02 desember, 2010

Så var det på'an igjen

Så var det atter ein gong desember.
Eg syns det nett har vore jul, men det er nok eit år siden sist.
Og siden eg er glad i tradisjonar, så skulle det bare mangle om ikkje eg skulle lage juleblogg også i år. Og for ein start! Tenke seg til å gløyme første desember? Det er faktisk litt flaut... Men gjort er gjort. Så då får eg berre prøve å følge opp og blogge kvar dag fram til jul.
I går var eg i Nordalsfjorden og sang med FRYD.
Vi hadde ei lita reprise av konserten vi hadde i Florø kirke 21.november. Det var veldig kjekt. Konserten gjekk bra og vi sang bedre enn på lenge. Den lille bygda var blåfrossen og det var så pent med frostkrystallar over alle marker og jorder. Det såg nesten ut som det var strødd diamanter over alt. Ei nydelig ramme rundt en koselig konsert.
Desember er jo høgsesong for konserter.
I dag har det vore generalprøve på kulturskulen sin julekonsert.
Mange barn skal i sving på scena og eg trur det blir ein flott konsert. For første gang på lenge er konserten utsolgt! Det er kjempebra, samtidig som det er kjempetrist. Bra fordi ungane absolutt har fortjent full sal etter alt arbeidet dei har lagt ned,
og trist fordi det er mange som ikkje får billett
og som dermed ikkje får se ungane sine i aksjon på scena i morgen.
På grunn av generalprøven i dag så har det ikkje vore noko særleg anna å få tid til i dag. Konserter tar tid, men det gjør ingenting. Det er så kjekt at vi gløymer strevet temmelig fort. Det ein utrulig givande jobb å få lov til å gje spirene i kulturlivet vårt ein anledning til å få vise fram det dei jobber med. Då er det det samme om det er sure fioliner, plingpling på eit triangel eller ukoordinerte dansebevegelser. Det er rørande vakkert uansett.
Vi satser på at konserten blir ein suksess og at alle blir fornøgde i morgen.
No skal eg lade batteriene mine slik at eg er klar til konsert i morgen.

1 kommentar:

Jeanett sa...

jeij, julebloggen er igang igjen :D:D kjekt å lese ka dokke drive med borte i røverhuset sjøl om eg får en oppdatering kver tirsdag :P hehe

Men ser att du har glømt 3.des og!! kremt ;)