08 desember, 2014

Heimedag

Heimedag. Heilt uten dei store planane. Det har vore veldig godt. Etter at ungane var levert laga eg meg god frukost og såg nokre episoder av Teodors julekalender. No er det berre to episoder til, så er eg ajour. Det er så godt å kjenne barndommens jul sige på med den lille søte bjørnen. Brum Brum...
Og siden eg ikkje hadde noen planer, så gjekk eg rett og slett og la meg igjen etterpå. Eg var trøtt som ein dupp og det var veldig godt med en liten formiddagslur.

Heilt heimedag har det ikkje vore, faktisk. Eg hadde meg ein liten svipp innom butikken og handla middag og eit par julegaver til, og så var det berre å få laga middag og gjort unna litt lekser. Leksene gjekk unna som ein drøm i dag, for vi hadde besøk av to av mine nieser og dei hjalp gutane med leksene mens eg laga mat. En veldig grei deal.

Siden eg ikkje hadde noen avtaler i ettermiddag, så tente eg alle lys, både inne og ute, satt på musikk og kraup godt opp i sofaen med eit juleblad. Det var akkurat så deilig som det høres ut, og siden eg har gått noen heftige runder med meg sjølv på kurs dei siste vekene, så klarte eg å sitte der heilt uten å få dårlig samvittighet også! Og for å toppe det skikkelig så fekk eg besøk av ei veldig god venninne. Vi har skravla og drukke te og var skjønt enige om at dette må vi gjør oftere.

Og no skal eg snart krype godt under dyna og vente på den heftige stormen som skal komme inn over Vestlandet i morra. Då har eg endå ein god grunn til å berre kose meg inne med ungane. Og hvis du lurer på når eg skal gjør ferdig alt det som MÅ gjøres til jul, så skal eg sei deg det at det gjør eg når eg MÅ gjør det...


Ingen kommentarer: