16 desember, 2014

Det skal bli andre boller når papen kjem heim!

I kveld blir det blogging frå den aller beste plassen eg veit om. I armkroken til min fantastiske mann! Endeleg er han heimkomen og det er den beste julepresangen eg kan få. No kan vi sette inn det siste giret og få Røverhuset klart til jul!



Den snøen som eg snakka så fint om i går, den var meir eller mindre historie i dag. I allefall her heilt ute ved sjøen. Her var det berre nokre fjon igjen som minna om det kvite teppet som kom i går. MEN når eg kjørte ungane til skulen i dag, så fann eg ut at eg definitivt må bu i "ytre strok", for når vi kom inn til kirka var regnet blitt til snø, og det blei meir og meir kvitt jo nærmere skulen vi kom. Og når eg slapp ungane av ved skulen, var det allerede snøkaos. Så var det å køyre heim igjen og når eg passerte kirka igjen, så blei det mindre og mindre snø, og utenfor Røverhuset var det nesten heilt bart... Merkelig....
Men når eg skulle på babysang litt seinere, var den fine snøen som hadde lagt seg i byen forvandla til noko som minna meir om "Sagogryn-suppa" som vi laga på skulekjøkkenet. Og slik er det nesten alltid når vi får snø her ute i vest. Snø blir til slaps og så er det berre ekkelt.

Ellers så har det vore ein gjennomsnittlig desemberdag i dag. Med avslutning for sangelevane til Kulturskulen, der Torje var med. Resten av veka ser ut til å bli like fullbooka, så det er godt Trond er komt heim. Det er møter, øving, grautfest, avslutning, konsert og endå meir konsert. Det er travelt, men også veldig kjekt.

Og no skal eg krype endå tettare inntil mannen min, ta meg eit liiiite glass vin, og så bloggast vi i morra kveld.

Ingen kommentarer: