22 desember, 2009

visst skal jula komme....

No trudde du vel at eg hadde gitt opp heile julebloggen min... Men det har eg ikkje. Men det eg har er digre dataproblemer. Enten må eg ha ny trådløs router eller så må eg ha meg et meir stabilt nett. Ringte Enivest og dei skulle ringe meg opp igjen, men eg har enno ikkje hørt eit pip... Uansett er det viktigste at eg er på nett no, sånn at eg får oppdatert bloggen min.

Dei siste dagane har gått med til juleforberedelser. Vi har fått handla mat og presanger og det meste av huset er pynta og fiksa. Så no kan svigermor og jula bare komme.

I år har eg fått skikkelig julestemning. Lørdag bøtta det ned med snø og den har fått ligge i fred. Det ser faktisk ut som om det skal komme meir snø på julafta ;)
Snø er veldig koselig no når det er jul, men det er likevel ei plage når det ikkje er mulig for dei som brøyter å gjere en skikkelig jobb. Det burde ikkje vore umulig å få dumpa snøen på sjøen slik at vi slapp dei enorme brøytekantane i byen. Men det er visst ikkje så enkelt...

I morra har eg fullt program. Svigers og frode kjem og då må gjesteromma ordnast. Så er det den "O store" julekonserten i kirka. Det blir skikkelig koselig som alltid. Har vore hos kristin og lytta på opptaket som blei gjort på generalprøven i går, og det låter faktisk veldig flott. En julecd å være stolt av. Men no skal eg gjør litt meir av alt som skal gjøres og så skal eg legge meg og drømme søtt...

2 kommentarer:

Wenche sa...

Ønsker deg eit riktig godt nyttår! Håpar at du og familien din får eit nytt og spennande år, men ikkje for spennande:-) Eg synest det er så koseleg å lese adventsblgogen din:-) Håpar at du bloggar litt inn i mellom utan om advent også:-)

Godt nyttår!!

lisje astrid's husblogg sa...

Hei♥
Tusen takk for kos helsing frå deg♥
Eg har kjøpt formene på Christiania glassmagasin.Akkurat nå har dei halv pris på heile butikken.20 kr pr form..Løp og kjøp☺☺☺
Ønskar deg ein super laurdag♥
Klem frå Astrid☺