23 desember, 2014

Julefred i Røverhuset...

Og der seig eg endelig ned i sofaen med beina på bordet og eplegløgg i handa. No er det jul i Røverhuset. Absolutt alt er komt i hus, og vi har ingen planer eller viktige gjøremål utenfor huset. Det er en fantastisk god følelse! Eg føler på mange måter at eg har fått ein ekstra dag til å bruke på å gjør ferdig det lille ekstra. Grunnen til det er at eg ikkje skal være med å synge i krika i kveld. for første gang på 20 år. eg hadde faktisk trudd at eg kanskje kom til å syns det var vemodig å ikkje være med, men det kjennes veldig rett og det er godt. Så i kveld skal eg sjå Hovmesteren og få med meg masse anna av det kjekke som Lille Julafta bringer på min veg.

Det har desverre vore litt "Bloggtørke" dei siste dagane. Det blir lett slik i siste innspurten.
Søndag hadde vi julekonsert med Fryd i Florø kirke. Vi hadde med oss Gammen (mannskor) og vår lille guttesopran, Torje, som gjester. Det blei ei veldig fin og stemningsfull stund på årets aller mørkaste dag. Torje hadde egentlig bestemt seg for at han ikkje ville synge. Grunnen ville han ikkje ut med, men han ville ikkje! Og eg hadde bestemt meg for at eg ikkje skulle mase på han. Dette måtte han få være herre over sjølv. Og eg er så innmari redd for at han skal føle seg pressa til det. Men lørdagen kom han og sa at han hadde ombestemt seg, og at han ville synge likevel.  Og mitt mammahjerte flomma over av stolthet når han stod der foran korene og sang. Litt nervøs og usikker, men likevel så innmari flink!



Vår egen lille sølvgutt

I går var eg på deilig julelunch i barnehagen. det er ubeskrivelig godt å få lov til å være ein del av det fantastiske kollegiet i Havreneset Barnehage. Å få lov til å føle seg velkommen og verdsatt betyr mykje når ein har vore ute i litt for mykje storm... Etter den delige lunchen drog eg og Trond til byen og gjorde oss heilt ferdig med det som vi var ferdig med. Og så var det heim til Røverhuset for å begynne å pakke inn alle julepakkane, Det er egentlig veldig kjekt å pakke inn gaver sjølv, men kvar gong eg set meg ned med det, tenker eg at neste år...då skal eg få gavane ferdig innpakka på butikken. Og det har eg sagt kvart år, og likevel blir eg sittande med gråpapiret og kose meg med innpakkinga år etter år.
Men no er det gjort, og det blei veldig fine gaver i år også...

Men no er det altså kvelden før kvelden. Vi har ikkje vaska golvet, veden er så stygg at vi ikkje vil ha den inne før den skal i ovnen, fuglane har fått mat. Ribbene skal i vatn snart, kålrabistappen skal lagast klar og så tenker eg det blir jul her hos oss også.
Og når eg tenker meg om så er det vel ikkje om alt er på stell som er det viktigste no i jula. 

Og no er eg komt til endes på denne lille "julebloggkalenderen" min og med nokre fine ord frå  Jan Magnus Bruheim, vil eg ønske deg og alle dine ei riktig god jul...


GOD JUL



Ingen kommentarer: