10 februar, 2015

Ein av dei dagane...

Det har vore ein av "dei" dagane. Det har vel egentlig vore det dei siste dagane. Ein sånn dag der det einaste eg har lyst til er å ligge under dyna og syns synd i meg sjølv. Nakken verker og hodet mitt blir klemt ihjel fra innsida. Eg er så lei av å ha det sånn!  Men det blir ikkje noko målgang av å ligge under dyna og syns synd i seg sjølv, så då er det berre å finne fram treningskleda og komme seg ut. Eg blir ikkje bedre av det, men eg får tankane over på noko anna den stunda.

På søndag var det morsdag og då fekk eg ein super morsdagsgave av mine håpefulle. Eller... EG kjøpte meg ein "supergadget" til meg sjølv, og sa til ungane at det var årets morsdagsgave. Det er vel lov, er det ikkje? Uansett. Eg har fått meg Fitbit Charge HR! Ei slags klokke eller eit aktivitetsband som er både skrittteller, pulsklokke og "coach". Eg er kanskje litt for glad i slike dingsebomser, men det gir meg litt motivasjon og det fungerer mykje betre enn pulsbeltet gjør.



I går var det løpefri. Men eg gjekk meg ein god tur over Storeåsen. Det regna og var ganske surt ute, men det har eg egentlig begynt å like. Det er friskt og godt.


I dag, derimot, var det ikkje løpefri. Eg har prøvd å finne på ein unnskyldning god nok for å la vær å løpe i dag, for kroppen min hadde ikkje så veldig lyst å løpe. Heldigvis så fann eg ingen unnskyldning som var god nok, så då var det bare å finne fram treningskleda og komme seg ut. Eg kjenner at det blir lettere og lettere å løpe no. Eg blir ikkje lenger så innmari andpusten og når "løpeøkta" er over er eg ikkje så sliten. Eg kjente faktisk  det at kondisen har betra seg, godt på babysangen i dag. Eg klarte fint å hoppe, danse og synge uten å måtte hive etter pusten når eg var ferdig. Tommel opp for bedre kondis!
Men eg har fortsatt vondt i leggane. Ikkje så masse når eg løper, men når eg er ferdig så kjenner eg det godt. Satser på at det også går over. Må berre være flink å løpe litt meir på ujevnt underlag. Så satser eg på at det blir bra. På torsdag tenker eg å løpe meg ein tur i skogen. Det er fordelen med å bu i Havreneset. Her kan eg løpe nye ruter kvar einaste dag. Det er motiverande i seg sjølv.

Men no er det kveld. Eg kan krysse av enno ei utført løpeøkt og legge beina mine høgt resten av kvelden. Ha ein fin kveld der ute.

Ingen kommentarer: