03 desember, 2014

Ut på tur, aldri sur...

I dag har det vore ein slik dag som så lett kunne blitt heilt pyton. Det har vore ein av dei dagane då det ikkje vert heilt lyst og skydekket er så lavt at du føler du må bøye hovudet for ikkje å ta oppi. Men heldigvis så kom eg på bedre tanker, og eg bestemte meg for at dette skulle bli ein bra dag.
Etter at eg hadde fått levert ungane (ja, eg køyrer dei til skulen), så fann eg fram alt eg hadde av regntøy. Putta på meg pulsbeltet, plugga øreproppane i øyrene og gjekk meg ein lang tur i Storeåsen. Eg gjekk i ein time og var rimelig våt når eg kom tilbake. Men FY SØREN kor god samvittighet eg hadde etterpå! Og som belønning bevilga eg meg ein tur i badstua. Her i det nye Røverhuset er det nemleg badstue. Og siden eg var så glup at eg huska å sette den på  før eg gjekk, så fekk eg nyte den når eg kom heim. Det vert nok ikkje siste gang.
Etter ein liten cowboy-strekk på sofaen, så var det tid for litt fysioterapi. Det har desverre blitt slik at eg nesten er avhengig av ein god time med fysioterapi kvar veke. Det må til for å holde nakkesmertene såpass i sjakk at eg kan klare å jobbe. Men eg får berre prøve å sjå positivt på det. Eg får god massasje...Det er ikkje alle som er så heldige ;)

Siden det er onsdag i dag, så har eg sjølvsagt vore på kor-øving. Fryd skal ha konsert sammen med Gammen i Florø Kirke 21.12. Det blir ein fin konsert! I allefall hvis vi er flinke å øve. Det er fortsatt ein del lause trådar, men det kjem seg vel, får vi tru.

Til middag i dag laga eg ei kjempegod kylling-gryte med pasta. Tenkte eg skulle prøve noko nytt... Men når den var ferdig så sa Bendik: "Mamma, denne middagen er jo akkurat den samme som sist du skulle lage noko nytt til middag... Då er den vel ikkje ny då?" Og det verste er at han faktisk har heilt rett... Det fann eg ut når eg smakte på den. Jaja, det var no godt denne gangen også.

Så dette har vore ein aktiv dag. Planen min er at det skal bli fleire slike dager, men eg syns det er så kjedelig å bruke lang tid... Eg vil gjere alt på ein gang, men då veit eg også at eg kjem til å gå på trynet. Så små musesteg i rett retning er visstnok det beste. Så får eg vel berre prøve det då...

Dagens bilder.
Tur i gråvêr
og
det siste pastahjertet fra Hamburg...

Ingen kommentarer: