18 desember, 2009

Det er jo juleferie ;)

No er det snart skikkelig jul her hos oss i Røverhuset. Vi vasker og rydder og steker og baker og det ser jammen ut som om vi kjem i mål med alt vi hadde tenkt. Det er så deilig når alle er med på å gjør huset klart. Dei to små syns jo det er SÅ stas å få være med å vaske. Utstyrt med kvar si fille er dei godt fornøgde og klare til å vaske og pynte på romma sine. Kanskje eg skulle bli flinkare til å la dei få lov å vøre med når eg skal gjere husarbeid... Mulig det blir litt meir hjelp å få av dei med tida ;)

I dag begynte dei to eldste på juleferie. Då kan eg nyte min ferie også. For det er ikke skikkelig ferie dersom en likevel er nødt til å ha på vekkerklokka om morran. Og no skal ikkje den på før til neste år! Det var to glade barn som kom fra skulen tidlig i dag. Mette og gode etter å ha laga julefrokost med klassane sine. Så då gjer det ikkje så masse om det var mykje styr før dei kom seg avgårde i dag. Julefrokost er elevane sitt eige prosjekt. Dei blir delt inn i grupper og så skal dei dekke og finne ut kva dei treng på kvar sine grupper. Så i dag måtte vi steike rundstykker og lage saft, koke kakao og egg. Ellers så hadde dei med seg kjeks, pepperkaker, mårpølse, nugatti og kopper, duker, lysestaker og kongerøkelse. Eit deilig kaos klokka 07.00 ein fredags morgen. Mette og gode blei dei no i allefall.

Så no skal vi sette oss godt tilrette i sofa'n og sjå historien om julenissen og det gleder vi oss til alle, sjølv om det er alt for seint. Men det er jo ferie ;)

Ingen kommentarer: