16 desember, 2009

Juleferie!!!!!

Ja, no er eg ferdig på jobb for i år! Så fantastisk deilig.

Misforstå meg rett; eg elsker jobben min, men det er likevel deilig med ferie!!!


I dag har eg laga kvit sjokoladekonfekt. Eg har gjømt den på en lur plass og håper på at den varer heilt til jul. Dei blei faktisk veldig gode...

Hadde jo planer om både karameller og trøfler, men det er jo enno ei veke igjen til jul,

så mykje kan skje...


I går glømte eg heile blogginga... Men det er fordi vi var på juleavslutning i klassen til Marthea og så var det Grey's Anatomi og det er jo hellig.

Etter Grey's tok eg meg en tur inn til Kristin og då gjekk jo klokka, som vanleg.

Juleavslutninga til 3c var veldig koselig. Men dei kunne med fordel hatt den i eit litt større klasserom. 102 personer inne i et lite klasserom som egentlig er for lite til elevane...

Snakka meg om sild i tønne!!!

Men elevane var flinke. Vi fekk sjå både julespel, sang, dans, musikkinnslag og tryllekunster. Tilslutt var det loddsalg og Marthea vann to premier. Det var stor lykke. I fjor var ho kjempesur fordi ho ikkje vann...


I kveld vil eg avslutte med eit visdomsord om venner



Venner er som engler, som løfter oss opp på våre føtter,

når våre vinger har problemer med å huske hvordan man flyr…


Ingen kommentarer: