05 desember, 2012

Drittdag!

I dag var det den dagen då eg ikkje burde stått opp.
Det begynte med at ungane var like trøtte som meg etter nokre dagar med tidlig frokost. Dermed måtte eg hale dei ut av senga og det er ikkje spesielt gøy. Torje var ikkje i form og ville egentlig ikkje på skulen, men eg fekk han no avgårde.

Siden søndag har eg hatt vondt under venstre foten min. Tenkte det ville bli bedre, men i dag måtte eg på legevakta. Legen meiner eg har fått betennelse i ei sene under foten og beordret kvile og Voltaren. Det passer jo bra no!!! Som om det ikkje var nok så fekk eg motortrøbbel utenfor legesenteret. Heldigvis fekk eg hjelp av Kristin. Ho kom og var psykisk støtte når en snill lastebilsjåfør fann ut at bensinmåleren min var fryst fast og at motortrøbbelet skyldes tom bensintank. Kristin skulle passe bilen mens eg gjekk for å finne bensin. Mens ho parkerte sin bil, kom parkeringsvakta og gav meg bot! DRITTDAG! Bota skal sjølvsagt klagast på, men det er likevel kjedelig. Hadde mest lyst til å sette meg ned på fortauet og grine!

For å prøve å få opp humøret litt tok eg meg en tur på trening. Sjølv om foten skal være i ro, så kan eg løfte litt. Blir ikkje noko særlig utholdenhetstrening, men det får eg ta igjen når eg blir bra i foten.

Torje var litt pjusk i dag og dermed blei det ikkje jobb på meg i ettermiddag heller. Vi har hatt en skikkelig sløvedag i ettermiddag. Fyrt i ovnen og sett på tv.

No kjenner eg at eg savner Trond noe heilt forferdelig... Hadde vore godt å ha han her. Heldigvis har eg gode venner som stiller opp og hjelper meg når det trengs.


I går fekk eg bildene som David tok når vi baka pepperkaker, så her kjem eit lite bilderas...





Ingen kommentarer: