18 desember, 2014

Snart er vi der...

Det nærmer seg, det nærmer seg... Litt uvirkelig at det berre er seks dager igjen til jul. Her i Røverhuset går det sakte framover, men vi begynner å se en ende på julestria. Det gjorde seg å få mannen heim, for med denne veka som vi er inne i no, så måtte eg hatt fleire kloninger av meg sjølv.

I dag var det grautfest i skogen med klassen til Bendik. Dvs planen var at vi skulle være i skogen, men heldigvis er det kommet opp eit skur der nede, så vi hadde tak over hodet i regnbyene. Snøen er historie, så det som kjem ned no, det er ferdig måka...

I dag var det også den årlige julekonserten til ungdomskulen. Det er alltid veldig kjekt å sjå og høyre kva dei får til. Dei skal absolutt ha for innsatsen sin. Det er ikkje alltid det låter like bra, men dei vil og då er det nok for meg.

Blogginga i går den gjekk i glømmeboka. Det var ein skikkelig "syngedag" i går. Først var eg i kirka med Sebastian og øvde litt, så var FRYD på Amfi-senteret og sang nokre julesanger og så var det korøving. Ikkje rart eg våkna med sår hals i dag... Men eg har ikkje tid til å bli forkjøla, så det bar rett på apoteket for å få tak i "nødhjelp". Satser på at det går fort over, slik at det blir full trøkk på konserten på søndag.
No er det kvile som står for tur, og i morra begynner JULEFERIEN!!!



Ingen kommentarer: