28 mars, 2009

Årets første blogginnlegg

Ja, eg veit at eg burde, men det driter eg i ;)
Har fyllt dagane og kveldane med masse anna enn å skrive tull og fjas om det som skjer i Røverhuset. Men no syns eg at eg hadde litt å meddele, så då passa det bra å skrive litt.

Dersom eg skal oppsummere dei tre første månedene av 2009 med eit par ord, så må det bli Spesifikke Språkvansker. Eg føler eg har brukt all mi nett-tid i det siste til å samle informasjon om temaet, og dessverre så er eg ikkje blitt særlig klokere. Og du lurer nok heilt sikkert på korfor i alle dager eg har brukt tida på å leite etter slike saker, og då er svaret enkelt: Adrian har fått bekreftet at det er spesifikke språkvansker som gjør at det å gå på skolen ikkje er så lett for han. Og siden dette er ei forholdsvis ukjent diagnose, så er det lite informasjon å spore om temaet. Så kva gjør en då? Jo då oppsøker en alle fora kor en kan høste litt kunnskap. Og det har resultert i at eg i dag har blitt kontaktpersom for "foreldreforeningen for barn med spesifikke språkvansker" i Sogn og Fjordane. her var det ingen og eg syns det er viktig at vi som har barn med denne diagnosen har en mulighet for å snakke med andre som har det som oss. Det her er absolutt ikkje nåke enkelt å ordne opp i heilt på egenhånd. Bare gjennom åpenhet og god informasjon kan vi hjelpe barna våre! Så kjenner du nåken med spesifikke språkvansker, eller lurer på kva dette er, så er det bare å ta kontakt. Eg skal prøve å svare så godt eg kan.

Apropo barn. Eg blei tante 16.februar! Til ei bittelita snuppe! Nina og Tommy fekk seg ei lita prinsesse fem uker før tida, men alt gjekk veldig bra og sjølv om ho var lita då så legger ho godt på seg no og er blitt både rund og god. Så no er vi like mange unger både i nr 2 og nr 3 ;)

Ellers så har eg vore med på mitt livs kjekkaste opplevelse denne seinvinteren. Florarevyen! herregud så kjekt eg har hatt det! veldig masse kjekke folk, nye utfordringer og fantastiske tilbakemeldinger. Eg har fått mange nye venner og eg har vore på mitt aller første narchspiel!!! Bedre seint enn aldri ;) Eg fekk vel egentlig festa meir på dei to helgene vi hadde forestilling enn eg har gjort dei siste åra. Kan ikkje huske at eg nåken gong har vore ute fredag og lørdag to helger på rad... Nåken vil muligens sei at det var på tide og det var det nok, men livet mitt har på en måte hatt eit heilt anna fokus hittil. Før var det barn og barneproduksjon, no er det først og fremst barn, men også mammatid. Eller Ann Kristin tid, som eg kaller det. Eg trur det er viktig for alle mødre å innimellom få lov til å være i et fora kor en ikkje er mamma, men seg sjølv. Sunt for alle parter! Uansett så har eg, for å sei det med Kurt Arve sine ord : "We have got the best time we have ever had!!!"
Gleder meg til 30.mai og jubileumsforestilling! Godt eg blei med akkurat i år ;)

Så over til nåke heilt anna. I kveld har vi hatt "WinterSkau" i Røverhuset. Og vi har deltatt på verdens største miljømarkering, Earth Hour. Kristin og ungane kom ut til oss og vi lagde taco og sang ABBA sing star. Alle lys i huset blei skrudd av klokka 20.30 og vi hadde massevis med stearinlys over alt. Koselig. Men det var egentlig veldig kjedelig å se ut vinduet og oppdage at vi var heilt aleine om denne markeringa i nabolaget. Ingen andre hadde skrudd av alle lysene sine... ungane var heilt fortvila og trua med å gå rundt i nabolaget og be folk skru av lysene for å markere motstanden til klimaendringene. Jaja, så var i allefall vi flinke!

Så sjølv om Earth Hour bare varte en time, så sitter eg fremdeles her i stua med bare stearinlys og skriver mitt blogginnlegg... koselig og fredelig. Så no skal eg kose meg litt til før eg stiller klokkene litt fram og kryper til køys.