13 desember, 2014

Det viktigste er å delta...

Då var rumpa godt plassert i sofaen, stearinlysene tent, rundstykker og lussekatter bakt og et hederlig rekordforsøk unnagjort.

Eg har baka frokostrundstykker i dag. Et lite juletips: stikk ut hjerter med pepperkakeform, og vips, så har du hjerteformede rundstykker til julefrokosten (eller bare til å kose deg med når du vil). Det ser ut til at eg blir nødt til å bake llitt fleire runder, men då må vi først spise ut av frysen litt. Det var nemlig supertilbud på brød for to uker siden, og då fylte eg opp frysen. Så derfor er det veldig lite plass til andre ting der no. Kanskje eg skulle ønske meg ny, stor fryseboks av julenissen?

Ja, så var det dette mykje omtalte rekordforsøket då... Det blei ingen rekord, men det var veldig kjekt å sjå at det kom så mange folk! Når eg stod utenfor brannstasjonen litt før tre var eg redd eg måtte gå i tog aleine. Men Florøfolk er litt trege av seg, så når klokka var der, så var det ein stor flokk med store og små som var klar til å gå heile Strandgata til endes og synge "Lucia-sangen" heile veien. Noko offisiell telling hadde vi ikkje, for vi såg at det uansett ikkje blei noko rekord, men dei rundt 300 som kom gjorde eit hederlig forsøk. Og om det er nokon som lurer, så sang vi "Lucia-sangen" 50 ganger på turen! Uten stopp! DET er vel rekord, vel... Stemmebanda mine syns i allefall at det vart i meste laget. Litt tørr i halsen og hes var eg når vi var ferdig, men det går fort over.
Heldigvis var vêrgudane på vår side den lille stunda vi gjekk. Det var sjølvsagt kald vind, men det var opplett og faktisk litt snø i lufta heilt mot slutten av ruta. Akkurat slik vi ville ha det.

Når vi hadde komt oss vel i hus og fått varmen i oss, så var det klart for litt baking igjen. Ingen Lucia-dag uten lussekatter... Det var et lite tilløp til lett panikk her eit øyeblikk... Ja, for Røverhuset har jo vore på flyttefot, og då er det ikkje like lett å finne alt det ein treng til ei kvar tid. No var det altså boka med oppskrifta på lussekattane som var forsvunne. Når den ikkje står i bokhylla så kan den jo være kor som helst... Og det er "dødsviktig"å ha den samme oppskrifta som vi alltid har brukt. Men etter litt leiting så fann vi boka og bakinga kunne begynne.
Så no har vi eit lite berg med lussekatter klare til jul (hvis det er noko igjen då...)
Lurer på om lussekatter passer sammen med rødvin? Det må eg teste ut. Ha ein fin kveld videre....


Ingen kommentarer: