10 desember, 2014

Fulle dager

Er det ikkje merkelig korleis ein dag uten dei store planane kan vise seg å bli veldig travel? Det er ein slik dag eg har hatt i dag. I utgangspunktet stod det tre ting på planen min. Fint fordelt utover dagen slik at det var god tid innimellom. Det var først lunch med Elisabeth (kusina mi som har vore her på besøk nokre dager), fysioterapi og korøving med FRYD.
Men så dukker det opp ting og tang innimellom og så kjenner ein seg som ei fille når dagen er over... Jaja. Det er vel ikkje berre for meg det er slik, og med fire unger er det jo sjølvsagt at det er action og tempo. Det ville vore rart hvis ikkje...
Apropo action. Då eg var ferdig hos fysioterapeuten i dag, og sat stille og fredelig i bilen for å ordne noko før eg køyrde, så kom det jammen meg ein bil og køyrde i meg! Det blei ikkje bulk, men ei stripe på bakskjermen blei det. Heldigvis var det ein oppegåande kar i den andre bilen, så eg fekk navn og nummer. Blir nok sikkert ikkje noko store greier, men eg må få sjekka opp stripene og sjå kor djupt dei sit. Godt vi køyrer gammal bil...

I går og i dag har det vore eit skikkeleg ekkelt vêr. Storm og regn og surt. Då er det ekstra godt og sitte inne og fyre godt i peisen og nyte stilla. Ja, i dag har det jo ikkje blitt så mykje tid til akkurat det, men ein liten strekk når alle ungane er komt i bingen gjer underverk. Og med ale lys tent og Teodor på iPad'n så er det heilt som det skal være.
Å være på korøving og synge deilige julesanger er også noko av det beste eg veit med desember. No har vi rett nok sunge på julesangar siden slutten av september, men det er først no dei begynner å "virke". Julekonserten med FRYD skal være 21.desember i år. Så seint har vi aldri hatt julekonsert før, så det blir veldig spennande. Satsar sjølvsagt på masse publikum. FRYD sin julekonsert blir den einaste julekonserten for min del i år (bortsett frå den eg sang på 30.11). For første gang på 20 år, så skal eg ikkje være med på Midnattskonserten i kirka på Lille Julafta. Litt rart, men mest berre godt. Eg vil nemleg ikkje ligge som eit slakt halve julafta i år også...
Det er ein av dei tinga som er vanskeleg med å ha ein "usynlig" skade. Det er vanskeleg for andre å forstå at ein faktisk ikkje er så frisk som ein ser ut som. Men det er jo klart... For dei dagane eg er dårlig og ikkje orker noko som helst, så er eg ikkje ute blandt folk... Men det er desverre slik at eg alt for ofte å prioritere vekk ting og tang som eg så veldig gjerne skulle gjort, fordi eg må porsjonere ut energien og overskuddet mitt... Så derfor blir det ikkje Midnattskonsert på meg i år..


Men no nærmer jula seg sakte men sikkert og eg trur eg er i ferd med å få kontroll. Når det berre no blir helg, så skal vi nok få laga resten av det vi har planer om, og så kjem Trond heim og det kan bli jul i Røverhuset. DET gleder vi oss til alle sammen...


Brumm Brumm

Ingen kommentarer: