01 desember, 2009

I denne søte førjulstid



Ja, så var desember her igjen. Og det betyr at små og store skal ha julekalender. Her i Røverhuset tar loftnissen seg av kalenderen til ungane, men eg må lage min egen. Kva er då bedre enn en julebloggkalender?


Satt her tidligere i dag og las blogginnleggene fra i fjor og ser at det som var viktig for meg då faktisk er viktig for meg også i år. Eg ønsker ei rolig og stemningsfull førjulstid med tid og rom til julebakst og kos med ungane. Men eg har også skjønt at eg kanskje må skru ned forventningane mine slik at det er mulig å få til alt eg vil. Kanskje må eg berre innse at å få inn ny ytterdør og få fiksa opp vindfanget faktisk kan vente til etter jul... Ville jo helst at det skulle skjedd i går. Vi får sjå kva som skjer. Det blir i allefall ikkje før Trond kjem heim.


Trond drog på jobb på "øya", som ungane kaller det, i går. så han får heller ikkje i år med seg kulturskulen sin julekonsert. men slik er det bare. Vi skal kose oss masse når han kjem heim.


I går kom jula sitt første snøfall. Dvs. det begynte å snø litt på søndag. DÅ var det koselig. 1.søndag i advent og så kom det litt melisdryss på folk som var inne og såg på grana. I år fekk eg ikkje med meg åpninga av julegata. Eg var hos mamma og baka lefser, og Torje og Marthea var med bestemor inn i gata. adrian var med en kamerat og Bendik var med Trond heime. Eg trur det er første gang siden vi fekk ungar at vi ikkje er med, men i år ville eg prioritere lefsene. "Straffen" for det er sinnsjuk gangsperre i øverste delen av magen. Men lefsene var gode og gangsperr tåler eg.


Siden dette er bloggkalenderens første innlegg kan eg ikkje skrive så masse, men eg skal avslutte med teksten til en sang som no i juletida spelar på cd'n fleire ganger om dagen.


Det strålar en stjärna förunderligt blid,

i öster på himlen hon står.

Hon lyst över världenes oro och strid

i nära två tusende år.

När dagen blir mörk och när snön faller vit,

då skrider hon närmre,

då kommer hon hit

och då vet man,

att snart är det jul.


Ty julen är härlig för stora och små,

är glädje och ljuvaste frid,

är klappar och julgran och ringdans också,

är lycka oändligen blid,

är ljus, alla ögon då stråla som bäst,

och stjärnorna tindra som mest och där ljuset är,

där är det jul.


1 kommentar:

Anne Marie sa...

God førjulstid til dere! Håper det blir masse kos og et ambisjonsnivå som ikke gir noe stress.