06 desember, 2014

Kor blei det av julebaksten...?

Desember sin første lørdag skulle etter planen brukes til å komme i gang med julebaksten, men slik blei det ikkje. Har jo så masse anna å ta meg til. Først og fremst er det jo slik at når vi endelig har mulighet til å sove lenge, ja, så gjør vi jo det. Og når du skal til å dekke bordet til frokost og oppdager at du putta ALLE brødene i frysen kvelden i forveien, ja, så blir det jo sein frokost også. Det blei nysteikte (halvfabrikat) rundstykker, og dei smakte himmelsk! Når vi har fri å liker eg ikkje å måtte gå etter klokka. Då tar ting den tid det tar og vi er klare til å gå videre når vi er klare til det. 

Når vi var klar så tok eg med meg Bendik og Marthea til byen for å handle litt julegaver. Fikk faktisk gjort unna mange og det kjennes veldig greit. Eg håper på å være ferdig med det meste av juleforberedelsane til Trond kjem heim, slik at vi kan kose oss dei siste dagane før jul. Vi får sjå om eg klarer det. Det var jo noko med å ikkje sette så høge krav og egne forventninger då... Men uansett så er det veldig godt med alt som er gjort.

I dag har det faktisk vore ganske kaldt. Det merkes når det den siste veka har vore rundt 9 grader og gradstokken plutselig ligg rundt 2-3. Så rester fra haglebyga fra i natt låg igjen ute når vi skulle til byen. Det er vel kanskje den einaste "julesnøen" vi får, så då er det best å ta vare på den...



Ja, så blei det som sagt ikkje noko baking i dag, men eg har fått gjort så mykje anna kjekt, så då får det bare være med dei kakene som ikkje kom i boks. Det ordner seg vel i morra, for då har vi planer om at Adrian og nokre kompiser skal bake kakemenn. Eg er ikkje sikker på om det er ein god idè, men det får eg vel svar på i morra...

Ingen kommentarer: