01 desember, 2014

Julekalenderblogg 2014

Så var det den tida på året igjen. Adventstid. Tid for forberedelse og forventning. 
Tid for julestress og mas. Det er atter ein gang tid for å skrive julekalender om det som rører seg i Røverhuset no før jul.
Det virker egentlig ikkje som om det har gått eit heilt år siden sist.
 Tida fyk avgårde og eit år går så fort. Det siste året har det skjedd mykje i Røverhuset. Den største "happeningen" er at vi har fått oss nytt Røverhus. I vår flytta vi fra huset vårt i Røverhilleren, til eit nytt hus i Svanheimvegen. 
Egentlig samme nabolag, berre litt lenger ned mot sjøen.
Det å skulle lage jul i eit nytt hus er litt annerledes. I det gamle Røverhuset hadde alle jule-ting sin faste plass. No må vi finne nye plasser og det tar derfor litt meir tid med denne julepyntinga enn det eg hadde tenkt.
Eg pleier jo å ha huset juleklart 1.desember...
Det er ABSOLUTT ikkje noko som ligner juleklart her no. Jo, eg har fått hengt opp julestjerna i vinduet og julekalenderen til dei to små har fått ein finfin plass i trappa, men den lune, varme advents-stemningen er fraværande. Så kan eg hoste opp ein heil del med unnskyldningar for kvifor alt ikkje er på plass, men det er jo verken eg eller nokon andre tent med, så det lar eg være. Røverhuset er ikkje klart, men det blir nok det i løpet av veka.

I går var det første søndag i advent. Då var eg, i år som i fjor, med på adventskonsert i kirka. Ingen adventstid uten konserter... 
Og like sikkert som at det er jul i desember,
 er det at det skal være juleavslutninger i hytt og pine. 
I år blir det heldigvis ei mindre, siden Adrian er blitt "stor". 
Misforstå meg rett... 
Eg syns det er kos med avslutninger og eg ser at ungane syns det er stas å få vise seg fram for foreldrene. Eg får stort sett alltid også skylt ut av tårekanalane mine på desse avslutningane. Likevel så syns eg også at det er litt travelt når fire barn skal ha avslutning på skulen i tillegg til konserter og avslutninger på fritidsaktivitetane. Men vi får vel berre prøve å  nyte det no når det står på, for om nokre år er det nok heilt slutt på det og då er eg sikker på at vi kjem til å savne det litt... Uansett, i dag blei vi ferdig med den første avslutninga.
 Vi har vore på fest og basar i Marthea sin nye klasse.
 Veldig kjekt å møte nye foreldre og bli "kjent" med nye klassevenner. 

Det å skrive juleblogg kan ofte være ei utfordring. Det hender jo alt for ofte at eg rett og slett har glømt å skrive. Det er jo ikkje alltid at det er så mykje å meddele, men eg tenker at denne bloggen er jo mest for min egen del, så då fyller eg den med det som opptek meg. Eg har absolutt ingen visjoner om at veldig mange skal lese mine betraktninger over adventstida, men det er sjølvsagt kjekt om nokon finn det interessant. 
Målet mitt for årets førjulstid er å ha lave skuldre og ikkje sette så store krav til meg sjølv. Eg har nemleg trua på at dersom vi beheld roen så får vi det så innmari mykje kjekkare alle sammen...

Dette var dagen i dag...

Ingen kommentarer: