02 desember, 2014

Its beginning to look a lot like Christmas

Tirsdag er min jobbedag. Det er ikkje så mykje eg jobber for tida, men det lille eg klarer er veldig gjevande og oppbyggande. Tirsdag er derfor ein av mine favorittdager. Då er eg først på babysang, og så i barnehagen etterpå. Å ha sangstund med ein flokk bitte-små og litt større babyer er virkelig ei stor glede. Eg kjenner meg så heldig som får lov til å være ein del av det. Lykke.
I haust begynte eg å jobbe litt i Havreneset Barnehage. På tirsdagane har eg kor med 3-, 4- og 5-åringane der. I dag begynte vi på julesangane. Det var sjølvsagt både "Musevisa" og "På Låven Sitter Nissen". Det var stor stas både for store og små. Og eg må jo bare innrømme at eg slit med å holde tårene tilbake når ungane syng for full hals. Barnesang er noko av det mest rørande eg veit. Og igjen føler eg meg kjempeheldig som får lov til å drive med det aller kjekkaste eg veit. Lykke.

Og etter endt arbeidsdag så var det berre å komme seg heim til Røverhuset og sette i gang med lekser og middag. Det gjekk unna som ein leik i dag. Det er ikkje kvar dag det... Eg kjenner jo at eg nesten får litt utslett av lekser. I allefall slik som leksene er no, med felles lekser på ein plan. Hvis det hadde vært mulig å lage lekser tilpassa kvar enkel elev, så hadde det muligens blitt noko som faktisk gav litt læringsutbytte, men å sitte å trumfe ein som er lei og oppgitt før han har fått opp bøkene, er veldig lite motiverande og eg trur egentlig ikkje at han lærer så mykje av det heller. Lekser kunne eg nok ha skreve ei heil avhandling om, men det skal eg spare både meg sjølv og eventuelle lesere for...

Øverst på dagens "to-do-list" stod det "Gjør Røverhuset juleklart". Og det er egentlig med stolthet eg kan meddele at eg faktisk nesten er komt heilt i mål! Å pynte eit nytt Røverhus tok en smule lenger tid enn det eg hadde trudd. Men når eg pakka ned jula i januar så pakka eg jo ikkje med det i tankane at vi skulle flytte i løpet av året... Derfor blei det litt kaotisk her ei stund. Men no er alle nisser og engler og lysestaker komt på plass og eg vil no bere sei at eg syns det blei veldig bra.

Litt av dagens julepynt

Midt oppi rydding og pynting så fekk eg jammen tid til litt mammakos med dei to minste guttane også. Vi såg "The Julekalender" sammen. Guttane er villt begeistra. Dei skjønner ikkje alt, men det er no likevel spennande. Dei har sett den før også, men no var dei litt meir interesserte. Vi merker at dei har blitt større og det syns faktisk eg er VELDIG deilig!

Ingen kommentarer: