05 februar, 2015

Endå ein slags kalenderblogg

Nei, eg har ikkje fått juleabstinenser. Eg har heller ikkje kasta meg ut i å synge "Jula varer heilt til påske". Nei, dette er rett og slett eit lite innfall av galskap.
I eit svakt øyeblikk tok eg ei utfordring og her sitter eg altså og teller ned til å stille til start på RETT VEST med startnummer 500 på brystet!
Galskap!
I allefall for ei dame som aldri har likt å løpe. Eg likte vel å løpe ein gong i "gamledager". Heilt til eg skulle ta Coopertest på ungdomskulen og svimte av rett før eg kom i mål. Husker lite av det som skjedde, men bestemte meg dengang for at så sliten og så dårlig skulle eg aldri meir bli. Og det løftet har eg stort sett holdt... Ja, heilt til eg møter på ei "løpedame" på Rema 1000 ein dag. Ho har hørt at eg muligens var rett person til å ta imot utfordringa om å stille til start i Rett Vest. Eg, som ikkje liker å løpe eller bli andpusten. Tøff i trynet som eg var, sa eg JA uten å nøle. Deretter fekk eg beskjed om at det muligens blei med lokalavisa på slep... Har ikkje sett noko til den, men her står eg altså no. Livredd!
Men etter ei skikkelig "risiko-analyse" kom eg fram til at det verste som kunne skje var at eg fekk kondis og kom meg i gang med treninga igjen. Altså, ingenting som kjem til å ta livet av meg. Då er det vel berre å gjere ein ting: Go for it!!!

Så dette er fra no av ein aldri så liten "Treningsblogg". Her kjem eg til å dele oppturer, nedturer, løpeturer, frustrasjon og mestringsfølelse. Hvis du ikkje finn det interessant, så la være å lese. Vil du følge med meg, så legg gjerne igjen nokre heiarop. Det treng eg nok...

I dag er det 72 dager igjen....

                                                     Fra en av dei første løpeturane mine!


Ferdig å løpe. Overlevde!!!!

Ingen kommentarer: