06 februar, 2015

Helg...



Det er helg! Fredag er min favorittdag. Då er det fri. Leksefri. Vekkerklokkefri!
For meg, som for tida jobber med å komme meg tilbake til jobb, så er ikkje fri lenger det det var. Eg kan ikkje lenger sei at eg tar velfortjent helg etter ei lang og hard arbeidsveke, MEN eg kan sei at eg tar helg og deler ungane si slede over å ha leksefri og vekkerklokkefri. Ein får ta med dei gledene ein finn på vegen...
Sjølv om det er fri frå mykje, så er det ikkje treningsfri! I går hadde eg ei løpeøkt på tredemølle. Grunnen var så enkel som at veien har eit tjukt lag med is, og eg har ingen planer om å knekke lårhalsen. Så då tok eg ungane med på Havhesten og medan dei bada, gjekk eg i kjelleren og sprang. Konklusjonen etter den løpeturen er at mine bein IKKJE liker å løpe på mølle! Eg har ALDRI hatt så vondt i beina før. Det var så vondt at eg var sikker på at det ikkje hadde vore verre å operere leggen uten bedøvelse. Så det gjør eg ikkje fleire ganger. Då får eg heller bli med ungane i bassenget og løpe der. Eg lærer litt kvar dag. Og så skal eg innrømme at eg løpte med barfotsko i går... DET skal eg heller ikkje gjør meir. Dei er gode til styrketrening, og eg har brukt dei når eg har gått tur, men løping var ikkje lurt.

I dag har eg vore hos Dag på Firdaposten. Så i morra blir fruen "midtsidepike" i avisa.
Dette kan bli ei spennande reise. Eg kjenner at eg begynner å tru på at det faktisk er mulig å komme over målstreken 18.april (om 71 dager). Samtidig kjenner eg at redselen for at eg ikkje klarer det har begynt å sleppe taket. Dersom eg ikkje fikser det, så har eg no komt mykje lenger enn om eg ikkje hadde prøvd. Og litt av vitsen med det her lille (les:enormt store) prosjektet er jo å komme meg ut av hengemyra. Og det skal eg klare...hvis berre den forbaska holka forsvinn...
I artikkelen som Dag har skreve har han også nevnt at eg skriv litt her på min lille private blogg. Det gjør jo til at eg faktisk blir nødt il å oppdatere litt meir. Utfordringer er til for å bli tatt!

God helg!

Ingen kommentarer: