16 februar, 2015

Ego på prøve

Kanskje på tide med ei lita oppdatering... Forrige veke blei det litt amputert løpetrening, så då var det liksom ikkje så masse å skrive om.
Det blei berre to løpeturar og eg måtte repetere "løpeveke 2". Grunnen var så enkel at eg hadde meg ein tur til tannlegen for å trekke ei visdomstann. Og eg blei derfor ilagt løpeforbud i to dager.
Hadde noen sagt til eg for et par mnd siden at eg ikkje fekk lov til å løpe, så hadde eg jubla. Men det var veldig interessant å oppdage at eg blei rastlaus og litt urolig fordi at eg ikkje kom meg ut på tur. Eg fekk gått meg småturer, men på grunn av blødningsfaren så måtte eg ikkje ta så hardt i.
Eg tar rastløsheten som eit godt tegn på at eg begynner å komme inn i ei god vane.
Det var i allefall veldig deilig å ta på løpeskoa når lørdagen kom. Og då var det jo eit fabelaktig vêr å løpe i! Sol fra skyfri himmel og skikkelig vårlukt.


Ikkje verdens beste selfie,,,


Lørdag sprang eg i skogen. Det var veldig godt. Spesielt for leggane mine. Eg hadde min første løpetur uten smerte! Det var fantastisk deilig. En anna ting med det å løpe i skogen, er at der er det ikkje bare bortover... Eg fekk virkelig kjenne på pulsen min. Når kvileøkta fell sammen med lange motbakker, så kjenner eg at egoet mitt blir satt på prøve.
Når det skjer, er eg ekstra glad for at eg har "ei dame i lomma" som holder orden på løpetida mi. Når eg holdt på med den nest siste løpeøkta så var det ei "stemme" som ville at eg skulle stoppe å løpe, fordi eg var så innmari sliten. Men då sa den snille dama i lomma mi: "you've got 15 seconds left", og då fortsatte eg. Fy sørn kor deilig det var med pause då! Når eg kom heim og las av løpeloggen såg eg at eg på det punktet låg på makspuls... Lov å være litt sliten då.

Eg begynner å merke på kroppen at løpinga gjer godt. Litt bedre plass i buksene og mykje bedre kondis! Dette må berre gå RETT Vest!

Ingen kommentarer: