02 desember, 2012

Et lys imot mørketida.

Så tenner vi et lys i kveld,
vi tenner det for glede.
Det står og skinner for seg selv,
og oss som er tilstede.

I år har eg hatt som mantra at eg ikkje skal stresse i adventstida. Mest fordi eg ønsker å fylle dagane med kos og hygge, men også fordi en viss planke har tappa energilagrene mine veldig.
Då er det godt det ikkje er mange slike dagar som det her i Desember... Det har for så vidt ikkje vore en stressande dag, men den har vore fullbooka.

Siden eg skulle synge på gudstenesta i dag så måtte eg ha vekkerklokke på! Vekkerklokke på en søndag burde være forbudt ved lov! Men skal eg synge lyse toner klokka 11.00, så hjelper det ikkje å stå opp kl 10! Eg fekk på plass både frokost og oppvarming før eg leverte guttane hos oldemora 9.30. Så bar det avgårde på øving. Vi var ferdige i kirka litt før halv ett og då tok eg med meg ei trøtt og fornøgd jente heim. Marthea har jo som sagt sove i kirka i natt, men eg trur ikkje det har vore så mykje søvn...Men som ho sa sjølv: "Det var jo Lys Vaken vi var på..."

Vel heime var det å sette i gang med middagen. Som den husmora eg er (prøver å være i allefall), så hadde eg laga det meste klart i går. Og tradisjonen tro blei det servert pinnekjøtt til middag i dag. Vi hadde invitert oldemora også, så det blei en riktig koselig søndagsmiddag.

Guttane var så stolte når dei kom heim fra oldemora. Dei hadde begge to lært seg å strikke! Planane for strikketøyet var store, men minska etterkvart som maskene berre forsvann av seg sjølv... Heldige er røverungane, som har ei sprek og oppegåande oldemor!


I kalenderen i dag var det billetter til Pippi Feirer Jul. Dei to minste syns det var veldig kjekt, og eg trur nok Marthea koste seg også, men snittalderen i salen var nok under 1.klasse. Men ungane kosa seg, og det var vel det viktigste. Flinke skuespillere og masse latter og glede.

Etter Pippi var det julegrantenning på torget. Det er fleire år siden sist vi har vore der. Grunnen til det er at det ikkje har vore spesielt fint vêr, og eg syns rett og slett ikkje at det er koselig å stå i ausregn og blest å se på lysene bli tent på ei gran... men i dag var det eit fantastisk flott vintervêr. -5 grader og vindstille. Bitande kaldt, men likevel stemningsfullt.


Etter julegrana bar det heim til Røverhuset. Fyr i peisen, stearinlys i vinduene, julemusikk og pepperkakebaking. Vi gjorde jo et forsøk på det i går, men i dag fekk vi hjelp av David og guttane blei heilt propell!!! Men pepperkaker blei det. Dei aller fleste av dei blei heilt perfekte! 
(dette bildet lyger... dei var faktisk heilt kullsvarte!)

Og sjølv om dagen har vore full av gjøremål klarer eg likevel å finne roen. Vi får ta en aktivitet om gangen og være flinke til å fokusere på det vi vil ha. Eg trur at det vi gir vår oppmerksomhet til, blir det meir av. Derfor skal vi ha meir julekos i dagane framover...


Ingen kommentarer: