12 mars, 2015

Å bytte til eit litt mindre håndkle...

Sjølv om eg ikkje har sprunge en meter denne veka, så er det tid for en liten update. Det er, som nevnt tidligere, revyveke. ALT denne veka har dreid seg om revyen. Tekster skal pugges, inn og utganger skal klaffe, kostymer finnes fram og klargjøres... Og så skal logistikken her heime gå opp! Den jobben har heldigvis gått ganske så knirkefritt, takka være mamma. Ho har stillt opp og tatt seg av ungane, slik at eg berre har hatt meg sjølv å passe på.
I dag har vi hatt generalprøve, og eg trur vi har ein knakande god revy! Uansett så har vi i allefall det veldig kjekt, og eg kjenner at det er fantastisk godt å være tilbake i "manesjen". Og, ja, eg er sliten og trøtt som en dupp, men dette er berre snakk om ei hektisk veke, og derfor så klarer eg å holde ut. I morgon er det premiere, og det blir fantastisk gøy å få litt (forhåpentligvis masse) respons fra publikum...

Som sagt så har det ikkje blitt noko løping denne veka. Sjølv om eg så innmari gjerne skulle gjort det. Eg har komt inn i ein så god stim at det kjennes unaturlig å ikkje løpe når det er satt opp "løpedag". Men eg har holdt meg unna og det trur eg faktisk gjør meir godt enn en skulle tru. Kroppen treng litt kvile også. 
Det har vore veldig mykje fram og tilbake dei to siste vekene, i forhold til om eg heilt ærlig trur at eg kan klare å legge ut på ein 10km lang løpetur. Det har vore mangen "diskusjoner" med meg sjølv. Den eine dagen trur eg virkelig at eg skal klare det, og neste dag vil eg berre trekke meg fra heile greia. Det er jo klart at når ein aldri før har sprunge, så er det ganske så strabasiøst å skulle legge ut på ein slik tur. Og derfor har eg komt fram til at eg halverer distansen. Det har blitt en kompromiss som eg kan klare å leve med. For meg er det å løpe 5 km bedre enn å måtte kaste inn håndkleet heilt. Sjølv om eg no har endra planen, så føles det ikkje som eit nederlag. Det er mulig at det kan bli ein større seier. Det er bedre å mestre halv distanse, enn å miste nattesøvnen på å skulle klare det opprinnelige målet. Sjølv om eg helst ikkje vil at det skal være slik, så må eg også her ta innover meg at eg har ein kronisk skade, som eg må ta hensyn til. Det er jo kjedelig å brenne så mykje krutt at eg blir sengeliggande... Då har jo dette prosjektet egentlig virka mot sin hensikt...

Så den 18.04 står eg ikkje på startstreken med nr 500 på brystet... Eg står på startstreken, med eit eller anna nr på brystet, og med eit pågangsmot og ein vilje til å gjennomføre mitt livs løp. Og så får eg heller satse på at eg muligens kan klare å løpe ei mil når det går litt lenger tid... Rom blei ikkje bygd på ein dag...

God natt!

Ingen kommentarer: