på konserten i kirka fått med seg litt ekstra julestemning inn i kirka og den hadde nok blitt endå sterkare når dei kom ut igjen etterpå, oppfylte med julesanger og julegleder.
Vi kan no i allefall håpe. Slik det er no må Trond ha seg ein tur inn til Stavang og hente meir ved. Ikkje fordi det er tomt, men eg har fått meg vednisje i stua og den ser litt rar ut uten ved... Det passer liksom ikkje heilt inn... Så då må Trond hente ved.
I kveld skal eg ut og ete med klubben. Det blir nok like kjekt som det alltid blir. Siden dei fleste spiseplassane i byen er stengt blir det Hjørnevikbua i kveld. Det er det beste alternativet for tida og det skal bli godt med nåke godt. Eg får kose meg med god mat no før jul, for når jula er over skal det bli andre boller igjen. Vi som var blitt så flinke med mat og trim har berre sklidd ut i uløkka igjen og det må vi ta oss sammen på igjen. No veit vi korleis, det er berre å gjør det. Den tid den sorg. No er det snart jul og eg har i allefall planer om å kose meg med julegodtet som vi har laga. I morra skal vi handle inn julematen også så då blir det berre lækkert! Og med ei nyrydda matbu har eg jo plass til litt av kvart.
Men skal det bli jul så må eg vel vri opp vaskefilla og komme igang. Hvis ikkje kan eg ikkje synge julekveldsvisa den 23.desember om kvelden. Så no får eg berre finne fram bøtte og klut og så snakkes vi muligens i morra.
Så det er her du har gøymt deg
kanin av støv.
Så du trudde du kunne lura meg
fann deg jo same staden sist laurdag.
Du treng ikkje be for livet ditt
med merke etter barnehender.
Dei same hender har gripe hjarta mitt,
eg treng ikkje deg for å minnast.
Du dukkar opp frå ingen stad.
I rester frå juletre.
Men din siste time er komen nå
det er snart jul, vi er midt i desember.
Kom berre mot meg de hær kledd i grått
til slutt må alle ned på kne
eg er krigsherre med grønsåpekrone.

16 desember, 2009

Juleferie!!!!!

Ja, no er eg ferdig på jobb for i år! Så fantastisk deilig.

Misforstå meg rett; eg elsker jobben min, men det er likevel deilig med ferie!!!


I dag har eg laga kvit sjokoladekonfekt. Eg har gjømt den på en lur plass og håper på at den varer heilt til jul. Dei blei faktisk veldig gode...

Hadde jo planer om både karameller og trøfler, men det er jo enno ei veke igjen til jul,

så mykje kan skje...


I går glømte eg heile blogginga... Men det er fordi vi var på juleavslutning i klassen til Marthea og så var det Grey's Anatomi og det er jo hellig.

Etter Grey's tok eg meg en tur inn til Kristin og då gjekk jo klokka, som vanleg.

Juleavslutninga til 3c var veldig koselig. Men dei kunne med fordel hatt den i eit litt større klasserom. 102 personer inne i et lite klasserom som egentlig er for lite til elevane...

Snakka meg om sild i tønne!!!

Men elevane var flinke. Vi fekk sjå både julespel, sang, dans, musikkinnslag og tryllekunster. Tilslutt var det loddsalg og Marthea vann to premier. Det var stor lykke. I fjor var ho kjempesur fordi ho ikkje vann...


I kveld vil eg avslutte med eit visdomsord om venner



Venner er som engler, som løfter oss opp på våre føtter,

når våre vinger har problemer med å huske hvordan man flyr…


14 desember, 2009

Den som venter på nåke godt...

Ventetid...

Eg venter på jula.
Eg venter på at huset mitt skal rydde seg sjølv.
Eg venter på at ungane skal klare å rydde opp etter seg.
Eg venter på at eg sjølv skal klare å holde orden.
Eg venter på at arbeidslysta skal komme.
Er det rart ventetida er lang?

Dette er vel en grei beskrivelse av tingenes tilstand i Røverhuset. Det er masse som skal gjøres, men lite blir gjort. Det føles litt som å måke snø i snøstorm. Uansett kor eg rydder og vasker så er det en eller annen røverunge som går etter meg og lager kaos. Mi einaste trøst er at en eller anna gang vil eg muligens savne at dei rota rundt meg... Sjølv om eg trur det blir VELDIG lenge til. Men rett skal være rett. Eg har faktisk vore i Fretexkontaineren med 26 poser med tøy i dag! Og så har eg rydda matbua. No er det faktisk plass til å ha mat der. Godt er det, for då kan vi ha julekakene der nede. Hvis ikkje trur eg det er stor fare for at det er lite kaker igjen når jula begynner... I dag hadde eg egentlig tenkt å lage karameller, men tida strakk ikkje til, så det får eg sjå om eg klarer å få til i morra. Eg skal ikkje lage så veldig masse til jul. Litt konfekt og litt gjærbakst, men ellers svært lite.

Så konklusjonen min for dagens blogg er: Brett om skjortearmane, finn fram vaskebøtta og kom deg opp av sofa'n. Det er snart jul, og om nåke skal bli gjort må du gjør det sjølv... Så det får eg gjør. No skal eg sove på det til i morra.

13 desember, 2009

Lys i mørketida.

Det kvile ei natt over landet i nord
og husan er små der kor menneskan bor;
men tida er travel i karrige kår,
rokken han svive og vevstolen går,
det lever i løa, i naustet og smia
et lys imot mørketida.

Snøen ligg, tung over frossen jord,
ute står mørket om fjell og om fjord.
Vårherre, gje livberging, søtmat og súl
når døgnan sig fram imot advent og jul . . .
Så støype vi lys midt i hardaste ria.
Et lys imot mørketida.

Dagen er borte og natta er stor
men i mørketidslandet skal høres et ord
om sol som skal snu så det bærer mot dag,
om folk som skal samles til helg og til lag.
På veien mot Betlehem bærer Maria
et lys imot mørketida . . .
En vakker sang med tekst av Trygve Hoff.
I dag har vi tent det tredje adventslyset.
Slik kan det høres ut når tre av røverbarna skal synge og tenne lys ;)
Med litt hjelp fra mamma blir det nærmest perfekt.

Det har jo vore den store lysdagen i dag. Sjølvaste Luciadagen.

Eg og Kristin har hatt avslutning med sangelevane våre i dag, og den begynte vi nede på omsorgsenteret med eit vakkert Luciatog. Dei var så skjønne der dei gjekk i gangane og sang Luciasangen nesten 100 ganger (det føltes i allefall slik).

Det var rørande både for gamle og unge...

Eg hadde jo planer om å få laga Lussekatter i dag, men den planen gjekk i vasken. Det har vore så masse i dag. I tillegg til avslutning med elevane har Adrian vore på Amfi og dansa. Han er med i ei guttegruppe med dansere som kulturskulen har og dei er berre råkule. I dag har dei framført sin hyllest til Michael Jackson. Så Lussekatter blir det ikkje i år. Men eg har laga ferdig mine deilige Sarah Bernard. Og eg er svært glad for at eg dobla oppskrifta. Av en eller annen grunn så blir det færre og færre igjen av dei. Ingen har vore i kjøleskapet og tatt, så eg skjønner ikkje kor dei blir av. Eg trur eg må gøyme dei på en lur plass som berre eg veit om... eller kanskje ikkje... gode blei dei i allefall. Ingen tvil om det.

I dag har eg funne ut at om vi skal ha nåken som helst mulighet for å klare å bli ferdig med huset til jul så må vi lage oss ei liste. Det er ikkje så masse som skal gjørast, men når vi ikkje klarer å bli enige om kva som er viktig så er det litt vanskelig å bli ferdig. Eg vil ha orden i dei romma vi er i, Trond vil lakke golvet i kjelleren... Vi får sjå kem av oss som vinner ;) Er det ikkje innenriksministeren som bestemmer slikt?

No er vi ferdig med nesten alle juleavslutningane her i familien. Det er berre avslutninga til Marthea sin klasse igjen. Den skal være på tirsdag og ho gleder seg veldig til det. Ho skal spille skuespill og synge og ho styrer så voldsomt at det er godt det snart er over. Adrian sin klasse skal ikkje ha avslutning med foreldre. Dei skal lage julefrokost i klassen og kose seg sammen siste dagen før ferien. Det syns eg er en god ide. Det kan bli litt masse avslutninger no før jul. I allefall for oss som har fire unger. syns alle desse avslutningane gjør til at det blir masse unødvendig stress og mas i førjulstida. Men samtidig skjønner eg jo at dei fleste vil vise fram litt forskjellig for foreldre og venner. Det er jo derfor kulturskulen har forestilligner og avslutninger. Det er veldig kjekt, men også godt når det er over.

Men no er det bare elleve dager igjen til jul, og snart skal engler dale ned i skjul ;)

Ha en fin kveld og ei god natt ;)

12 desember, 2009

Det skal bli andre bollar når papen kjem heim...

det har dessverre blitt litt dårlig oppfølging på blogginga dei siste dagane, men slikk aer det bare. Eg er så fryktelig kveldstrøtt at eg trur rett og slett eg må gå over til formiddagsblogging...
Det er faktisk ikkje så mykje nytt som har hendt i Røverhuset siden sist. Røverpappa har komt heim (kanskje ikkje så rart eg har hatt andre ting å ta meg til enn å blogge), og det har vore øving til julekonserten. Lillejulaftakonserten er i rute og det er bare å gjøre seg klar til ei deilig og stemningfull tid i kirka lillejulafta kl 21.00 og kl 23.00.

Vi fekk ei god nyhet i går. I allefall er den god enno så lenge. Simon og pappa'n har gått ut av kirkeasylet og har levert ny asylsøknad i Oslo. Så no får vi bare krysse alt vi har for at UDI realitetsbehandler saken deira og at dei kan få ro og fred til å ha eit godt liv i Florø. DET hadde vore ein fantastisk julepresang.

i gårkveld var eg på Hagen. Det var veldig kjekt. Dei har åpna igjen og dei som eiger skal drive sjølv. Eit godt tiltak trur eg. Det blir meir samsvar mellom det ein tenker og korleis det blir sett ut i livet då. Uansett veldig bra at det opna igjen.

I dag har eg egentlig planer om å lage litt julegodt. Men eg kjenner eg er litt tregstarta i dag etter en tur på byen i går... Får finne litt startgass og komme meg igang.

Ha en fin juledag og ikkje stress, for vi skal jo ha stressfri førjulstid ;)

09 desember, 2009

Du skal få en dag i mårå...

Ja slik blei det. I gårkveld hadde eg skreve alt og skulle bare trykke på å laste opp et bilde. Det utrulege hendte at eg SOVNA i det er trykt på antall kopier og det med museknappen trykt inn... Resultatet blei at eg våkna med en blogg som desperat prøvde å laste inn over 100 bilder av en søt bamse... Den stakkars maskina mi blei så overarbeidd at eg ikkkje fekk stoppa opplastinga og det endte med at eg berre måtte nødstoppe heile greia. Så derfor blei det ikkje julekalender i går... "Jaja", tenker nok du, "du blei vel bortført av romvesen også", men det er faktisk heilt sant!! Foresten så drive denne maskina og lever sitt eget liv for tida. Mulig det har en sammenheng med at Adrian har lånt den litt et par dager til nåke leksestyr på nettet... Får vel prøve å få den inn til en av dei mange potensielle datadoktorene eg kjenner...

I dag var det siste undervisningsdag på kulturskulen før jul. I allefall for min del. Neste veke er det evaluering og planlegging. Det er litt rart at det snart er jul. Syns liksom at sommerferien nett er over. Tida flyr så fort at eg nesten ikkje klarer å henge med. Det er bare å holde seg godt fast.
Heldigvis snur sola snart og då blir det sommer før en aner ordet av det.

For første gang på veldig mange år føler eg at eg er i forkant når det gjelder julepresangane. Har fått handla dei aller fleste og dei eg ikkje har handla er ferdig planlagt. DET er jo den verste jobben. Dette var jo et av dei tinga eg hadde på lista mi over forbedringer fra i fjor, så då kan en vel sei at eg har lært litt...

Men no har eg ein liten slakk og snørrete klump liggande på sofa'n. Plutselig så slo kruppen inn igjen og det blir masse snørr og tårer. Så no skal eg få han med meg ut i senga og så får vi bare håpe det blir nok søvn i natt...

Natta...

07 desember, 2009

Dancing queen and dancing king

Eg er definitivt på vei inn i julemodus. Våkna i dagmorres og tenkte: "bare to veker igjen på jobb, så er det juleferie!" Det kjentes veldig deilig ut... Ikkje det at eg ikkje likar å gå på jobb, men eg liker ikkje å stå opp om morra'n. Derfor liker eg fredager best. For då kan eg legge meg uten å slå på vekkerklokka. Det kan eg jo egentlig lørdag og, men då kan eg og også sove så lenge eg vil. Samtidig meiner eg at man ikkje skal sove så masse. Det kan en gjør når en blir gammal...

Dagen i dag blei litt meir hektisk enn eg hadde tenkt. Plutselig blei eg med Kristin til Førde og då fekk eg ikkje gjort alt det eg hadde tenkt, men en koselig førdetur blei det og så gjekk eg rett på jobb igjen etterpå. Var bare fem minutt innom røverhuset og henta dei to eldste ungane før eg kjørte dei på generalprøve til danseforestillinga deira i morra. Det er så kjekt at eg hat to som er så glade i å danse! Spesielt kjekt er det at Adrian ser ut til å være heilfrelst. Han spurte om å få lov til å begynne på ei dansegruppe til!
I morra er det forestilling og det gleder eg meg veldig til! Adrian er med i ei guttegruppe og dei skal danse til "Billie Jean" av Michael Jackson. Han er så kul her han moonwalker rundt i huset i dress, hatt og en kvit hanske.
Marthea skal danse til Jingle Bells og ho gleder seg nok om mulig like masse eller meir enn Adrian. Det er så deilig å se at dei ikkje har det snev av nerver. Dei berre gleder seg!

Når danseforestillinga i morra er ferdig har vi bare ei skuleavslutning igjen og så er det julefri og vi kan gjør bare det vi vil. Då kanskje vi får tid til å bake litt meir og å gjør julehuset vårt heilt ferdig. Eg vil så gjerne at heile huset her skal være et julehus...

Men no skal eg ete litt meir smågodt før eg skal krype opp i senga mi og lese litt meir i den fantastiske boka mi...

06 desember, 2009

Etter den søte kløe, kommer den sure svie...

Ja, slik er det desverre... Hadde en veldig travel fredag med forberedelser og gjennomføring av Kulturskulen si juleforestilling "Nissen på verdensreise". Det blei braksuksess. Ungane "våre" er så kjempeflinke til å tilpasse seg våre sprell. På konserten fekk vi vist bredden til kulturskulen og det er jo litt av formålet med desse forestillingane. Ta gjerne en kikk på http://www.firdaposten.no/


Denne gangen blei det også eit par glass vin hos Eilif etterpå og då blei det plutselig VELDIG seint/tidlig. Derfor blei det verken blogging på fredag eller i går...
Syns det er gyldig "fravær",eg.
I dag har eg gjort eit forsøk på å komme litt lenger i juleforberedelsane her i huset. Har fått opp gardin på kjøkkenet og baka kakemenn. Dvs. ungane har baka kakemenn. Marthea, som er reservemamma her i huset, tok med seg dei to minste og baka ut ei heil deig og det gjekk som smurt. Det er med blanda følelser eg innrømmer at eg er overflødig i kakemannbaksten...


Vi har ellesr hatt en sløvedag i dag. Fyr i ovnen med ei god dose Kongerøykelse oppå har gitt ei deilig julelukt i huset. Julemusikk har vore på "anlegget" i heile dag og ungane har vore ute og leika. Det er deilig med dager kor ingen plan er planen og når en i tillegg klarer å la vær å ha dårlig samvittighet for alle skulle-burde, så kan det ikkje bli meir perfekt.


Veka som skal begynne no blir ei veke med full rulle. Generalprøver og forestillinger for dei to største og så kjem Trond heim. DET gleder vi oss til alle mann (og damer). Det å være aleine med ungane går veldig bra, men eg syns det er trist at han går glipp av både kulturskulekonserten og danseforestillinga som dei er med på. Men slik er det berre. Godt vi har opptak å sjå på.


I morra tenkte eg å prøve meg på å lage sjokoladetrøfler. Dei ser så deilige ut. Hvis en eller annen har erfaring med å lage slike så legg gjerne igjen litt tips til meg. Eg må prøve å lage litt julegodt i år siden det kan se ut som om det blir storfamiliejul på oss i år. Skal feire sammen med mamma, pappa og Eirik, Svigers og Frode og muligens bestemor og bestefar på Takle. Tenk så heldige ungane er som får samla besteforeldre og halvparten av oldeforeldrene sine på julafta. Masse folk og det er kjekt.


Så då bør eg vel prøve å få gjort ferdig resten av jula her i huset...

Godt Trond kjem heim snart ;)

Et lite bilde av julestemningen min ;)


03 desember, 2009

Det såg ut som du trengte å kvile litt...


For en deilig travel dag...

Når en har fire barn og er gressenke i perioder er det en utfordring å få nok tid til en og en unge. Sammen er jo heile flokken på ettermiddagane og det er veldig koselig, men nåke eg ofte savner er å ha tid til å være sammen med en og en. Det har eg fått tid til i dag.
Eg og Torje har kosa oss masse sammen. Vi begynte dagen etter at dei tre andre var komt seg på plass i barnehage og på skulen. Vi begynte med å se gårsdagens og dagens episode av "Jul i Skomakergata". Vi krølla oss sammen i sofa'n og tok teppe på oss og så såg vi på skomaker Andersen. Vi skulle jo bare se dei to nevnte episodane, men eg sovna og våkna ei stund etterpå. Då var torje ferdig med fire episoder... jaja. I morra blir det ikkje tid til det, så det er aldri så gale at det ikkje er godt for nåke... Eg spurte Torje om korfor han ikkje hadde vekt meg og då svarte han: "Fordi det såg ut som du trengte å sove litt vel..." Omtenksom liten skatt eg har.

Etter at vi hadde klart å komme oss ut av sofa'n var vi en tur på førskulekontroll på helsestasjonen. Det var litt rart. Plutselig gjekk det opp for meg at vi faktisk har endå en skulegutt til høsten. Torje som alltid har vore vår lille klump er i ferd med å bli stor.

Etter førskulekontroll var det tid for høgdepunktet for Torje. Han og eg skulle på jobb! Siden vi har brukt dagen på å rigge scena til konserten i morra fekk Torje være med meg på jobb og han har fått jobba med litt forskjellig. Det toppa seg når han blei med på loftet og fann en kornett... Han blåser og lager masse lyd. Det har vore en kjekk dag både for han og meg.


Resten av dagen min har gått med til generalprøve til konserten. Den tar som vanlig masse tid, men vi blir bedre og bedre gang for gang. Masse unger og instrumenter som skal være på rett plass til rett tid. Et fantastisk spennande og gjevande arbeid!


Men en lang dag tar på og sjølv om dette er veldig kjekt så blir det godt å være ferdig på fredag kveld. Då er det "bare" avslutningar på rekke og rad... Men det er jo også koselig.


Så no skal eg innta bingen og prøve å sove meg gjennom ei heil natt. Får håpe på at ungane også har tenkt på å sove seg gjennom heile natta...


Eg vil avslutte dagens blogg med et nydelig dikt..


Barneøyne

Du kommer inn med våte kinn
og sol og regn er dagen din
Du søker trøst i mine armer
Jeg tørker dine tårer bort-
og alt det dumme glemmes bort
Du, er like god som alle andre


Lille venn du er full av sjarm,
øyne som ler og en hud myk og varm
I en verden av sol og regn
lever et håp i barneøyne
Et lys bor i et barnesinn
hvor mørke slippes sjelden inn


Det er så mye du kan lære meg
Mitt hjerte banker varmt for deg
når du står foran livets vei
Hvor går din ferd i denne verden


Lille venn du er full av sjarm,
øyne som ler og en hud myk og varm
I en verden av sol og regn
lever et håp i barneøyne.

02 desember, 2009

"Ha'kke tid...."

I dag hr det vore en sånn dag då du ønsker av heile ditt hjerte at du kunne vore klona. At en av meg kunne vore heime og tatt seg av huset, en var med ungane og en var på jobb... Men ei supermamma treng ingen kloning for å fikse alt. Nei, her var det berre å starte tidlig. Bendik hadde time på sjukehuset i Førde klokka ni og det betydde at eg, som HATER å stå opp måtte opp halv seks for å få alt klart før eg måtte ut av huset. Deg gjekk fint og kontrollen på sjukehuset gjekk bra også. Blir litt forundra over resursbruken til helsevesenet... Bendik opererte vekk fistler på ørene sine for en mnd siden. Alt gikk bra, ingen komplikasjoner og sårene har grodd perfekt. Det var dette kirurgen skulle sjekke i dag. Han såg på arrene, konstanterte at arrene var fine og så fekk vi reise heim! Og det måtte eg kjøre en time kvar veg for! Jaja, det er vel berre slik det er...

I dag hadde vi felles øving for sangelevane. Fredag er det konsert og konsertstresset begynner å melde sin ankomst. Noter som mangler og barn som er forvirra... Akkurat slik vi liker det og det er travelt og det skal det være. Så kan vi slappe av etterpå. Eg er berre så glad for at eg får lov å være en del av dette. Kan du tenke deg nåke bedre enn å være en del av barn og unge si kulturopplæring? En ære er det. Eg er så glad eg valgte dette!

I dag fekk eg tak i to julegardiner til. Har hengt opp i stua og kom plutselig på at eg mangla i gangen. Heldigvis hadde dei to til på Europris så no er det rødt i alle vindu... nesten. Men no er det nok rødt. Det er greit det er jul, men det kan bli for masse.

Eg lurte på om eg skulle prøve meg på ein ny kakesort i år... Sara Bernard. Har hørt så masse snakk om desse kakene at eg begynner å bli nysgjerrig. Men eg har forstått at det er eit tidkrevande arbeid å lage dei. Mulig eg må ta helga til hjelp. Om nåken veit korleis en lagar det så send meg gjerne ei oppskrift og en komentar på kor gode dei egentlig er. Må jo være nåke spesielt når folk lager seks og sjudobbel porsjon...
Vi får sjå om det blir. Eg hater og sei at eg har dårlig tid no før jul, men eg har også lært at en ikkje skal lyge, så då får eg berre innsjå at eg må senke kravene litt.

Nei, no har eg visst lirt ut av meg nok fjas. Eg får finne bingen og håpe på at det er litt lettere å stå opp i morra... Eg liker ikkje å stå opp!!! Og heller ikkje å legge meg...

"Den som ikkje drømmer, har ingen drømmer som kan gå i oppfyllelse"

01 desember, 2009

I denne søte førjulstid



Ja, så var desember her igjen. Og det betyr at små og store skal ha julekalender. Her i Røverhuset tar loftnissen seg av kalenderen til ungane, men eg må lage min egen. Kva er då bedre enn en julebloggkalender?


Satt her tidligere i dag og las blogginnleggene fra i fjor og ser at det som var viktig for meg då faktisk er viktig for meg også i år. Eg ønsker ei rolig og stemningsfull førjulstid med tid og rom til julebakst og kos med ungane. Men eg har også skjønt at eg kanskje må skru ned forventningane mine slik at det er mulig å få til alt eg vil. Kanskje må eg berre innse at å få inn ny ytterdør og få fiksa opp vindfanget faktisk kan vente til etter jul... Ville jo helst at det skulle skjedd i går. Vi får sjå kva som skjer. Det blir i allefall ikkje før Trond kjem heim.


Trond drog på jobb på "øya", som ungane kaller det, i går. så han får heller ikkje i år med seg kulturskulen sin julekonsert. men slik er det bare. Vi skal kose oss masse når han kjem heim.


I går kom jula sitt første snøfall. Dvs. det begynte å snø litt på søndag. DÅ var det koselig. 1.søndag i advent og så kom det litt melisdryss på folk som var inne og såg på grana. I år fekk eg ikkje med meg åpninga av julegata. Eg var hos mamma og baka lefser, og Torje og Marthea var med bestemor inn i gata. adrian var med en kamerat og Bendik var med Trond heime. Eg trur det er første gang siden vi fekk ungar at vi ikkje er med, men i år ville eg prioritere lefsene. "Straffen" for det er sinnsjuk gangsperre i øverste delen av magen. Men lefsene var gode og gangsperr tåler eg.


Siden dette er bloggkalenderens første innlegg kan eg ikkje skrive så masse, men eg skal avslutte med teksten til en sang som no i juletida spelar på cd'n fleire ganger om dagen.


Det strålar en stjärna förunderligt blid,

i öster på himlen hon står.

Hon lyst över världenes oro och strid

i nära två tusende år.

När dagen blir mörk och när snön faller vit,

då skrider hon närmre,

då kommer hon hit

och då vet man,

att snart är det jul.


Ty julen är härlig för stora och små,

är glädje och ljuvaste frid,

är klappar och julgran och ringdans också,

är lycka oändligen blid,

är ljus, alla ögon då stråla som bäst,

och stjärnorna tindra som mest och där ljuset är,

där är det jul.


28 mars, 2009

Årets første blogginnlegg

Ja, eg veit at eg burde, men det driter eg i ;)
Har fyllt dagane og kveldane med masse anna enn å skrive tull og fjas om det som skjer i Røverhuset. Men no syns eg at eg hadde litt å meddele, så då passa det bra å skrive litt.

Dersom eg skal oppsummere dei tre første månedene av 2009 med eit par ord, så må det bli Spesifikke Språkvansker. Eg føler eg har brukt all mi nett-tid i det siste til å samle informasjon om temaet, og dessverre så er eg ikkje blitt særlig klokere. Og du lurer nok heilt sikkert på korfor i alle dager eg har brukt tida på å leite etter slike saker, og då er svaret enkelt: Adrian har fått bekreftet at det er spesifikke språkvansker som gjør at det å gå på skolen ikkje er så lett for han. Og siden dette er ei forholdsvis ukjent diagnose, så er det lite informasjon å spore om temaet. Så kva gjør en då? Jo då oppsøker en alle fora kor en kan høste litt kunnskap. Og det har resultert i at eg i dag har blitt kontaktpersom for "foreldreforeningen for barn med spesifikke språkvansker" i Sogn og Fjordane. her var det ingen og eg syns det er viktig at vi som har barn med denne diagnosen har en mulighet for å snakke med andre som har det som oss. Det her er absolutt ikkje nåke enkelt å ordne opp i heilt på egenhånd. Bare gjennom åpenhet og god informasjon kan vi hjelpe barna våre! Så kjenner du nåken med spesifikke språkvansker, eller lurer på kva dette er, så er det bare å ta kontakt. Eg skal prøve å svare så godt eg kan.

Apropo barn. Eg blei tante 16.februar! Til ei bittelita snuppe! Nina og Tommy fekk seg ei lita prinsesse fem uker før tida, men alt gjekk veldig bra og sjølv om ho var lita då så legger ho godt på seg no og er blitt både rund og god. Så no er vi like mange unger både i nr 2 og nr 3 ;)

Ellers så har eg vore med på mitt livs kjekkaste opplevelse denne seinvinteren. Florarevyen! herregud så kjekt eg har hatt det! veldig masse kjekke folk, nye utfordringer og fantastiske tilbakemeldinger. Eg har fått mange nye venner og eg har vore på mitt aller første narchspiel!!! Bedre seint enn aldri ;) Eg fekk vel egentlig festa meir på dei to helgene vi hadde forestilling enn eg har gjort dei siste åra. Kan ikkje huske at eg nåken gong har vore ute fredag og lørdag to helger på rad... Nåken vil muligens sei at det var på tide og det var det nok, men livet mitt har på en måte hatt eit heilt anna fokus hittil. Før var det barn og barneproduksjon, no er det først og fremst barn, men også mammatid. Eller Ann Kristin tid, som eg kaller det. Eg trur det er viktig for alle mødre å innimellom få lov til å være i et fora kor en ikkje er mamma, men seg sjølv. Sunt for alle parter! Uansett så har eg, for å sei det med Kurt Arve sine ord : "We have got the best time we have ever had!!!"
Gleder meg til 30.mai og jubileumsforestilling! Godt eg blei med akkurat i år ;)

Så over til nåke heilt anna. I kveld har vi hatt "WinterSkau" i Røverhuset. Og vi har deltatt på verdens største miljømarkering, Earth Hour. Kristin og ungane kom ut til oss og vi lagde taco og sang ABBA sing star. Alle lys i huset blei skrudd av klokka 20.30 og vi hadde massevis med stearinlys over alt. Koselig. Men det var egentlig veldig kjedelig å se ut vinduet og oppdage at vi var heilt aleine om denne markeringa i nabolaget. Ingen andre hadde skrudd av alle lysene sine... ungane var heilt fortvila og trua med å gå rundt i nabolaget og be folk skru av lysene for å markere motstanden til klimaendringene. Jaja, så var i allefall vi flinke!

Så sjølv om Earth Hour bare varte en time, så sitter eg fremdeles her i stua med bare stearinlys og skriver mitt blogginnlegg... koselig og fredelig. Så no skal eg kose meg litt til før eg stiller klokkene litt fram og kryper til køys.