21 februar, 2015

Det er i motbakke det går oppover....

Hadde det ikkje vore for at eg har eit mål å jobbe mot, så hadde nok joggeskoa blitt lagt på hylla denne veka. Men det er berre to mnd igjen til start og eg har ein skikkeleg jobb å gjer, så derfor gjekk eg til innkjøp av eno eit par joggesko på onsdag. Eit par lilla og fine HOKA One One. Dei ser ikkje så lure ut, men dei har den beste støtdempinga på markedet, så då får eg håpe dei kan gjør jobben når eg no etterkvart blir nødt til å venne beina til å løpe meir og meir på asfalt.



Eg hadde to nydelige løpeturer i skogen i forrige veke, og hadde eit intenst håp om at beinhinnene mine hadde forstått at kampen var tapt. Men etter løpetur i nye sko langs Kinnvegen på torsdag, så var det rett før eg grein blod! Leggane verker sånn at det er så vidt eg klarer å gå. Det er heilt ok når eg løper, men etterpå er det heilt forferdelig. Om det var skoa eller asfalten veit eg ikkje, men ein ting veit eg: Eg MÅ finne ut av dette her. Er det betente beinhinner eller støle og stramme muskler? Eg er ikkje kompetent til  finne ut av dette sjølv, så etter treningsøkta på torsdag ringte eg til Naprapaten. Eg skal til han på mandag, og håper at han kan hjelpe meg og finne noen svar. EG VIL IKKJE GJE MEG!!!

Eg kan jo sjølvsagt berre løpe i skogen heile tida, men då vil eg jo få eit skikkelig problem 18.april...

Eg er akkurat ferdig med vekas siste løpeøkt. Den begynte ikkje så bra, men når eg blei varm så gjekk det unna og løpeloggen viser at formen er stigende og kondisen på bedringens vei. Og sjølv om "styggen på ryggen" lurte seg med i dag også, så fekk eg han til å holde kjeft etter at eg blei skikkelig varm. Turen i dag gjekk til Havreneståa. Det er så deilig å ha fleire alternativ når eg skal velge løperute. Eg kan ta ei ny rute kvar dag og det gjør jo at eg får litt forandring. det blei dei gode gamle joggeskoa i dag. Løpestilen er ganske annerledes med HOKA-skoa, så eg trur det er lurt å "Gå dei inn" litt meir før eg løper meir med dei.
Så no sitter eg med beina høgt forran tv'n og ser på herrenes 3 mil i ski-VM. Småguttane er på trylleshow mwd bestemora og på loftet er det "fjortis-fnising". Alt ligg til rette for at det skal bli ein finfin lørdag. Og det beste av alt er at eg har gjennomført fire heile veker med løping og at eg allerede gleder meg til neste løpetur!

God Helg!


Ingen kommentarer: