17 desember, 2009

Der nærmer seg fort no...

Jippi Jippi Jippi Jippi Jippi Jippi Jippi Jippi Jippi
Eg er ferdig med å handle julegaver!!! OG eg har fått avgårde dei som skal i posten.
Veldig deilig. Ingenting som henger over meg og krever at eg bruker tankekraft på det. Håper på at alle blir såre fornøyd med det dei får i år. Og dei som ikkje blir det får bare ha det så godt ;)
Planen var at vi skulle ta oss en tur til Førde i dag, men eg droppa det og gjorde meg ferdig her i byen. Då blir handelsnæringa også fornøyd. Handelslekasje er nåke dei liker dårlig.
Kvifor folk reiser til Førde for å handle er eit anna spørsmål og det har eg ikkje tenkt å bruke tid og plass på her. Eg klarte no i allefall å bli ferdig her og er fornøyd med det.
Eg og Trond har kjøpt julegave til oss sjølv i dag også. Den blir ikkje liggande under treet, men er sårt savna og kjem virkelig til nytte. I september rauk tørketrommelen vår og siden då har vi tørka kle i gangen, i stua og ellers over alt. Eg hater å ha klær hengande slik og i tillegg så er det umulig å komme ajour med klevask når en bruker to dager på å tørke ei maskin med klær og vi vasker minst ei for dag. Så i dag har vi funne tørketrommel og vi får den på tirsdag. Det skal bli en lettelse. Deilig å kunne få ørka dressane til ungane i løpet av et par timer i stedenfor å bruke fire dager. Kor miljøvennlig det er i forhold til strømforbruk bryr eg meg lite om akkurat når det gjeld denne saken. For alt eg veit er det miljøvennlig å bruke trommel også. Har egentlig ikkje satt meg så veldig inn i det ;)
I dag er det så innmari kaldt ute!!! Det kan virke som om vi muligens får ei kvit jul i år. Det er veldig lenge siden sist så det hadde vore kjekt med eit lett melisdryss over hus og land i allefall på julafta. Eller egentlig fra klokka ni på lillejulafta. Då kunne dei som kom på konserten i kirka fått med seg litt ekstra julestemning inn i kirka og den hadde nok blitt endå sterkare når dei kom ut igjen etterpå, oppfylte med julesanger og julegleder.
Vi kan no i allefall håpe. Slik det er no må Trond ha seg ein tur inn til Stavang og hente meir ved. Ikkje fordi det er tomt, men eg har fått meg vednisje i stua og den ser litt rar ut uten ved... Det passer liksom ikkje heilt inn... Så då må Trond hente ved.
I kveld skal eg ut og ete med klubben. Det blir nok like kjekt som det alltid blir. Siden dei fleste spiseplassane i byen er stengt blir det Hjørnevikbua i kveld. Det er det beste alternativet for tida og det skal bli godt med nåke godt. Eg får kose meg med god mat no før jul, for når jula er over skal det bli andre boller igjen. Vi som var blitt så flinke med mat og trim har berre sklidd ut i uløkka igjen og det må vi ta oss sammen på igjen. No veit vi korleis, det er berre å gjør det. Den tid den sorg. No er det snart jul og eg har i allefall planer om å kose meg med julegodtet som vi har laga. I morra skal vi handle inn julematen også så då blir det berre lækkert! Og med ei nyrydda matbu har eg jo plass til litt av kvart.
Men skal det bli jul så må eg vel vri opp vaskefilla og komme igang. Hvis ikkje kan eg ikkje synge julekveldsvisa den 23.desember om kvelden. Så no får eg berre finne fram bøtte og klut og så snakkes vi muligens i morra.
Så det er her du har gøymt deg
kanin av støv.
Så du trudde du kunne lura meg
fann deg jo same staden sist laurdag.
Du treng ikkje be for livet ditt
med merke etter barnehender.
Dei same hender har gripe hjarta mitt,
eg treng ikkje deg for å minnast.
Du dukkar opp frå ingen stad.
I rester frå juletre.
Men din siste time er komen nå
det er snart jul, vi er midt i desember.
Kom berre mot meg de hær kledd i grått
til slutt må alle ned på kne
eg er krigsherre med grønsåpekrone.

Ingen kommentarer: