07 februar, 2015

Fångad av en stormvind

Ein ny løpedag er unnagjort. Det er 70 dager til eg skal løpe 10000 meter... Løpinga begynner å komme innunder huden på meg. Det er slik at eg har begynt å legge det inn som ein del av den daglege tankegangen. Det er ein veldig spesiell følelse å våkne ein lørdagsmorgon og den første tanken som fell ned i toppen er: "Lurer på kor eg skal løpe i dag. Håper det ikkje er alt for dårlig vêr" Hadde nokon sagt til meg for eit par månader sidan at eg skulle tenke på løping før eg stod opp frå senga, så hadde eg sett dumt på dei."Eg kjem ikkje til å løpe!"

Men slik starta altså dagen min i dag. Og når eg såg kor havet kokte, så bestemte eg meg for å ta turen ned på Havreneståa. Det er noko veldig spesielt med å stå der ute på neset når vinden riv i skrotten og frisk sjøluft slår deg i fjeset. Der ute har eg stått mang ein gang når det har kokt i hodet også. Balsam for sjela.

  Når frukosten var inntatt tok det til å snø og blåse noko heilt vannvittig, og då kom det litt usikkert fra Bendik: "Ehhmm... Mamma, eg trur ikkje det er så lurt at du fer ut og joggar likevel. Du får i allefall vente til vinden løyer." Snille vennen vår. Han er en smule bekymra for at mora skal gå på ein smell... Men vinden løya, og ho mor inntok løpekleda. Og det vart ein fantastisk frisk tur. Med god musikk på øyrene og regn og snø i fjeset.
Av ein eller anna grunn så tenkte eg på MGP-låten "Fångad av en stormvind" når eg løpte i dag...


Eg hadde faktisk ikkje så vondt i leggane heller i dag (I allefall ikkje før etterpå). Eg merker også at eg er mykje mindre andpusten og gåen no enn berre for ei veke sidan. Likevel så trur eg nok at eg skal repetere løpeveke to på "Get running". Eg trur det er lurt å ikkje ta det så hardt no når leggane mine er litt sure. Men å la være å løpe er rett og slett ikkje eit alternativ. No er det løpefri fram til tirsdag, så då får eg være flink med massasje og spikermatta. Å ligge med leggane godt planta på spikermatta er ein lite behagelig aktivitet, men det virker. Vondt skal vondt fordrive, heiter det...

Ellers så har ikkje dagen inneholdt så mykje. Uvêret "Ole" herjer kysten. Mest lenger nord, men her ute i trivselsbyen har det også tatt godt. Eg er jo litt fasinert av uvêr, så då passer det fint å ha panoramautsikt til havet, for i dag har det vore villt, vakkert og vått...

Kos deg inne i uveret og nyt lørdagskvelden

Ingen kommentarer: