28 februar, 2015

Du er flink, flink, flink, flink, flink, flink, flink!

Dei siste dagane har det sett slik ut utenfor døra...

Sist eg oppdaterte her så var eg litt "nepen" fordi eg ikkje kom meg ut å løpe. Ikkje fordi eg ikkje kunne, men fordi kroppen var tom for energi. MEN det gjekk ikkje så lang tid etter at eg hadde posta innlegget, før eg rett og slett fikk så dårlig samvittighet at eg berre måtte komme meg i joggekleda og legge i vei. Og FY SØREN kor godt det var! Turen gjekk, i ausregn og vind, ned på Havreneståa. I regn og blest er det min favorittplass.
Å stå der nede på "tuppen" av byen, mens vinden tar skikkelig tak i kroppen og regnet pisker i fjeset, er noko av det mest fantastiske eg veit!
Og den energien eg brukte på turen, fekk eg tilbake i dobbel, eller trippel, grad. Det er egentlig litt rart. Før du kjem deg ut, eller før du skal foreta deg noe, så kjennes det gjerne ut som om beina eller heile kroppen er full av bly. Det er ikkje ein einaste fiber i kroppen som har lyst. Samtidig sitter "styggen på ryggen" og forteller deg at du er lat, elendig og mislykka, fordi du ikkje kjem deg i gang... Men hvis du då klarer å komme deg ut likevel, så er det så mykje futt i kroppen etterpå at du ikkje kan forstå at du trudde du ikkje kunne klare det.
Slik har eg faktisk hatt det i dag også...

Ei travel veke blei avslutta med ei fantastisk kjekk sangstund på Misjonsheimen. 20 småtroll var med meg på Småbarnsang. Det er noko av det kjekkaste eg gjer. Små barn og musikkglede... Ingenting er bedre.
Men sjølv om eg elsker den jobben, så er det også noko av det mest strevsomme eg gjer. Det er 50 intense minutter. Ingen mulighet for å ta pause innimellom og fullt kjør fra start til slutt. det er egentlig som ei real treningsøkt...

Etter småbarnsang var det rett heim og finne ei god liggestilling på sofaen. Og etterkvart som dagen gjekk så blei det meir og meir klart at løpetur blei det i allefall ikkje i dag. Eg prøvde både å ligge på spikermatta mi og å sove litt, men det var så vidt eg fekk beina med meg over golvet. "Dette er straffa for å prøve å oppføre meg som om eg ikkje har en nakkeskade", tenkte eg. "Eg må nok berre legge inn årane, og trekke meg fra heile Rett Vest". "Jaja. Så fekk du ikkje til dette heller"... Slike tanker har eg plaga meg sjølv med i heile ettermiddag. Ikkje særlig oppløftande. Ikkje særlig fine tanker om egen innsats heller... Då er det godt å ha vore på kurs og lært eindel teknikker som skal hjelpe meg til å "skru av" desse tankane.

MEN så plutselig skjedde det igjen!
Det kribler i kroppen. Eg klarer ikkje finne roen. Ute regner det som om det er sjølve syndefloda som er begynt igjen. Eg berre MÅ! Sjølv om det er lørdagskveld. Sjølv om eg egentlig har lyst på sjokolade og rødvin. Eg berre MÅ finne fram løpekleda og kjenne beina slå mot underlaget. Eg berre må UT OG LØPE!!!!!!
Trond ser rart på meg når eg bekjenner mine rare tanker. Han meiner eg er gal! Og no er eg faktisk begynt å lure sjølv...
Det er berre ei veke siden eg kjørte innover til byen i åtte-tida og såg nokon som jogga langs vegen. "Er det mulig!", tenkte eg. "Hvis du er SÅ løpegal at du legg ut på løpetur på ein LØRDAGSKVELD, DÅ har du virkelig tippa". Eg rista på hovudet, og tenkte at DER kjem eg aldri. ALDRI i livet om eg legg ut på løpetur på lørdagskvelden... Og så plutselig er eg ei slik ei sjølv... Ei slik ei som forlater huset og forberedelsane til lørdagskveldsen for å dra ut og LØPE! Er det rart eg begynner å lure på om eg virkelig er blitt gal???
Og akkurat det samme skjedde som sist gang. Energinivået er på topp, og eg trur eg kan få til det meste... OG best av alt. Den sjokoladen som eg hadde planlagt å kose meg med, den ligg i skapet og no sitter eg her, med beina på bordet og spiser paprika og gulrot!!!

Og så kan det godt hende at eg kjem til å gå på ein skikkelig smell. Hodet mitt verker, nakken skriker og eg knasker smertestillende. DET er jo ikkje bra, men eg blir jo ikkje bedre av noe som helst, så då har eg bestemt meg for at eg kan prøve å gjere noko med helsa og så får nakken min berre leve sitt eget liv...

Ei travel veke er snart slutt og eg kan oppsummere den enkelt, med eit kraftig klapp på skuldra og sei: FY SØREN KOR FLINK DU ER!!!!!

Ingen kommentarer: