06 desember, 2010

Snøen faller lett og fin...

Ikkje en spesielt god start på juleblogginga det her... Planen var jo kvar dag, men eg trur eg berre må innse at slik blir det nok ikkje. Ikkje fordi eg ikkje gidder eller har tid, for det har eg nok av, men rett og slett fordi eg sovner som en dupp om kvelden etter at ungene er lagt. Er blitt skikkelig kveldstrøtt og syns det er pyton! Det er liksom meininga at eg skal nyte freden når ungane er lagt, ikkje sovne sjølv!

I helga har eg nesten ikkje vore heime. Eller det begynte vel egentlig før helga. Det har vore julekonsert med kulturskulen, og det tek veldig mykje tid og energi. Energien er det ikkje så farlig med, for den fyller seg på igjen når forestillinga er over og vi står der like stolte som elevane våre, men det har blitt seine kveldar og mykje som skal forberedes.
Konserten gjekk kjempebra! Litt lang, som vanleg, men vi har veldig flinke og flotte elevar. Dei er tålmodige og fokuserte når det gjeld, og det er veldig viktig. Det er mange som vil vise seg fram og med 600 elevar så blir det lett litt vanskelig å velge ut kven som skal være med, og kven som må vente. Det er sjølvsagt ikkje alle som er med, men vi var nok rundt 200 elevar i aksjon på denne konserten.

Lørdag var eg, Kjersti og Bjørg på jentekveld hos Kristin. Der lagde vi fiskesuppe fra Genova og heimelagde nanbrød. Deilig, deilig, deilig!!! Det er ikkje mykje som kan måle seg med gode venninner, gode samtaler og god vin og mat ;)
Lørdag begynte det å snø. Det er heilt kvitt ute og for ein gangs skyld var brøytebilane tidleg ute. Noko som resulterer i at eg enno ikkje har hørt ei einaste klage på dårleg brøyting. Veldig bra!!! Eg kan faktisk ikkje huske sist eg blei veldig glad for å sjå en brøytebil utenom dei gangane eg har vore innesnødd ;)

No, i kveld har vi vore på julefest i klassen til Marthea. Dei har vore kjempeflinke. 1time og 40 minutt med program av flinke elever, god gammaldags basar og masse folk. Det blei tørka ei tåre og to i løpet av kvelden, ja... Lurer på kvifor eg berre blir meir og meir blauthjerta med årene. Det er faktisk litt slitsomt!
Etter festen kjørte vi ungane ned til mamma og pappa. Dei skal sove der i natt fordi eg og Trond skal reise til Åsane i morra for å hente ny bil til meg. Det skal bli skikkelig deilig med ein bil som ikkje høyres ut som eit fly når eg køyrer, og som faktik har plass til heile Røverfamilien!
På veien heim skal vi innom på Takle til bestemor og bestefar. Det gleder eg meg veldig til. Vi ser dei alt for sjelden og det er trist. Så no skal vi innom ein tur og slå av ein prat og levere eit par julegaver.
Så hvis eg skal klare å komme meg opp i morra, så må eg vel finne bingen...

Ingen kommentarer: