08 desember, 2012

Plutselig tilbake

Vi har akkurat vore igjennom to travle dager her i Røverhuset. Torsdag 6. og fredag 7. Dei to dagane har vore kulturskulen sine. Sjølv om eg fortsatt er delvis sjukemeldt, så måtte eg være med på generalprøve og konsert. Ungane er jo med! Eg var konfransier på konserten. Vi har veldig mange flinke, flotte elever på kulturskulen. Det er supert å sjå kor flinke dei er.

Torsdag var eg på trening og på kvelden var det klubbtid. Eg hadde klubb her heime, slik at eg slapp å ha barnevakt.
Og etter konserten i går var eg trøtt som en dupp, og orka rett og slett ikkje å skrive.

Dagen i dag har vore heilt super. Begynte med en deilig yoga-time, før eg tok ungane med til byen. Vi måtte handle litt sko og klær. Ja, eg veit at det snart er jul, men vi kan ikkje vente når skoa er for små og klærne er blitt stygge.
Når vi kom heim fekk vi besøk av Kristin og ungane. Vi laga taco og kosa oss med strikketøy og smågodt. Vi har hatt sangstund ved pianoet og alle var veldig fornøgde. David kom også en tur innom, til ungane sin store glede.

Vi har fått snø i dag. Ikkje masse, men snø likevel. Det har resultert i glatte veier, og eg er glad eg slepp å køyre i morra...

Men no er det leggetid og derfor seier eg "God Natt".

Ingen kommentarer: