23 desember, 2013

Gledelig Jul

No har vi vaska golvet
og vi har bært inn ved.
Vi har ikkje hengt ut fuglenek,
men vi har pynta tre.
No set vi oss og kviler 
og puster på ei stund.
Og om ei lita stund 
skal han far få seg ein blund.
Juletreet vårt!!!


No trur eg at eg kan sei at eg er klar til jul. Alle gaver er i havn (bare litt innpakking igjen), kjøleskapet buler over av alt for masse mat, og det som må ryddast er rydda. Sjølvsagt kunne eg gjort mykje meir, og dersom eg hadde vore husmor i "gamledager" så hadde eg nok ikkje blitt gift... Det er ikkje vaska i skuffer og skap, og eg har ikkje hatt full nedvask. Men i Røverhuset blir det jul uansett og eg har ingen planer om å bli ei sånn "gammeldags" husmor.

Dei siste dagane har vi gjort unna resten av juleforberedelsane. Og det er veldig deilig å kunne sitte på rompa og bare slappe av no. Vi pynta juletreet på lørdag og det trur eg er første gang vi har pynta juletre uten at ungane har krangla om pynten og at det har endt med at ungane må forlate åstedet og eg og Trond gjør det ferdig. Endå eit teikn på at ungane begynner å bli store. 
Eit anna teikn er at vi for første gang siden vi fekk ungar, har lagt pakkane under treet etter kvart som dei har komt i hus. Litt sniking blir det sjølvsagt, det ville jo vore rart hvis ikkje. 

I kveld er det den store julekonserten. For min del blir det nok den aller siste. I 19 år har eg vore i kirka heile kvelden på Lille-julafta. Eg har jo likt det og elsker stemninga som er i kirka denne kvelden, men no trur eg at eg vil bruke tida mi på å kose meg med familien. Denne desember-månaden har vore rimelig travel, med konserter i både inn- og utland. Det kjenner eg på nakken og hodet mitt no, og eg er redd det blir en rimelig laber julaft i morra... 
Men i kveld skal eg synge sangane mine.Nu vandrer fra hver en verdenskrok, Kyrie, Pie Jesu og Mitt hjerte alltid vanker. Det gleder eg meg veldig til og eg håper vi klarer å få heile Røverfamilien med på konsert i kveld.

Som eg nevnte tidligere skulle eg prøve å legge ut ein liten smakebit fra konserten i Kaltenkirchen. No har Adrian hjelpt meg med å få laga ein video og den er klar til å bli lagt ut. Kos deg med dei to snuttane om du vil...




Så då gjennstår det bare å ønske alle 
ei riktig god og fredelig jul. 

18 desember, 2013

Nesten i rute

Neida, eg har ikkje glømt bloggen. Og eg har ikkje hatt for mykje å gjør på heller. Men eg har fått røverpappa'n heim! Og då gadd eg rett og slett ikkje å oppdatere, for eg sat så godt i sofa'n i verdens beste armkrok...sukk...

Mandag var eg på øving til midnattskonserten, og den er nok i boks i år også. 20-års jubileum i år, og eg har vore med i 19 av dei! Gleder meg!

Tirsdag var det den store avslutningsdagen. Då var det først julegraut i eventyrskogen med Torje sin klasse, og så var det julefest i Bendik sin klasse med julesang og julespel. Vår lille klump hadde fått rolla som fugl, og gjorde ein god jobb :-) Han såg vel helst at han slapp å være med. Ikkje lik mora i allefall!

No er eg nesten i havn med julegavene også! Seks igjen og dei ordner eg i morra! Då gjennstår det berre litt julegodt-produksjon og litt rydding før vi kan ta julefri og berre kose oss!
Eg syns egentlig at 1.juledag er den beste, for då er vi ferdig med alt som bør og skal og må gjøres og vi kan bare nyte julefreden.

Kva for dag i jula likar du best?

15 desember, 2013

Det begynner å komme seg...

I dag virka visst batteriene. Fy søren kor flinke vi har vore her i huset i dag! Vi har fått gjort unna det aller meste av rydding, så no er det berre litt igjen og det satser eg på å få unna i morra. Det skal bli deilig å få Trond heim til eit juleklart Røverhus.
Ein liten sniktitt...
 I stua med den KJEMPESTORE julestjerna. Ny-pynta lys for anledningen.


Den andre store julestjerna. Absolutt stor nok, men likevel liten i forhold til den andre.


Det er ingen tvil om at rødt er julefargen i Røverhuset... 
 I gangen er nissen på plass

Til og med på badet har det blitt koselig no...


Eg har faktisk fått gjort unna ein god del julepresanger også i dag, og det er superdeilig! I fjor hadde vi jo gjort unna massevis i løpet av sommerferien. Men i år glømte vi det. Vi kosa oss sånn på ferien at vi glømte heilt at det kom ei jul mot slutten av året. Det får vi svi for no... Heldigvis er Marthea blitt ein kløpper på innpakking, så no når fleire av butikkane ikkje vil pakke inn julegaver, så tek ho seg av det.
Det er jo egentlig ikkje noko problem å kjøpe julegaver. Problemet er å finne ut kva ein skal kjøpe! Spesielt vanskelig er det å finne på noko til ungane. Men eg trur eg har ein liten idè...

No går vi for alvor inn i dei siste juleforberedelsane. Denne veka er det øving, klasseavslutninger (to på samme dag og tid), avslutning med musikkbarnehagen, generalprøve til midnattskonserten og kjekkast av alt: Juleavslutning med klubbdamene! Og så kjem jo min kjære mann heim! DET skal bli veldig godt. Desember er ikkje det samme uten han...

Det viktigste oppi alt dette her er å huske å skynde seg sakte og puste rolig inn og ut...

Tid...

I dag var den dagen då eg skulle gjere så innmari mykje... Trur eg må slutte å planlegge slike dagar. Eg får jo ikkje gjort en skit! Eller... det er vel ikkje heilt sant. Eg har fått ordna eit par julegaver og så har eg laga fikenmarmelade. Den blei GOD og eg gleder meg til å kose meg med pepperkaker, blåmuggost og fikenmarmelade. Men alt det andre eg skulle gjere blei det ikkje tid til, for eg må strikke ferdig nokre julegaver og då skulle eg gjerne hatt eit par ekstra hender. Slik at eg f.eks kunne strikka mens eg oppdaterer bloggen.
Eg kom jo egentlig litt skeivt ut i dag. Bendik kom inn på rommet mitt og vekte meg for å spør om eg snart skulle stå opp, og eg var heilt i Disneyland, så eg svarte at eg ville sove litt meir... MEN når eg såg på klokka oppdaga eg at den var 10.45!!! Og eg har ikkje vore i nærheten av våken tilstand siden eg la meg i gårkveld. Det er vel eit teikn på at eg treng å kvile litt meir.

I går hadde vi konsert med kulturskulen og eg var på samfunnshuset fra 11.00 til 20.00. Ikkje at eg jobba i eit sett, men det er mykje som skal på plass før ein konsert og eg likar å være klar når småtrolla kjem. For ungane i musikkbarnehagen er det ein ganske overveldande situasjon å være i, og dei treng at eg er der for dei 100%. I går var det nokre nydelige Lucia-jenter eg hadde med meg på scena og dei leverte sjølvsagt slik dei pleier. Sjarmerte mykje og var superfornøgd med seg sjølv etterpå.
På ein slik konsert er det sjølvsagt mykje vi voksne kunne gjort bedre eller annerledes, men når barn og foreldre er fornøgde, så skal vi også være det. Og eg er i allefall veldig fornøgd med å ha fått til ei scene som blei slik vi ønska den.
 Her skulle dronninga sitte...

 Og der var ho på plass...


I dag henta eg CD-platene som pappa har brendt til meg frå konserten i Kaltenkirchen. dei blei kjempefine! Så no må eg berre komme meg på posten i morra og få dei avgårde. Hadde jo vore kjekt for Thorsten og Katharina om dei fekk dei før jul. 
Ein aldri så liten skrivefeil, men ellers så syns eg den ser bra ut. Og innholdet er også bra. Og best av alt er at eg har eit flott minne fra denne opplevelsen slik at eg kan mimre når eg vil.

I kveld har det atter ein gang begynt å blåse skikkelig ute. Det har vore så mykje vind i det siste at det nesten er uvant når det er vindstille. Men det bles godt ute og eg er berre glad for at vi fekk alt i hus før Trond reiste på jobb. 

Men no må eg faktisk strikke litt... Bare pittelitt før eg legg meg. 
Kanskje ses vi i morra...

12 desember, 2013

Kvardag igjen

Å komme tilbake til kvardagen etter ein flott Tysklandstur har vore litt "både og". Eg likar jo kvardagar godt, men eg hadde det så innmari kjekt, og derfor skulle eg innimellom ønske at det var mulig å skru tida tilbake. Men så kjem dei små heim fra juleverksted med stjerner i augene og har laga deilige, barnslige englar av ispinnar og ull... DÅ veit eg at eg er akkurat der eg skal være. Heime i Røverhuset sammen med røverungane mine! Og så har vel både eg og ungane veldig godt av å få litt "fri" fra kvardagen og kvarandre innimellom.

No har førjulstida virkelig satt inn her hos oss. Dagane har gått med til klassefester og juleverksteder, og eg priser meg lykkelig for at eg har to store unger som kan hjelpe til no når Trond er på jobb. Sjølv om han har jobba borte i mange år no, så har eg ikkje hatt så store deler av desember aleine før, og det er virkelig en eksamen i logistikk. Hittil har eg vel egentlig klart meg sånn passe... Glømt tre avtaler, men det kunne vore verre!

I dag har eg vore ein liten tur innom Flora Bystyre. Ikkje som representant, men som "kulturellt innslag". Vår nye kantor, Sebastian Ryll,  fekk presentere seg for politikerne og så sang eg og David "The Prayer". Et veldig passande sangvalg i starten på eit budsjettmøte ;) Det som var rimelig kult var at David først tok plass der han alltid er når han er i bystyret. På pressebenken. Og når han skulle begynne å synge, så berre reiste han seg opp og begynte! Det var ganske mange som fekk seg ein skikkelig overraskelse! Han var kjempeflink og det var faktisk hans debut som solist! Tøff! Mulig det blir lagt ut et klipp fra stuntet på Firdaposten.no, så då skal eg prøve å legge ut link og det skjer.

Ellers så har eg begynt på julebaksten i dag. Lussekatter til Lucia i morra. Måtte bake til klassen til Torje, så då small eg like godt ihop ei diger deig, slik at vi fekk litt i frysen også.

Torje sin jobb var å pynte med rosiner.

Bendik trilla ut deiga.

Og det blei heile 72 Lussekatter!

I dagmorres var eg avgårde for å hente en ferdig CD av opptaket eg gjorde i Kaltenkirchen. Det er jo ikkje noko spesielt proft opptak, men eg syns lyden er veldig bra for å være tatt opp med en iPhone i en kirkebenk heilt uten mikrofon. Så no har Ludvig Solberg redigert og pussa litt på det, og pappa er i full gang med å lage flotte plater med skikkelig trykk og cover med bilde av Michaelis-kirka, der vi hadde konserten. Så i morra sender eg avgårde juleplater i posten både til Thorsten og Katharina. 

Men no er det vel på tide å sei god natt. Eg har egentlig ikkje tid til å sove, for eg må strikke ferdig noen julegaver... Men siden eg skal på jobb i morra, så må eg vel berre krype under dyna...

Ha ei god natt med deilige drømmer, så kanskje vi "ses" i morra...

09 desember, 2013

Eg renn over av takknemlighet...

Då var det over for denne gang. No er beina godt planta på norsk jord og turen til Kaltenkirchen er lagra som ein gylden diamant i mitt hjerte.

Konserten i går gjekk over all forventing. Det var rundt 120 publikummere og de var superbegeistret. I følge Thorsten er det ikkje vanlig å få stående applaus i kirka, men i går ville ikkje applausen noen ende ta, og vi måtte til med to ekstranummer. Og når det kommer folk fra publikum og takker deg med tårer i augene, då svulmer hjertet over av glede og takknemlighet for at eg får mulighet til å holde på med dette.

No når eg har komt heim kjenner eg kor utrulig heldig eg er! At vi skulle få til denne turen hadde eg først ikkje trodd. Men takka være god hjelp fra familien min, og det at Thorsten virkelig trodde på dette prosjektet, så fekk vi det til!

Så no er kofferten full av tyske julekaker og julegodt. No skal det bli godt å komme heim til juleforberedelser og kvardag. Så får vi sjå om det kanskje blir ein førjulstradisjon å dra til Tyskland og synge litt kvart år... Eg drar om eg får muligheten.

08 desember, 2013

Fra konsert til kulturellt innslag

Ok. Innlegget i går blei avslutta ganske brått. Slik er det når teknologien svikter.
Så gårsdagens begivenheter var kort oppsumert slik. Lett kaos!

I går var det den første konsertdagen. Då var det den norske sjømannskirka som skulle få gleden av vårt besøk. Tidligere i uka fikk Thorsten en mail fra Vidar, sjømannspresten i Hamburg, om at de hadde endret litt på planene og at det derfor ikkje blei en annonsert konsert, men en privat konsert for ca 60 nordmenn som skulle være på besøk i kirka den dagen. Det var jo helt greit for oss. Då var vi jo sikra bra med publikum. Men i gårmorres kom det en ny mail. Vi skulle ikkje ha konsert, men være "kulturellt innslag" på julebordet til "Den Norske Kolonien". Då ville dei ha et par sanger før mat og noen sanger innimellom. Det varjo ikkje det vi hadde tenkt. Hadde vi visst det hadde vi kanskje funnet en annen plass å holde konsert. Men så troppa vi opp då. I den Norske Sjømannskirka i Hamburg. Der blei vi møtt av en utrolig hjertevarme og lukta av pinnekjøtt (den kunne vi kjenne ute i gata lenge før vi såg kirka). Når vi hadde kledd av oss det våte yttetøyet, så fikk vi oss et glass musserende kvitvin. Og den var IKKJE alkoholfri! Er det julebord, så er det julebord...etter litt pratrundtbordet kom det fram at sjømannspresten egentlig ikkje hadde noe som helst med arrangementet å gjøre anna enn at dei hadde leigd ut kirka til den norske kolonien. Alle spørsmål måttte derfor vente til arrangementskomiteen kom. Og når dei endelig kom så ville dei bare ha TO sanger! En før mat og en etter... Vi fikk forhandla oss til litt fleire... Så det blei en rimelig annerledes kveld enn eg hadde tenkt og i et lite øyeblikk takka eg for at ikkje mamma, pappa og bestemor hadde komt heile veien til Hamburg for så å ikkje få være med på konsert likevel...
Men men... Vi fekk god, norsk julemiddag og det bar fri bar! Eg må sei det var litt spesielt å være i ei kirke og se atpresten bar inn kasse på kasse med øl og vin. Men det var den mest naturlige ting i verden. Og hadde ikkje det vore for at eg skulle synge så hadde eg hatt muligheten til å bli riktig fin på vin i sjømannskirka ;-)

Etter "konserten" tok vi metroen for å hente Hugo, og så var det tilbake til Kaltenkirchen. Slitne og glade og enda meir klar for å få til en veldig fin konsert i kirka.

Den oppdateringen kommer seinere, for no skal eg på tysk gudsteneste og synge eit par sanger...

Weihnachtmarkt

Ja, eg er i live! Eg har det faktisk heilt fantisk her i Kaltenkrichen. Eg er sammen med ljekke mennesker og vi lager vakker musikk sammen. Då kan en vel ikkje ønske seg meir!

I går var det egentlig en litt hektisk dag. Etter frokost og tur med Hugo var det tid for å komme i gang med øving. Men når eg skulle ta på meg skoene mine, fikk eg meg ein overraskelse! Då hadde faktisk St.Nicholas vært og lagt sjokolade i skoen min!
Her i Tyskland feirer dei St. Nicholas dag. Då må alle barn, kvelden før, pusse skoene sine og sette de ved døra. Om natta får dei då besøk av St. Nicholas som legger noe lurt oppi skoen. Og tenk! Han 
kom til meg fordi eg var i Tyskland akkurat på denne dagen! Heldige meg!



Litt seinere kom Katharina for å øve med oss. Ho skal spille fiolin på konserten. Og trur du ikkje jammen meg at Katharina også hadde hatt besøk av St. Nicholas og han hadde levert gaver til både meg og Thorsten hos ho! Meir sjokolade! For en fantastisk dag og det var før klokka 12.00!

Vi hadde ei flott og god øving sammen i kirka. Konserten kjem til å bli superduperfin. Planen bar jo at vi skulle få filme den og ha den med oss for all framtid, men som nevnt tidligere så har det vore storm både her i Tyskland og i Norge. Med det resultat atmamma, pappa og bestemor, som skulle komme med fly til Hamburg i går, ikkje kom seg avgårde. Fryktelig trist. Mest for dei, men eg syns jo absolutt det hadde vore veldig kjekt å ha dei her. Derfor blir det ikkje noe opptak av konserten, og vi må bare bevare den som et minne i hjertene våre. Sukk.... 




Etter øvingen dro eg og Thorsten til Hamburg. Der møtte vi en kamerat av Thorsten og så gjekk vi på julemarked sammen! Og for en juleavhengig som meg var jo det bare "a dream come true" Der var 
 det JUL!!! Det var et diiigert juletre, massevis med folk, små boder kor ein kunne kjøpe alt mulig. Sjokolade, brendte mandler, bratwürst, treskjæringsprodukter og andre håndlagede ting. Det første som måtte prøves var sjølvsagt Gluhwein. Tysk gløgg laga på rødvin og krydder. Det var deilig og varmt. Så var det skikkelig Bratwürst som stod på menyen. Det var også godt. Etter at vi hadde trekka litt rundt på weihnachtmarkt tok vi turen til en koselig restaurant og spiste "food that is good for your body". Magesekken og smaksløkane likte i allefall det dei fekk...




05 desember, 2013

Det var en mørk og stormfull aften...

Ein liten titt innom før det er god natt... To innlegg på samme dag er absolutt ikkje noko eg har tenkt å fortsette med, asså! Men i stedenfor å bruke morradagens innlegg på å fortelle kva eg har gjort på imdag, så tenkte eg at det var like greit å komme ajour. Du veit, det er berre ein dag som er viktig og det er dagen i dag. Det er den einaste dagen du kan gjør noe med, for dagen i går er over og dagen i morgen veit du ingenting om...

Etter at Thorsten var ferdig på jobb i dag, så gikk vi til en italiensk restaurant for å spise lunch. Der spiste vi suppe, St. Petersfisk og tiramisu. Imsamme slengen bestillte vi bord der til søndag etter konserten. Gleder meg allerede.
I dag har det vært storm her i Nord Tyskland. Vi har ikkje merka så masse til den her i Kaltenkirchen, men i Hamburg er det stengt flyplass pga det dårlige vêret. Vi får håpe det blir bedre i løpet av natta, for i morgen kjem mamma, pappa og bestemor!
På grunn av vêret så har det ikkje blitt så lange turer med Hugo i dag, men for meg virker det som vi går en ny vei kvar gang vi er ute, så det er like spennende kvar gang.

I dag hadde vi første gjennomgang av sangane til konserten. Det gjekk veldig fint og eg kjenner eg gleder meg til i morgen når Katharina kjem for å være med oss. Ho skal spille fiolin. Det er også veldig kjekt at vi har fått plass til to av mine/oldefar sine sanger. Det gjer det heile endå litt meir personlig for min del. Å framføre eigne ting er alltid litt spesielt.

I går var eg på korøving ogi dag har eg vore med Thorsten på øving med barnekoret. Dei øver til et kirkespill/julespill som dei skal framføre på julafta. Sjølv om eg ikkje forstod alt, så fekk eg med meg ein god del og Thorsten har laga eit godt manus ;-) Det er faktisk ein ting eg kunne tenkt meg å få til heime... Ei barnegruppe som kvart år framførte eit julespel i kirka...

Til middag i dag har vi laga Quische. Det er ein slags pai og det var kjempegodt! Den oppskrifta skal være med heim! Så greit å få prøve noko nytt. Det her begynner å bli ein tur med undertittel "Ann Kristin gjer ting ho aldri før har gjort"
Apropo det, så har eg også spelt squash i dag. DET var veldig gøy! God trening og morro! Er redd for at eg får svi for morroa i morra, men den tid den sorg...

Sliter fortsatt med å få til bilde-deling, men det får så være. Får heller komme med eit bilderas seinere (men då må eg huske å ta bilder).

No er det god natt her fra Kaltenkirchen. Sov godt, for det skal eg!


Røvermamma'n på tur!

Ja, då var eg framme i Kaltenkirchen. Dvs eg kom jo i går, men for et murmeldyr som meg så blei det rett og slett umulig å holde augene oppe til å få oppdatere i går kveld. Eg måtte jo stå opp kl 04.45!!!!! Det er jo midt på natta! Men eg kom meg avgårde og det var utrulig deilig å bare være MEG! Misforståmeg rett, eg har plent imed tid til meg sjølv for tida, men når eg ikkje er i byen så kan eg ikkje fikse "mammating". Derfor er det litt "ferie" å sette seg på eit fly og dra avgårde. Eg klarte å finne fram uten hjelp på Gardermoen også og når bagasjen var innsjekka og sikkerhetskontrollen unnagjort, så var eg virkelig i gang med min egen egotrip! Kor deilig er det ikkje å drikke kvitvin til frokost?

Så var eg endelig framme i Hamburg! Den dagen som har vore så langt framme. Å møte igjen Thorsten var heilt fantastisk! Og det er virkelig sant som dei seier at " Venner er som stjernene på himmelen. Det er ikkje alltid du kan se dei, men du veit at dei er der likevel" Han var akkurat som før og fire mnd var plutselig viska bort. Vi reiste rett til Kaltenkirchen og etter å ha pakka ut, tok vi Hugo(hund) med oss og gjekk ein tur i sentrum. Kaltenkirchen er ein liten koselig by og Thorsten bor rett ved siden av kirka der vi skal ha konsert på søndag.

I går spiste vi tyske julekaker og så laga Thorsten steikt lever til middag. Lever har eg ikkje spist siden eg var liten, men Thorsten sin lever smakte MYKJE betre enn den mamma laga dengang (sorry mamma).

Neste post på programmet var korøvelse! Det var en ganske spesiell opplevelse å sitte i sopranen og ta imot instruksjoner på tysk... Men det gjekk veldig bra. Thorsten på tysk er veldig lik Thorsten på norsk ;-) Og sjølvsagt var det jo en fordel at dei sang to norske julesanger, på norsk ;-) Og dei andre sangane kunne eg melodien på... Juks? Nehei!

Men det var dagen i går. I dag er det fleire ting på tapetet. Akkurat no er Thorsten på jobb og eg slapper av. I ettermiddag er det barnekor og muligens en tur på trening. Og så litt øving. Fiolinisten som skal være med oss kjem i morra, så då går vel det meste av dagen med til å øve.

Eg skal prøve å oppdatere litt innimellom, men ikkje sitt og vent på meg ;-)

03 desember, 2013

Dagen før dagen

Ja, det er faktisk dagen før dagen i dag. For i morra er det Dagen med stor D!
I morra reiser eg til Kaltenkirchen i Tyskland. Eg skal dit for å holde to norske julekonserter! Solokonserter!!! En på sjømannskirka i Hamburg og en i kirka i Kaltenkirchen. Eg gleder meg meir enn eg gjorde til julafta når eg var liten!
Det er første gang eg er ute på tur heilt aleine. Og for første gang siden eg blei mamma, så har eg ikkje engang et lite snev av dårlig samvittighet for å være borte fra ungane i seks dager!

Det seier seg sjølv at dagen i dag har gått med til å forberede seg på turen. Pakke, rydde, leite og fundere. En ting er at eg skal pakke til meg sjølv, men eg må jo pakke til fire unger også. Alle skal ha klær til allslags vêr, skulebøker til alle dager og så skal barnevaktene informeres om alle tider og oppgaver. "Motherhood is not for sissies", sies det. En ting er i allefall sikkert. Å være firebarnsmor er logistikk-utdanning av høg klasse!
I tillegg, for å gjør ting litt meir komplisert, så reiste Røverpappa'n på jobb igjen i dag. Godt han tjener penger så eg kan reise på tur... En skikkelig velfortjent egotrip!

Men no er ungane levert til bestemor og bestefar. Kofferten er pakka, og veid (16,5kg), pass og penger er kommet i veska. Lesestoff til flyturane, fotoapparat og nyladet telefon og iPad. Då har eg vel det viktigste. Og om det skulle være noe eg hadde glømt så er det vel mulig å få tak i det i Tyskland også.

Eg hadde jo tenkt at eg skulle finne ut korleis eg fekk lagt til bilder når eg blogger fra "padda", men det har ikkje stått på prioriteringslista, så det får eg prøve å finne ut når eg kjem heim.

Då gjennstår det bare å finne bingen og prøve å sove litt. Det blir en spennende dag i morra!
God natt...

02 desember, 2013

Musikk skal bygges ut av glede!

Tenk om alle dager kunne starta slik som denne... Heldige meg har ein mann som elsker å stå opp tidlig! Han er stort sett oppe før fuglane fiser, fyrer i ovnen og lager frukost til ungane. I dag var det kosemorgen i Røverhuset med "Jul i svingen" og frokost på golvet forran tv'n. Då fekk eg sove litt lenger, som vanlig, og vi hadde ein stille og rolig morgen. Akkurat slik som eg ønsker at den skal være... Men i morra må eg nok styre butikken aleine, for då reiser Røverpappa'n tilbake på jobb.
Ellers så har denne mandagen vore som mandager flest. Full rulle. Eg har vore på jobb i dag. Det er ikkje mykje eg jobber for tida, men det er veldig godt å komme seg ut litt. Satser på at det skal bli litt meir jobb utover våren. Men i dag har eg altså vore på det som må være ein av dei kjekkaste jobbane i verden. Babysang! Eg er så heldig som får kose meg med ein flokk deilige babyer kvar mandag i ein liten time. Det er så fantastisk å sjå kor dei små reagerer på sang og kor oppmerksomme dei er når vi held på. Lykke!
Etter babyangen vart det også tid til litt voksensang. Eg , Sebastian og David har øvd på "The Prayer", og det begynner å låte meget bra! Håper vi får bruke den snart!

Og slik har min mandag vore i dag. Ikkje så mykje sprell, og gangen ser fortsatt like bomba ut. Vi får håpe det blir lik'ar i morra...

01 desember, 2013

Ny desembermåned med nye muligheter

Ja, så var det den tida på året igjen. Desember og adventstid. Ei tid eg er veldig glad i. I år, som tidligere år, vil eg prøve å dele litt av det eg fyller dagane med no fram mot jul. Målet er å skrive litt kvar dag, men av erfaring veit eg at det kan være vanskelig å få det til. Eg får ta med det eg får til. Nytt av året er at eg kjem til å prøve å blogge fra iPad'en. Mest fordi den alltid er lett tilgjengelig, men også fordi eg egentlig er uten pc. Sliter litt med å få til å legge ut bilder, men eg får prøve å finne ut av det så fort som mulig.

Denne første dagen i desember har vi brukt til å gjør Røverhuset juleklart. Det er blitt skikkelig koselig i stua og på kjøkkenet, men resten av huset ser absolutt ikkje juleklart ut. Det får stå øverst på "gjøre-lista" i morra. For på den står det jo absolutt INGENTING fra før... Arbeidsledig blir en aldri når en har fire barn...
Mens eg har styra og stelt litt, så har Trond laga benk til spisebordet. Det har eg hatt lyst på lenge, og heldige meg er gift med ein Handyman! Han har snekra og skrudd som ein helt i dag og no er det bare malearbeid igjen til meg. MEN det blir ikkje før jul!
Tradisjonen tru så har vi hatt pinnekjøtt til middag i dag. Det var veldig godt med julelukt i huset og deilig middag. Prøver å få dei tre yngste ungane til å smake på pinnekjøttet også, men dei vil ikkje ha det. Dermed blir det pølser, poteter og kålrabistappe på dei. Vi får prøve med litt smaksprøver i morra, for det var meir enn nok middag i dag.

I dag var eg også med på Kirkekoret sin adventskonsert. Sebastian, vår nye organist, spurte meg om eg ville være med å synge eit par-tre sanger. Det er alltid hyggelig å bli spurt og slikt og spesielt kjekt var det at eg fekk synge ein av mine eigne sanger. Dvs det er jo egentlig eit samarbeidsprosjekt mellom meg og ein oldefar eg aldri har møtt, men teksten hans og melodien min fungerer godt sammen. Det var bra med publikum og det blei ein fin konsert.

Så no er adventstida sunge inn, huset er juleklart (stua i allefall) og forhåpentligvis skal vi klare å ha ein desembermåned uten alt for masse stress og mas... Det et jo lov å drømme om det...