20 desember, 2014

JAAAA!!!!!

Då var eg endelig i mål med alle innkjøp til jul! Det er ein deilig følelse! for første gang på mange år har eg fått ALT vi treng i hus før julafta. ingen hysterisk panikklada juleshopping på julafta i år! Det er eg veldig fornøgd med. Så no er det bare sjarmøretappen igjen. Pakking av alle gavene. Det kjem nok til å ta si tid, sjølv om eg har vore flink å få det eg kjøper innpakka i butikken. Det er nemlig sånn at fleire og fleire butikker seier nei til å pakke inn gavene no før jul.Vi får gjerne tilbud om å få med papir heim, men jobben må vi gjere sjølv. Litt irriterende, men veldig forståelig. med voksende køer så er det ikkje alltid like kjekt å bli ståande bak disken og pakke febrilsk. Og det blir vel eindel gaver i løpet av ein dag... Og så syns eg jo egentlig at det er veldig kjekt å få sette mitt eige personlge preg på julepresangane, då. Dei siste åra har det blitt pakka i gråpapir og pynta med raude fine band. Nostalgisk og fint.

Det har vore ein effektiv dag i Røverhuset i dag. Eg har laga litt forskjellig pålegg, vaska litt og rydda litt. Det kjennes egentlig ut som om vi aldri kjem til å bli klar med den hersens ryddinga. eg får sei som Adrian sa i dag, når eg bad han hjelpe til med å rydde i kjellerstua:"det er så j..... kjedelig å drive å rydde! Eg rydder den eine dagen, og neste dag ser det like j..... ut! Kva er vitsen med å rydde då?!"
Ja, han fekk svar... Men han syns likevel at det var unødvendig...

Mesteparten av julebaksten blei også unnagjort i dag. Veldig enkelt å ta den på Europris. Resten skal vi prøve å få gjort enten i morra eller på mandag. Fordelen med at vi har gått på ferie allerede, er at vi fortsatt har tre heile dager før den store dagen, så då får vi vel både baka og gjort oss klar.

Eg har laga meg eit lite vintereventyr oppi ei krukke. Ideen fann eg på youtube, og eg syns den blei veldig fin. Berre sjå her:

Og mens julefreden senker seg så finn vi fram gråpapir, litt espresso og eit liiite glass med heimelaga ripslikør, og så pakker vi inn litt pakker før vi legg oss under dyna og venter på ein ny dag. Ein veldig spennande dag, faktisk...


Ingen kommentarer: