08 desember, 2012

Plutselig tilbake

Vi har akkurat vore igjennom to travle dager her i Røverhuset. Torsdag 6. og fredag 7. Dei to dagane har vore kulturskulen sine. Sjølv om eg fortsatt er delvis sjukemeldt, så måtte eg være med på generalprøve og konsert. Ungane er jo med! Eg var konfransier på konserten. Vi har veldig mange flinke, flotte elever på kulturskulen. Det er supert å sjå kor flinke dei er.

Torsdag var eg på trening og på kvelden var det klubbtid. Eg hadde klubb her heime, slik at eg slapp å ha barnevakt.
Og etter konserten i går var eg trøtt som en dupp, og orka rett og slett ikkje å skrive.

Dagen i dag har vore heilt super. Begynte med en deilig yoga-time, før eg tok ungane med til byen. Vi måtte handle litt sko og klær. Ja, eg veit at det snart er jul, men vi kan ikkje vente når skoa er for små og klærne er blitt stygge.
Når vi kom heim fekk vi besøk av Kristin og ungane. Vi laga taco og kosa oss med strikketøy og smågodt. Vi har hatt sangstund ved pianoet og alle var veldig fornøgde. David kom også en tur innom, til ungane sin store glede.

Vi har fått snø i dag. Ikkje masse, men snø likevel. Det har resultert i glatte veier, og eg er glad eg slepp å køyre i morra...

Men no er det leggetid og derfor seier eg "God Natt".

05 desember, 2012

Drittdag!

I dag var det den dagen då eg ikkje burde stått opp.
Det begynte med at ungane var like trøtte som meg etter nokre dagar med tidlig frokost. Dermed måtte eg hale dei ut av senga og det er ikkje spesielt gøy. Torje var ikkje i form og ville egentlig ikkje på skulen, men eg fekk han no avgårde.

Siden søndag har eg hatt vondt under venstre foten min. Tenkte det ville bli bedre, men i dag måtte eg på legevakta. Legen meiner eg har fått betennelse i ei sene under foten og beordret kvile og Voltaren. Det passer jo bra no!!! Som om det ikkje var nok så fekk eg motortrøbbel utenfor legesenteret. Heldigvis fekk eg hjelp av Kristin. Ho kom og var psykisk støtte når en snill lastebilsjåfør fann ut at bensinmåleren min var fryst fast og at motortrøbbelet skyldes tom bensintank. Kristin skulle passe bilen mens eg gjekk for å finne bensin. Mens ho parkerte sin bil, kom parkeringsvakta og gav meg bot! DRITTDAG! Bota skal sjølvsagt klagast på, men det er likevel kjedelig. Hadde mest lyst til å sette meg ned på fortauet og grine!

For å prøve å få opp humøret litt tok eg meg en tur på trening. Sjølv om foten skal være i ro, så kan eg løfte litt. Blir ikkje noko særlig utholdenhetstrening, men det får eg ta igjen når eg blir bra i foten.

Torje var litt pjusk i dag og dermed blei det ikkje jobb på meg i ettermiddag heller. Vi har hatt en skikkelig sløvedag i ettermiddag. Fyrt i ovnen og sett på tv.

No kjenner eg at eg savner Trond noe heilt forferdelig... Hadde vore godt å ha han her. Heldigvis har eg gode venner som stiller opp og hjelper meg når det trengs.


I går fekk eg bildene som David tok når vi baka pepperkaker, så her kjem eit lite bilderas...





04 desember, 2012

MGP og blå boller



Endå ein kald dag er over. Eg liker egentlig vinteren, men i dag har det vore så kaldt at det er ubehagelig. Når eg kjørte på trening i dag var det -7,5 og det er for kaldt for meg. Temperaturen steig litt i løpet av dagen, men så lenge det ligger under 0 så er det for kaldt.

Dagen i Røverhuset starta sjølvsagt med nysteikte rundstykker og kokte egg. Eg var faktisk klar til å fyre i ovnen klokka 06.30. Det må være ny rekord! Men det er jo heilt klart at det er ei heilt anna atmosfære i huset når eg har god tid... Og det går jo ut over ungane når eg har stått for seint opp. Så kanskje det kan komme noko godt ut av at eg var litt kjepphøg.

Etter at ungane var komt seg på skulen, tok eg meg en tur i Havhesten og svømte litt. Det var veldig deilig. Og spesielt var dei flott å svømme med utsikt til ein nydelig soloppgang. Fargespillet på himmelen var magisk! Synd eg ikkje fekk tatt bilde av det. Kanskje eg kan være så morgenfrisk en dag at eg går meg en tur og får tatt bilde. KANSKJE.

Ellers så har det vore litt "halloi" i byen i dag. Florø skal arrangere delfinale i MGP for tredje og siste gang, og i dag var NRK her for å filme til presentasjonen. FRYD var blitt spurt om å være med, men vi var bare 6-7 stk som hadde anledning. Det var for så vidt greit og vi kosa oss.
Stuntet kan du se her.
Det er Erik Solbakken og Jenny Skavlan som skal være programledere på MGP i år, så då var det jo litt stas å få et bilde, sjølv om det ikkje blei så innmari bra.



Når eg hadde fått alle ungane i hus i dag og middagen var inntatt fekk eg lov å ta meg en liten lur. Eg er så innmari heldig som har store unger, som kan passe på seg sjølv slik at det er mulig å få litt tid for seg sjølv. En time på puta gjør underverker.

I kveld var Torje med David en tur på Havhesten. Det var stor stas. Og eg trur dei har kosa seg like masse begge to. Torje var i allefall heilt utslitt og sovna som ein dupp i kveld.
Bendik syns jo at det var litt urettferdig at han måtte være heime med meg, men når han fekk lov å bake boller til kvelds, så var det OK. Så vi smelte til med BLÅ boller i kveld. Skillingsboller og sjokoladeboller. Ikkje spesielt lavkarbo vennlig, men men. Så når Torje og David var ferdig i Havhesten, serverte vi blå boller og kakao til kvelds.


I dag skulle egentlig Trond komme heim, men han har valgt å stå over ei veke på jobb for å redde lønna si i Januar. Og siden 50% av Røverhuset har bursdag i Januar, så er det en god plan. Likevel så kjenner eg det i dag at eg savner han masse. Rart med det når en er innstillt på 14/14. Men det skal gå bra. Dagane no i desember går så fort at det berre er så vidt vi klarer å henge med. Så no har vi storstillt nedtelling her i huset. Det er ikkje bare julekalender, men no er det bare 6 dager til røverpappa kjem heim!

03 desember, 2012

Overraskelser i kø

For en dag! En dag med fleire overraskelser. Den første overraskelsen var at Adrian var først oppe i dag tidlig. Det har aldri hendt før, men frister til gjenntagelse. Som den "morgenhateren"var det ikkje spesielt fristende å gjennomføre det eg, i eit svakt øyeblikk her en dag, lovte ungane: Nysteikte rundstykker til frokost i heile Desember... Det er merkelig kor lett en lar seg overtale når ungane viser seg fra si alle beste side... Sjølv om eg hater morgener, så elsker eg dei også. Det er bare det at det er så pyton å stå opp... Men når eg først har komt meg opp, så er det ingenting som er så deilig som en Desembermorgen med levende lys og "Desemberbarn" på anlegget. For å sei det med Marthea sine ord; "mamma, når du setter på den plata, så er det akkurat som om jula bare kjem smygande". Ja, slik kjennes det ut.

Men når en har vore litt kjepphøg i eit svakt øyeblikk, så gjeld det å gjennomføre med overbevisning. Det blei derfor servert nysteikte rundstykke og nykokte egg til frukost. Det var sjølvsagt ein stor suksess, og frister absolutt til gjenntagelse. Derfor må eg forstå at sjølv om eg legg meg tidlig så blir det seint når en ligg og les til langt på natt. Alt for spennande bok på gang...

Ellers så har dagen vore fyllt med det som en mandag ellers er fyllt med. Jobb, trening, henting av barn og lekser. Og så måtte eg legge inn ei ekstra korøving. Vi begynte øvingane til midnattskonserten i dag, og siden Thorsten skal spille piano og Kristin ikkje kunne være der, så steppa eg inn og hjalp til litt. Veldig kjekt. Gleder meg til konserten, sjølv om eg veit det blir travelt.

Marthea har vore heime fra skulen i dag. Eg trur nok det blei litt vel masse rangling i helga, og då får ho seg en slakk dag etterpå. Det er ikkje så masse å gjør med det. Håper på at ho er bedre i morra.

No må eg springe i seng... Har en frokostavtale med fire røvere i morra (alt-for)tidlig.


02 desember, 2012

Et lys imot mørketida.

Så tenner vi et lys i kveld,
vi tenner det for glede.
Det står og skinner for seg selv,
og oss som er tilstede.

I år har eg hatt som mantra at eg ikkje skal stresse i adventstida. Mest fordi eg ønsker å fylle dagane med kos og hygge, men også fordi en viss planke har tappa energilagrene mine veldig.
Då er det godt det ikkje er mange slike dagar som det her i Desember... Det har for så vidt ikkje vore en stressande dag, men den har vore fullbooka.

Siden eg skulle synge på gudstenesta i dag så måtte eg ha vekkerklokke på! Vekkerklokke på en søndag burde være forbudt ved lov! Men skal eg synge lyse toner klokka 11.00, så hjelper det ikkje å stå opp kl 10! Eg fekk på plass både frokost og oppvarming før eg leverte guttane hos oldemora 9.30. Så bar det avgårde på øving. Vi var ferdige i kirka litt før halv ett og då tok eg med meg ei trøtt og fornøgd jente heim. Marthea har jo som sagt sove i kirka i natt, men eg trur ikkje det har vore så mykje søvn...Men som ho sa sjølv: "Det var jo Lys Vaken vi var på..."

Vel heime var det å sette i gang med middagen. Som den husmora eg er (prøver å være i allefall), så hadde eg laga det meste klart i går. Og tradisjonen tro blei det servert pinnekjøtt til middag i dag. Vi hadde invitert oldemora også, så det blei en riktig koselig søndagsmiddag.

Guttane var så stolte når dei kom heim fra oldemora. Dei hadde begge to lært seg å strikke! Planane for strikketøyet var store, men minska etterkvart som maskene berre forsvann av seg sjølv... Heldige er røverungane, som har ei sprek og oppegåande oldemor!


I kalenderen i dag var det billetter til Pippi Feirer Jul. Dei to minste syns det var veldig kjekt, og eg trur nok Marthea koste seg også, men snittalderen i salen var nok under 1.klasse. Men ungane kosa seg, og det var vel det viktigste. Flinke skuespillere og masse latter og glede.

Etter Pippi var det julegrantenning på torget. Det er fleire år siden sist vi har vore der. Grunnen til det er at det ikkje har vore spesielt fint vêr, og eg syns rett og slett ikkje at det er koselig å stå i ausregn og blest å se på lysene bli tent på ei gran... men i dag var det eit fantastisk flott vintervêr. -5 grader og vindstille. Bitande kaldt, men likevel stemningsfullt.


Etter julegrana bar det heim til Røverhuset. Fyr i peisen, stearinlys i vinduene, julemusikk og pepperkakebaking. Vi gjorde jo et forsøk på det i går, men i dag fekk vi hjelp av David og guttane blei heilt propell!!! Men pepperkaker blei det. Dei aller fleste av dei blei heilt perfekte! 
(dette bildet lyger... dei var faktisk heilt kullsvarte!)

Og sjølv om dagen har vore full av gjøremål klarer eg likevel å finne roen. Vi får ta en aktivitet om gangen og være flinke til å fokusere på det vi vil ha. Eg trur at det vi gir vår oppmerksomhet til, blir det meir av. Derfor skal vi ha meir julekos i dagane framover...


01 desember, 2012

Endelig desember

Ja, så var eg her igjen. I min eigen julekalender. Er ikkje sikkert at det er andre som har glede av den, men eg har no det i allefall. Noko av det som er kjekt med denne julekalenderbloggen er å bla seg tilbake til tidligere år og sjå kva eg styrte med på samme tid tidlegare. Og så kan det jo hende at eg kan unngå å gjere samme feil to ganger ;)
Tradisjonen tro så var kalenderpakkane frå loftnissen på plass under bjelken mellom stua og kjøkkenet når ungane stod opp i dag. Stor stas for dei to minste i allefall. Dei to største har nok skjønt tegninga i år, men dei er no med på leiken. Kva er vel ei jul uten litt mystikk og rare opplevelser? Og når nissen har flytta inn på loftet, så må alle forhåndsregler takast. Ikkje rope i gangen, og husk for all del å bank skikkeleg i loftsluka før du åpner den. Vi banka og banka før vi skulle opp og hente ned julepynten i ettermiddag.

Eg har alltid gleda meg og kosa meg med julepyntinga, men i dag var det egentlig ikkje så morro. Mulig det er fordi eg faktisk har vore så innmari bortskjemt og ha en mann som er kjempeflink til å hjelpe meg med det. Han har jo vore heime i Desember dei siste åra fordi han har vore ryggoperert rett før jul to ganger, men i år er han på jobb og eg må pynte sjølv. Ja, han blir no ikkje på jobb heile jula. Han kjem heim 11.desember.

Det var ganske deilig å stå opp i dag. Det var komt eit lett melisdryss ute og ungane var heilt klare til både frokost, adventsbok og kalender. Vi begynte å lese Widar Aspeli si bok "Desembergata 24". Håper den skal bli litt meir spennande utover. Ikkje masse action i første kapittel i allefall. Mulig vi må bytte til "Den magiske julekalenderen"... Vi får se. Dei satt no sånn delvis tålmodig i ro og hørte på når eg las. Nissekalenderen i dag hadde ingen pakke, men eit brev der det stod at det skulle bakes pepperkaker. Det blei godt motatt.

Årets Nissekalender

Etter at frokosten var unnagjort, gjekk vi i gang med husvask. Dvs, eg gjekk i gang. Marthea hadde avtale i byen med nokre venninner og Bendik var ute og leika. Han og en kamerat har vore rundt i heile nabolaget og samla snø i trillebåra for å få nok snø til å lage en liten haug på tunet. Hadde arbeid i lang tid med det. Torje var inne med meg og vaska badet og rydda. Han er flink å hjelpe til når han får være aleine.
Den siste røverungen, Adrian, er på besøk hos en kamerat i helga, så han slapp unna.
Marthea hadde kjøpt førjulsgave til meg i byen i dag. Snille, flinke jenta vår!
 Fint innpakka
To flotte glassengler

Ja, så var det den der pepperkakebakinga... Eg forstår ikkje korleis det er mulig å krangle og sloss så innmari over ei pepperkakedeig. På tv og på bilder ser jo det SÅ idyllisk ut. Det er vel så langt fra sannheten som en kan komme. I allefall her i huset. Etter at den eine boksen med deig var baka, konfiskerte eg resten. Då var dei to yngste begynt å sloss om en KNIV! En stor en! Vi får prøve oss på igjen i morra etter julegrantenninga i byen. Det er mulig vi får bakehjelp av en helt då. Vi får se.

I kveld har det bare vore eg og dei to minste som har vore heime. Adrian er, som sagt, på besøk, og Marthea er med på LYS VAKEN i kirka. Det er eit opplegg i trusopplæringa, der 6.klassingane blir invitert til å sove i kirka. Ho gleda seg til det, men det var nok litt skummelt også. Ho er ikkje den som liker å sove andre plasser, men eg trur det går bra.

Så i skrivende stund sitter eg i ei julepynta stue med stearinlys og favorittjuleplata på "anlegget". På kjøkkenet er middagen til i morra ferdigkokt og på boda ligg pusen og søv. Eg skal følge hans eksempel og nytte sjansen til å komme meg tidlig til køys, no når eg ikkje har tenåringer i huset.