12 desember, 2009

Det skal bli andre bollar når papen kjem heim...

det har dessverre blitt litt dårlig oppfølging på blogginga dei siste dagane, men slikk aer det bare. Eg er så fryktelig kveldstrøtt at eg trur rett og slett eg må gå over til formiddagsblogging...
Det er faktisk ikkje så mykje nytt som har hendt i Røverhuset siden sist. Røverpappa har komt heim (kanskje ikkje så rart eg har hatt andre ting å ta meg til enn å blogge), og det har vore øving til julekonserten. Lillejulaftakonserten er i rute og det er bare å gjøre seg klar til ei deilig og stemningfull tid i kirka lillejulafta kl 21.00 og kl 23.00.

Vi fekk ei god nyhet i går. I allefall er den god enno så lenge. Simon og pappa'n har gått ut av kirkeasylet og har levert ny asylsøknad i Oslo. Så no får vi bare krysse alt vi har for at UDI realitetsbehandler saken deira og at dei kan få ro og fred til å ha eit godt liv i Florø. DET hadde vore ein fantastisk julepresang.

i gårkveld var eg på Hagen. Det var veldig kjekt. Dei har åpna igjen og dei som eiger skal drive sjølv. Eit godt tiltak trur eg. Det blir meir samsvar mellom det ein tenker og korleis det blir sett ut i livet då. Uansett veldig bra at det opna igjen.

I dag har eg egentlig planer om å lage litt julegodt. Men eg kjenner eg er litt tregstarta i dag etter en tur på byen i går... Får finne litt startgass og komme meg igang.

Ha en fin juledag og ikkje stress, for vi skal jo ha stressfri førjulstid ;)

Ingen kommentarer: