03 desember, 2015

Basar og volleyball

Hu å hei kor det går. Håper ikkje heile førjulstida skal være like fullbooka! Det er jo full rulle fra morgen til kveld. Mulig det har sammenheng med at det gjennstår litt småpjask i huset før eg kan få alt på stell, men det blir bedre og bedre dag for dag. I går satt eg på dei siste handtaka på kjøkkenskapa. HEILT ALEINE! eg er alltid så redd for å borre hol i ting...tenk om eg gjer feil.... Men det gjekk heilt fint. I gårkveld fekk eg på plass litt julepynt. Deg gjorde eg mens eg hadde på "Jul i Skomakergata" i bakgrunnen. Mi eiga lille førjulsstund etter at ungane var lagt. Resultatet var at det står enda meir på hovudet enn før, men det skal bli bra i helga.

I dag har vi vore på klassefest med Torje sin klasse. Det var basar og kakespising. Torje var litt lei seg fordi vi ikkje vann noko, men det er ein del av livets harde skole. Men er det ikkje merkelig at det alltid på slike samlinger er eit par stk som vinn halvparten av gevinstane? I dag var det tre stk som vann fire gevinster! Utgjort ;)

Etter kaker og basar var det trening for meg. Eg droppa jo sist trening til fordel for julebrus-testing hos Beate. Vi var tre stk fra laget som var på den samlinga. Dette hadde sjølvsagt komt treneren vår for øret, og hevnen var derfor søt i dag. Vi som hadde "Skulka" blei satt i gang med løping/oppvarming, mens resten av gjengen blei stillt opp i rekke for å sjå på oss, samtidig som Dan serverte dei JULEBRUS!!!! Fantastisk bra påfunn! Vi fekk oss en skikkelig god latter alle sammen!
   Det er så utrulig kjekt å være i gang med volleyball igjen. Vi har det så utrolig kjekt i lag. Eg var veldig spent på korleis det ville gå med volleyball i forhold til nakken min, men det går veldig fint så lenge eg tek hensyn til det når eg treng pause. Eg er ikkje den einaste med "skavanker" på laget, så det er stor takhøgde. Det viktigste er at vi koser oss i lag og har det kjekt på trening. Det hjelper jo også litt at vi hittil har vunne 2 av 4 kamper!

Men no er det natt her i Røverhuset. Alle utenom meg sover, og det er vel på tide at eg også finn bingen. Eg ser fram til ei hyggelig helg med øving til den store forestillinga om ei veke. Nattinatt.

Ingen kommentarer: