01 desember, 2012

Endelig desember

Ja, så var eg her igjen. I min eigen julekalender. Er ikkje sikkert at det er andre som har glede av den, men eg har no det i allefall. Noko av det som er kjekt med denne julekalenderbloggen er å bla seg tilbake til tidligere år og sjå kva eg styrte med på samme tid tidlegare. Og så kan det jo hende at eg kan unngå å gjere samme feil to ganger ;)
Tradisjonen tro så var kalenderpakkane frå loftnissen på plass under bjelken mellom stua og kjøkkenet når ungane stod opp i dag. Stor stas for dei to minste i allefall. Dei to største har nok skjønt tegninga i år, men dei er no med på leiken. Kva er vel ei jul uten litt mystikk og rare opplevelser? Og når nissen har flytta inn på loftet, så må alle forhåndsregler takast. Ikkje rope i gangen, og husk for all del å bank skikkeleg i loftsluka før du åpner den. Vi banka og banka før vi skulle opp og hente ned julepynten i ettermiddag.

Eg har alltid gleda meg og kosa meg med julepyntinga, men i dag var det egentlig ikkje så morro. Mulig det er fordi eg faktisk har vore så innmari bortskjemt og ha en mann som er kjempeflink til å hjelpe meg med det. Han har jo vore heime i Desember dei siste åra fordi han har vore ryggoperert rett før jul to ganger, men i år er han på jobb og eg må pynte sjølv. Ja, han blir no ikkje på jobb heile jula. Han kjem heim 11.desember.

Det var ganske deilig å stå opp i dag. Det var komt eit lett melisdryss ute og ungane var heilt klare til både frokost, adventsbok og kalender. Vi begynte å lese Widar Aspeli si bok "Desembergata 24". Håper den skal bli litt meir spennande utover. Ikkje masse action i første kapittel i allefall. Mulig vi må bytte til "Den magiske julekalenderen"... Vi får se. Dei satt no sånn delvis tålmodig i ro og hørte på når eg las. Nissekalenderen i dag hadde ingen pakke, men eit brev der det stod at det skulle bakes pepperkaker. Det blei godt motatt.

Årets Nissekalender

Etter at frokosten var unnagjort, gjekk vi i gang med husvask. Dvs, eg gjekk i gang. Marthea hadde avtale i byen med nokre venninner og Bendik var ute og leika. Han og en kamerat har vore rundt i heile nabolaget og samla snø i trillebåra for å få nok snø til å lage en liten haug på tunet. Hadde arbeid i lang tid med det. Torje var inne med meg og vaska badet og rydda. Han er flink å hjelpe til når han får være aleine.
Den siste røverungen, Adrian, er på besøk hos en kamerat i helga, så han slapp unna.
Marthea hadde kjøpt førjulsgave til meg i byen i dag. Snille, flinke jenta vår!
 Fint innpakka
To flotte glassengler

Ja, så var det den der pepperkakebakinga... Eg forstår ikkje korleis det er mulig å krangle og sloss så innmari over ei pepperkakedeig. På tv og på bilder ser jo det SÅ idyllisk ut. Det er vel så langt fra sannheten som en kan komme. I allefall her i huset. Etter at den eine boksen med deig var baka, konfiskerte eg resten. Då var dei to yngste begynt å sloss om en KNIV! En stor en! Vi får prøve oss på igjen i morra etter julegrantenninga i byen. Det er mulig vi får bakehjelp av en helt då. Vi får se.

I kveld har det bare vore eg og dei to minste som har vore heime. Adrian er, som sagt, på besøk, og Marthea er med på LYS VAKEN i kirka. Det er eit opplegg i trusopplæringa, der 6.klassingane blir invitert til å sove i kirka. Ho gleda seg til det, men det var nok litt skummelt også. Ho er ikkje den som liker å sove andre plasser, men eg trur det går bra.

Så i skrivende stund sitter eg i ei julepynta stue med stearinlys og favorittjuleplata på "anlegget". På kjøkkenet er middagen til i morra ferdigkokt og på boda ligg pusen og søv. Eg skal følge hans eksempel og nytte sjansen til å komme meg tidlig til køys, no når eg ikkje har tenåringer i huset.

Ingen kommentarer: