16 juli, 2008

I redsel for at bloggen blir sletta...

Hei!

Eg har nettopp funne ut at hvis eg ikkje oppdaterer innimellom, så kan det hende heile bloggen min blir sletta... Det ville vore usedvanlig trist....trur eg...

Å sei at det ikkje har skjedd nåkke særlig siden sist er bare tull, og at eg har hatt det alt for travwlt er også det. For eg har jo brukt pc'n kvar kveld og då kunne eg jo oppdatert, men det har eg ikkje gjort. Så sånn er det.


Det har faktisk hendt en heil del siden sist. Den største "begivenheten" var vel at arthea knakk foten heilt i slutten av mai. Ho hoppa på trampolina oppe hos tanta og hekta tåa fast i sikkerhetsnettet. Det endte med brudd heilt oppe i leggbeinet, rett under kneleddet. Mykje styr. Det blei gips fra lår til ankel og rullestol i fire veker. Veit ikkje ken som var mest lei på slutten... Eg holdt i allefall på å tørne. Når endelig gipsen var av starta kampen med å gå på foten igjen. Det var ikje bare bare, men no går det bedre og ho er nesten heilt som før igjen.


Så har jo ungane fått sommerferie. Dvs eg også. Det er utrulig deilig å sleppe å stå opp til lyden av vekkerklokka så alt for tidlig. Det er nesten det beste med heile ferien. Vi skal ikkje reise på nåkke tur i år. Adrian har vore to veker aleine i Skånevik og så har ungane vore på hytta. Litt "aleine" og litt sammen med oss. Det trur eg har vore bra både for foreldre og barn.

Og så har Trond fått seg ny jobb!!!!
Så no blir eg aleine med ungane i 14 dager og så kjem han heim og har fri i 14 dager. Det blir kjempespennende. Klart det blir annerledes og til tider veldig travelt, men korfor skal ikkje eg klare det når andre klarer det? Alt går når en er innstilt på det. Fokusere på det positive og glede seg over dei periodane han er heime. DET er min strategi.

Ellers så går livet sin vante gang her i Røverhuset. Eg er fortsatt "treningsnarkoman" og syns sjølv at eg er kjempeflink sjølv om det ikkje viser på vekta i det heile tatt. Men det får bare være sånn, for humøret og helsa er bedre, og det var tross alt derfor eg begynte å trene.
I forrige veke nådde eg eit av måla som eg hadde satt meg. I løpet av sommeren skulle eg på Hatlesetnipa, og det var eg på torsdag. Det var fantastisk flott. en tur som eg absolutt vil anbefale. Når eg satt på toppen der så tenkte eg at det er fryktelig synd at eg ikkje har sett den flotte utsikten før... Men det er aldri for seint. Heldigvis!

Bildet er utsikt fra Hatlesetnipa!

Ja slik er ståda her hos oss. Sommeren er lang enno og vi skal kose oss med ferie og forhåpentligvis masse fint vær og fleire fjelltopper...