14 desember, 2014

Sjokolade....

Endå ein stormfull desemberdag er over. Det virker nesten som om vi skal få all den vinden vi ikkje fekk i sommer no. Eg priser meg berre lykkelig for at dette vêret ikkje kom innover land i går...
Så voldsom vind har det vore i dag at Kystnissen, som skulle komme til byen med kakefisk til ungane, ikkje kom seg fra Stabben (fyret), der han bur. Vi får håpe han kjem seg innover til byen i løpet av veka, slik at han får delt ut kakefisken før den blir gammal...

Siden vi har hatt storm i dag så har også denne dagen vore ein inne-dag. Planen var at eg skulle få pynta litt ute på trappa, men det frista ikkje å gå i skogen og finne det eg treng, og dessuten er eg redd det hadde tatt seg en tur med "den store blæsten", så det får eg ta ein anna dag. Det må vel bli litt mindre vind etterkvart, får vi håpe.
Uansett, vi begynte dagen med Lussekatter og kakao til frokost(!) Det var veldig deilig. Bendik spurte meg fleire ganger om det virkelig var heilt sant at vi skulle ha det til frokost. "Det har vi aldri fått lov til før", sa han forundra. Det var i allefall både søtt og godt.




No i desember så er det jo søndagsåpne butikker, så vi har vore ein liten tur i byen og gjort unna litt meir julegaver. Det er merkeleg det der med desse julegavene. Eg var jo heilt sikker på at eg nesten var ferdig før desember begynte, men det ser ikkje slik ut! Men no begynner det å nærme seg, heldigvis. Litt småplukk igjen, men det er egentlig greit å ha litt å gjere på, for ellers er eg redd eg hadde blitt liggande å sove vekk dei dagane eg ikkje skal på jobb... Og det kan eg jo ikkje...

I dag har eg laga sjokoladekonfekt! Dei blei knallgode, og ungane liker dei ikkje! Kan det bli bedre? Eg har laga konfekt av mørk sjokolade med jordbærsylte inni. Dei smaker himmelsk, og dei ser rimelig proffe ut også! Vi har bestemt oss for å lage litt julesnop i stedenfor så mykje kaker, for dei blir ikkje spist likevel. Så vi skal lage litt meir konfekt når Trond kjem heim (om to dager), og så har eg tenkt å lage sylteflesk og kanskje eg skal prøve meg på å koke tunge... Hvis eg tør...



Så med sjokolade under neglene og litt rundtomkring, så skal eg no krype under dyna og lese i "Den Store Boken Om Mummitrollet" mens eg høyrer på vinden som uler rundt huset. Det er no egentlig ikkje så værst... Natta...


Og du... Legg gjerne igjen et lite spor når du er innom og kiker :)

Ingen kommentarer: